Mindre ‘meg’ i monitor

Det kjem overalt, spørsmålet ho fryktar.

– Dette er det verste eg veit.

Kor kjem du frå?

Hedvig Montgomery veit ikkje heilt. Litt Uppsala, litt Bergen, litt Oslo.

Spørsmålet set henne likevel ikkje ut. Men at ho aldri slo røter, har prega henne, og gjer det framleis.

– I og for seg er eg glad for å ha opplevd det, seier den folkekjære psykologen.

For all rundtflyttinga har kanskje gjort henne mindre opptatt av kva andre tenker om henne – ein fordel for ei som opptrer offentleg.

Ho har opptredd i mange miljø, og er blitt vant til å tilpasse seg.

– Men kjensla av å ikkje vere frå ein stad … er udefinerbar.

– Den har eg verkeleg ikkje ønskt for mine eigne barn. Eg har ønskt at dei skal vite kor heime er.

---

Hedvig Montgomery

  • 55 år, fødd i Uppsala i Sverige
  • Gift med Kjetil. Har tre barn
  • Bur på Frogner i Oslo
  • Psykolog, spesialist innan familie- og parterapi
  • Bestseljande forfattar, og serien Foreldremagi er omsett til 23 språk
  • Har nyleg gitt ut Samarbeidsmagi – syv steg for å oppdra lykkelige barn i to hjem
  • Har podkasten og spalta Foreldrekoden i Aftenposten

---

Tannlaus på trikken

På seg sjølv kjenner ein andre, blir det sagt. Men det er på andre at Hedvig Montgomery kjenner seg sjølv.

– Den litt moderne oppfatninga av kven eg er, er at det ligg inni meg. Typ «eg er 100 prosent meg sjølv».

– Men eg trur ikkje det. Kven eg er, ligg jo i kven eg møter, korleis eg blir spegla tilbake igjen.

Smiler folk til Hedvig Montgomery på gata, eller slår dei forbipasserande blikket ned?

Psykolog Hedvig Montgomery. Samarbeidsmagi.

– Alle som har slått ut tenna … seier Montgomery og smiler lurt, og fortel at ho i tjueåra gjekk på trikken med fire utslåtte tenner etter ei sykkelulukke.

– Då kom billettkontrollørane rett bort til meg. Eg såg jo ut som ein rusmisbrukar, ikkje sant. Det var det eg blei sett som.

– Herlegheit, eg ser jo pussig ut

Sild, røykt skinke, Västerbottenost og kardemommebollar. Konditoriet med mormor. Gjenstandane frå den svenske barndommen gir gjengklang.

– Eg synest det er deilig med svenskar! Dei ser meir ut som meg, dei snakkar svensk utan å skjemmast.

– Det er framleis litt sånn at å snakke svensk liksom ikkje går bra. Det var alltid flaut då vi budde i Bergen.

– Kvifor?

– Svensk var jo pinleg på 70-talet. Det var Prima Vera og svenskefaen.

– Flyttinga har gjort deg mindre opptatt av å bli likt, sa du. Er det noko du er disponert med, eller noko flyttetilværet lærte deg?

– Eg er heilt sikkert opptatt av å bli likt, men eg har gitt det opp. Eg trur ikkje eg kjem til å bli det, så eg orkar ikkje bruke krefter på det.

– Herlegheit, eg ser jo pussig ut, skyt ho inn, og gir eksempel:

Ho skjelar, har overbit og er blind på eit auge.

– Eg følte meg aldri pen. Ballsport fekk eg i alle fall ikkje til. Dei der ballane som kjem mot ein i rasande fart, det var berre superskummelt.

– Då får du på ein måte berre avfinne deg med at sånn er det.

– Klarar du det?

Psykolog Hedvig Montgomery. Samarbeidsmagi.

– Eg føler det. Eg har vel følt at ingen nokon gong skulle kunne elske ein sånn som meg, men herlegheit; eg er jo gift for andre gong, då, seier Montgomery og ler.

– Eg har nydelege barn og gode venner. Livet mitt er blitt mykje betre enn eg hadde sett for meg.

Der arbeidsmoralen kjem frå

Klappsetene i auditoriet ved Universitetet i Bergen var brune, og vonde å sitte på. Året må ha vore 1972 då familien stilte seg opp frammi salen og blei fotograferte. Bildet hamna i Bergens Tidende, for mor, Ingun Montgomery, disputerte med doktoravhandlinga si. Etter kvart: Norges første kvinnelege teolog.

Ved kjøkkenbordet sat yngstedottera og streka under på ark ved sida av mor. Hedvig «jobba» òg, gjorde slik mor gjorde.

Ingun Montgomery var ein pioner. Det å vere akademikar, karrierekvinne og firebarnsmor hadde få i Norden gjort før henne.

– Kvinnene i den generasjonen, dei ofra ganske mykje. Å finne ei heilt ny kvinnerolle i praksis var ganske kraftig. Det å jobbe så ekstra hardt som det du måtte som kvinne …

– Eg har i alle fall lært meg å jobbe av henne.

