Grensespringaren

Dei hadde lagt opp til éi økt om dagen. Trenaren visste ingenting om kva Salum Kashafali dreiv med i smug.

Gjennom eit fast regime av intervaller og drillar haldt dei på to timar på dagtid.

Men om kveldane snørte Kashafali på seg løpeskoa ein gong til, og peisa på i tre timar aleine.

– Etter kvart kjente eg: ‘Oj, dette funkar’.

Det som stod på spel, var eit NM som stadig nærma seg – ein meisterskap 26-åringen følte han måtte vinne.

– Viss ikkje ville eg berre blitt han svaksynte, han som berre var ‘happy to be there’. Viss eg hadde tapt den 100-meteren, så hadde eg slutta, seier Kashafali.

– No var eg han som klarte så mykje meir.

---

Salum Ageze Kashafali

  • 30 år, fødd i Goma i DR Kongo
  • Kom til Norge som kvoteflyktning som tiåring, og har hatt størsteparten av oppveksten i Bergen
  • Utdanna lærar, men er no 100 meter-sprintar på fulltid
  • Paralympisk meister frå Tokyo i 2021 og verdsrekordhaldar frå 2019
  • Tidlegare norsk mester på 60 meter innandørs og 100 meter utandørs for funksjonsfriske
  • Deltar i Paralympics som går frå 28. august til 8. september 2024 i Paris

---

Måtte krype langs golvet

Nokre år tidlegare hadde Kashafali vakna midt på natta. Då han slo opp auga, var alt «berre graut og blurry». Konsekvensane av det han fornemma desse nattetimane, sa han heller ikkje til nokon.

I otta skulle han reise seg frå senga for å hente mat, men han var ustø, kjente han, fann ikkje balansen.

– Eg skjønte ikkje kva som skjedde, anna enn at det var noko som ikkje stemte. Eg skalv. Og eg fekk ein klump i halsen som ikkje slapp.

Til Min Tro-intervju.

Han la seg ned igjen. Ved morgongry slo han auga opp på ny, og utsynet var det same: tåkete og nesten fråverande.

– Då blei eg uroleg. Eg klarte verken å sjå døra eller taket over meg.

Beina ville ikkje bere Kashafali. Langs bakken karra han seg til ytterdøra, og banka på hos naboen. Hadde han fått hjarteinfarkt? Slag?

Dagane på sjukehuset markerer eit før og eit etter. Han som snart var ferdig utdanna lærar, såg no under 5 prosent. Kashafali hadde synssjukdommen Stargarts, fortalde legane.

– Den dagen var livet mitt snudd opp ned. Eg kunne bokstaveleg talt ikkje sjå framtida mi.

Det han skjulte

I sjukehussenga på Haukeland var det som om Kashafali sank enno lenger ned i madrassen. I tårene falda han hendene og vende seg til Gud.

– Det var ei rar kjensle, av at det var noko som berre haldt i meg. Det gav meg ein liten fred, ikkje 100 prosent, men ein liten tryggleik.

– ‘Okei, verda går ikkje under no’.

Beskjeden om at synstapet kom til å vare – ja, bli verre – fortalde han ikkje vidare til nokon.

– Tida etterpå var ein tung periode. Eg kunne ikkje fortelje familien eller vennene kva som gjekk føre seg.

– Du kunne ikkje eller ikkje ville?

Til Min Tro-intervju.

– Eg ville ikkje. Eg ville ikkje at nokon skulle vere bekymra for meg. Eg ville skåne dei, eg visste at dei ville ta det tungt. Men mest av alt ville eg ikkje at folk skulle synast synd på meg.

Då venner etter kvart la merke at han innimellom ikkje såg på dei, eller at han gjekk litt ustøtt, unnskylda Kashafali seg med at han var trøytt eller at han var i si eiga verd.

– Å lyge til familie og venner er ikkje greitt. Eg var ganske langt nede.

– Kvifor ville du takle dette aleine? Og at folk ikkje skulle synast synd på deg?

– Eg kjem frå eit liv der folk med nedsett funksjon ikkje har nokon funksjon i samfunnet. Dei hamnar på gata. Og her i Norge, på skulen, hadde eg sett korleis folk med nedsett funksjon blei behandla.

– Det sat liksom i bakhovudet mitt: Eg kom til å bli plassert som funksjonshemma. Det var ein kombinasjon av Norge og Kongo som smasha saman.