I teorien var ikkje Ingun Montgomery noko kvinnesakskvinne.

– Men i praksis så var ho jo det. For meg har det vore mykje lettare å kombinere å ha barn og jobb. Så eg er veldig takksam for dei som gjekk framom.

Mi tru handlar om at det er så mange store spørsmål her at eg treng å undrast saman med nokon

Det ordentleg viktige

Ordet «eg» forsvinn, stadig og nesten umerkeleg, frå vokabularet til terapeuten medan praten går.

Det skjer ikkje brått, og verkar heller ikkje uvillig. Det er berre som om «vi», «du», «man», «barna», «ungdommane» ligg meir naturleg i munnen hennar.

– Viss du spør meg kva eg er opptatt av på ordentleg …

Montgomery smakar på spørsmålet ho har fått.

Psykolog Hedvig Montgomery. Samarbeidsmagi.

At ho er interessert i musikk, litteratur og kunst er inga hemmelegheit, som ho seier. Men kunstuttrykka er verkeleg essensielle for henne – og eksistensielle for å vere menneske.

Sit vi nedlest i kjærleikssorg eller opplever krig, finst kunsten som ein spegel. Nokon har uttrykt det vi kjenner på ein måte som kan vibrere i oss, forbi orda; gi oss trøyst, kvile, medkjensle, innsikt.

– Dette eksistensielle språket gjer at vi ikkje berre er meg og mitt. Gjennom kunsten og kulturen blir vi del av ein større vev, av tradisjonar, av historia. At det har skjedd før.

Trebarnsmora oppfattar at samfunnet vi har laga oss ikkje verdien i kunst og kultur som livsnødvendig på denne måten.

– Vi har laga ein oppvekst med veldig lite opplæring i dette språket.

– Du kan gå gjennom ein heil skulegang og ha ein musikklærar som ikkje er noko opptatt av musikk. Du kan ha ein kunst- og handverkslærar som får veldig få timar, og kor du ikkje gjer noko anna enn å kjempe med strikketøyet.

– Og eg trur at dette er å gjere oss som samfunn kollektivt dumme.

Riggen vi har laga rundt mennesket – og barna – gjer oss ikkje robuste nok, trur psykologen.

– For når livet slår imot deg, så treng du dette språket.

– Absurd!

Ho hugsar det enno. Hedvig var kanskje ti år då ho forventningsfullt trekte LP-en ut av omslaget, la plata på spelaren og justerte stifta.

– Den der forventninga når stiften fell nedpå, og no begynner det snart.

Det var Beethovens femte symfoni, dirigert av Herbert von Karajan, som smalt ut av høgtalarane.

– Som tiåring er det vanskeleg å føle seg spesielt vellukka, seier Montgomery.

Ho siktar antakeleg til seg sjølv, og kva som låg inni henne i denne augeblinken med Beethoven.

– Men akkurat då var det noko som berre var mykje større enn meg.

Psykolog Hedvig Montgomery. Samarbeidsmagi.

– Kva er gir kunsten oss, som vi ikkje klarar å fange «sjølv»?

– I dette rasjonelle språket, som dessverre min profesjon har falt helt nedi gryta med …

– Så har vi laga oss ei «sånn skal det ikkje vere»-verd, ei «ingen skal trenge å oppleve det»-verd. Det er den nye måten å snakke om ting på. Vi seier «sånn skal du ikkje ha det» viss nokon opplever noko vanskeleg.

– Som er heilt absurd!

Vi har laga ideal som nesten knusar oss, fordi det går ikkje

Dette skjer i kyrkjebenken

På eit tidspunkt i livet skjønar jo dei fleste av oss at vi faktisk ikkje er så gode i fotball.

Samlivet kan gå i knas. Einsemda kravlar innpå. Foreldra våre døyr.

Vi gjer kvarandre ei bjørneteneste når vi seier slikt som at «sånn skal du ikkje ha det», synest Montgomery.

– Det er så uperfekt verda er. Skal du kjenne på lykke, så må du kjenne på ulykke. Eg trur desse motsetningane er noko av det som gjer livet rikt.

Når, klisjéaktig nok, eit bilde seier meir enn tusen ord, forstår vi kanskje kva Montgomery snakkar om. Kunsten når samansette bokstavar er større enn seg sjølv.

55-åringen kjenner noko av det same når ho går i kyrkja. I rituala finn ho kvile.

Til kyrkjebenken gjekk ho med graviditetane som ikkje blei. Med kjærleiken som glapp.

– Når du opplever at ting er ute av dine hender, er det å kunne gå inn og sette seg ein stad og ta imot, kor du ikkje blir vurdert …

Psykolog Hedvig Montgomery. Samarbeidsmagi.

– Kyrkja er ein stad kor det blir stille. Då er det verken noko eg må gjere eller uttrykkje. Der kan eg berre få lov til å vere. Og då er det faktisk lettare å leve med.

– Ein er heldig viss ein har funne ein slik stad.