Livet slik Gud ville

Som tiåring hadde Gud hadde tatt Salum og familien på ti ut av leirhytta, vekk frå gatetigginga og krigen i Kongo, heilskinna gjennom ein periode i flyktningleir, via eit Nord-Norge som var kaldt i mange dimensjonar – og til tryggleik og livsgnist i Bergen.

Alt dette umoglege viste seg likevel å vere mogleg. Det var Guds kraft, trudde Salum og familien. Derfor hadde han stor tillit til kva han kunne oppnå med Gud på laget. I hans tilfelle var det å bli fotballspelar.

No som han har tatt eit utal sprintmedaljar frå fleire av dei største løpa i verda, ser Kashafali alt det som raste framfor han på ein ny måte.

– Gud gav meg det eg trong, ikkje det eg ville ha.

Til Min Tro-intervju.

Det er starten av juli når vi set oss ned i plast-klappsetene på Bislett stadion. Og i skrivande stund er 30-åringen nær ved å skulle forsvare Paralympics-gullet på 100-meter, denne gongen i Paris.

I meisterskapsinnspurten lever Kashafali som den toppidrettsutøvaren han har klart å bli, heilkledd i fresh Puma-spons og med folk til å lage mat i ei leilegheit rett borti gata. Kashafali insisterer på å framleis bu i Beregn, nær familien og vennene. Men inn mot Paralympics bruker han fleire og fleire timar på det velkjende tartandekket i Oslo.

No får eg lov til noko eg aldri trudde eg kunne få. Og det er jo eit verdig liv

I hovudstaden brukar han gjerne søndagskvelden i Filadelfiakirken. Å tilbringe søndagen i kyrkja har han alltid gjort, som yngre med litt meir motvilje. Men det var sjølvsagt at familien på ti kledde seg opp og gjekk til gudshuset som hadde eit telt til tak og eit preikebord fremst.

– Det var ikkje meir fancy enn det, altså, seier Kashafali lattermildt.

– Eg likte ikkje så veldig godt å gå i kyrkja – men eg gleda meg alltid veldig til vi skulle danse. Det var måten å takke Gud på og vise glede, og det gjorde vi mykje av.

Hadde dei mat, takka dei Gud. Hadde dei noko til overs, delte dei med naboane. Krigen herja og barn døydde. Men i alt som skjedde, priste familien og kyrkjelyden Herren for livet.

– Det var nokre ord som gjekk om igjen … seier Kashafali og tenker seg om.

«Wow»

Ein kan nærmast sjå på sprintaren korleis desse nøkkelsetningane frå barndommen fér gjennom hovudet hans. Først på fransk og swahili. Så tar han sats, og omset til norsk på sparket.

– Guds verk har ingen feil; Gud tar og Gud gir. Det sa folk alltid.

– Barn og menneske rundt deg døydde i krig då du var liten. Huskar du kva du tenkte om det?

– Når ein blir fødd inn i slike omgjevnader, så veit ein ikkje noko betre. Eg hadde eit supert liv med få bekymringar. Barn er barn, uansett kor dei bur. Så eg visste ikkje så mykje om kva som var der ute. Det var dette eg hadde.

– Eg kjem frå eit liv med masse fin kultur, masse openheit, takksemd og inkludering. Sjølv om vi hadde så lite, så hadde vi så mykje.

– Då eg kom til Norge, tenkte eg wow. Er det sånn livet er?

Til Min Tro-intervju.

Det han ber om før start

Åra som har følgt, har komme med enno fleire grunnar til å takke. 30-åringen har sprengt grenser i landet som gav han tryggleik.

Det seier seg sjølv kva som skjedde den meisterskapen i 2019 som Kashafali følte at han måtte vinne, no som han og teamet legg dei siste brikkene før målet i Paris. Kombinasjonen av trenaren sin kunnskap, og Kashafali si staheit, er oppskrifta, fortel han.

Gud gav meg det eg trong, ikkje det eg ville ha

Før sprintaren går til startstreken, i kvart løp, ber han ei bønn. Men aldri om å vinne.

Dei er mange utøvarar som ber, veit han, og trass alt berre éin som tar gull. Av og til ber fleire utøvarar i lag. Når Kashafali vender seg til Gud før han finn seg til rette i startblokka, er det av andre grunnar.

– Eg har lyst til å ha ein fred over meg. Den freden handlar om at saman med Gud så går det – og viss det ikkje går, så går det også.

– Mi tru er at med Gud i midten, sentral i alt vi gjer, så kan vi oppnå alt, meir enn vi trur vi er i stand til å gjere.

Forholdet til Gud er som eit slags kjærasteforhold, seier Kashafali, litt spøkefullt. Det kan gå opp og ned, han kan føle at dei er nære, så innimellom fjerne, men han veit at Gud alltid er der for han, og at han er elska ubetinga.

Dei fire viktigaste orda

Fordommane mot funksjonsnedsette har han kasta i den virtuelle søpla. Det finst ikkje noko ‘hemming’ i funksjonstap, med mindre samfunnet eller jobben får det til å bli slik, meiner han.

Det handlar om å legge til rette for at folk kan få brukt seg sjølv der dei er best. Då kan det skje store ting.

– No veit eg at moglegheitene mine er større enn avgrensingane mine.

Til Min Tro-intervju.

Sprintaren har blitt eit forbilde han aldri planla å bli. I 2022 mottok han Livsvernprisen med grunngivinga: «for hans åpenhet om sin alvorlige øyesykdom, og hans engasjement for inkludering, mangfold og respekt uavhengig av hvem du er og hvor du kommer fra».

– Det er fire ord som skildrar mennesket for meg, seier Kashafali.

– Eitt liv, uendeleg verdi.

På sine 30 år har han vore gjennom så mykje at han ikkje heilt veit kor han skal starte, seier toppidrettsutøvaren lattermildt.

– Men alt saman har berre gjort at eg … alltid klarar å sjå det positive.

Av kvart menneske han har møtt på vegen frå Goma til Paris, har Kashafali prøvd å lære noko nytt, og ta det med seg.

– Alle menneske har opplevd noko, eller ber på noko, eller tenker på ein måte som eg vil tileigne meg. Så ‘the more I learn, the more I earn’, tenker eg.

– Kven har du lært særleg mykje av?

– Bestemor. Ho har eg opplevd alt med. Eg tigga med henne kvar dag på gata. Vi leid det same. Mens mor var ute og selde ting, og far gjerne måtte vere borte i fleire veker, av og til år, så gjorde bestemor alt ho kunne for at vi skulle ha mat på bordet. Ho har lært oss å hjelpe kvarandre.

---

Paralympics

  • Dei paralympiske leikane er verdas største internasjonale idrettsstevne for syns- og bevegelseshemma.
  • Årets sommarleiker blir arrangert i Paris frå 28. august til 8. september.
  • Norge sin tropp reiser med 18 utøvarar til denne meisterskapen. Fleire er rekna som medaljekandidatar.
  • Sundag 1. september er Salum Kashafalis store dag: Med kvalifisering og (truleg) finale på 100 meter.
  • Kjelde: SNL og NRK.

---

Éin ting er betre enn ein gullmedalje

Å ha ein draum og å ha eit mål er to ganske forskjellige ting i livet til Kashafali. Det han driv med, med piggsko på tartandekk, er mål.

– Eg har ikkje villa kalle det for draum, for då stoppar det før det kan bli meir.

– Kva meiner du?

Til Min Tro-intervju.

– Eg huskar at før mitt første Paralympics så tenkte eg at draumen min er å bli paralympisk meister. Men då eg sa det til bestemor, sa ho: «Viss det er draumen din, har du sett avgrensingar. Tenk kva meir du kan oppnå, kva større ting du kan ha framfor deg».

– Så viss du har oppnådd det du kallar draum, så er det «check», liksom, du kryssar det av på lista?

– Ja, orda våre er mektige. Draum er eit stort ord.

– No får eg lov til noko eg aldri trudde eg kunne få. Og det er jo eit verdig liv, som eg får lov til å leve på mine eigne premissar, takka vere Gud.

Resten av draumane held han for seg sjølv. Bortsett frå den om å møte ho som skal bli kona hans ein dag.

Kva mål han har for Paralympics, derimot:

– Idrettsmessig er det éin ting som er betre enn ein gullmedalje. Og det er to gullmedaljar.

– Og det er éin ting som er betre enn to gullmedaljar, så er det tre gullmedaljar, seier han og ler.