Barna og Bibelen

Mesteparten av livet til Montgomery handlar, kanskje overraskande, om å ikkje vite.

Ho er ein ekspert som aldri ønskte seg til den posisjonen. No blir psykologen stadig spurt etter ein fasit.

– Men når menneske kjem til meg, så er det faktisk min jobb å ikkje vite kva det er dei strever med. Eg kan ta feil viss eg antar for mykje før eg har funne ut av det.

– Det å ikkje vite er ein vesentleg posisjon, også for å vere eit godt menneske.

Slik har ho det òg med Gud.

– Mi tru handlar ikkje om at eg veit at det finst ein Gud. Mi tru handlar om at det er så mange store spørsmål her at eg treng å undrast saman med nokon, i lag med nokon som ikkje har definert allting.

Gud er utanfor orda til den taleføre psykologen.

– Men at det finst ei kraft som er større, og som ikkje kan fangast på den måten av meg, det trur eg.

– Vi snakka om noko som er utanfor orda i kunsten. Trur du ein fornemme Gud i dei uttrykksformene? Kan ein fornemme Gud i Bach?

– Det kan ein! Iallfall eg, seier Montgomery humrande.

Psykolog Hedvig Montgomery. Samarbeidsmagi.

– Noko går rett på dei emosjonelle strengene – forbi det rasjonelle.

Ho les gjerne Bibelen som ei bok. Sidan barndommens kyrkjegang med mormor, og skulebenken, har forteljingane vore ein sjølvsagt del av danninga.

I motsetning til henne og andre 55-åringar, ser ho at barna ikkje har den same sjølvsagtheita rundt bibelhistoriene.

– Eg er heile tida sånn: Hæ, har du ikkje hatt om dette på skulen?

– Kva går tapt når ein ikkje kjenner til desse forteljingane?

– Det å lære seg eit språk som er større enn berre orda, er ganske vesentleg. Eg trur vi har hatt eit par generasjonar no kor vi ikkje har vore heilt merksame på det barna går glipp av når dei berre lærer seg ord-for-ord, og ikkje desse større samanhengane.

– Dei som viser at dette har skjedd før. At det er sånn livet er.

Nådelaust

Diagnosespråket som yrket til Montgomery opererer med, er kategorisk. Bibelspråket er tvitydig.

– Eg trur ikkje at dette diagnosespråket er særskilt nyttig. Ein kjenner på ein uro – men er det angst, eller berre uro?

– Mange av bibelhistoriene kan lesast på mange måtar. Dei kan tolkast, og ein kan legge merke til forskjellige ting etter kvart som ein blir eldre og opplever ting.

– Så om ein går glipp av noko viss ikkje? Det er heilt openbert at eg tenker ja om det.

Det er ikkje det same som at Montgomery meiner at alle skulle vore kristne. Samtidig meiner ho at ein del ting ho frå Bibelen, er ting vi menneske kunne trengt meir av.

– Som samfunn treng vi nokre stader som er meir rause med menneske.

– Tenker du på nåde?

Psykolog Hedvig Montgomery. Samarbeidsmagi.

– Berre ein så banal ting som at om ein politikar gjorde noko feil for 15 år sidan, og så kan det når som helst bite ein bak, og det finst ingen måte å komme seg ut av det på …

– Ein skal aldri ha gjort noko feil. Og ikkje berre det: Det settet med moralske reglar som vi sit med no, skal kunne brukast bakover.

– Då står vi der plutseleg i et veldig hardt samfunn utan nåde. Og eg trur ikkje det er nokon god stad for nokon. For det å kunne bli eit betre menneske, det å kunne komme tilbake, det å få lov til å gjere betre, er vel eigentleg det som definerer eit godt samfunn.

– Kva opplever du at Bibelen og dei forteljingane seier om dette inn i vår tid?

– Spesielt i Det nye testamentet så er det flust med tekstar som handlar om ein andre sjanse. Om det er å komme seg frå å vere urein, eller å ta imot ungdommen som har vendt ryggen til deg.

---

4 raske

  • Gud er: Større enn orda kan romme, og i alt.
  • Eg klarar meg ikkje utan: Forutan mann, barn og hund? Det må vere fyllepennen min.
  • I gravferda mi skal desse spelast: Nærmere deg, min Gud og Deilig er jorden.
  • Boka alle må lese: Tja, sei det. Det er faktisk veldig mange! Men Primo Levis «Hvis dette er et menneske» trur eg høyrer til dei.

---

Ei vanskeleg oppskrift

Vi kan snakke om TikTok og sosiale medium «til vi stupar», seier psykologen. Så vi lar det vere med det.

Montgomery har skrive seks bøker om barn – men no føltest det maktpåliggande å gi ut ei bok om samlivsbrot. Å skulle skrive enkelt om noko så krevjande, sette forfattaren fast.

– Det eg kanskje jobbar mest med, er å finne det språket som ikkje gjer dette banalt. Fordi det er aldri banalt. Det er aldri «slik gjer du».

– Det å vere menneske er komplekst, det er vakkert, det er skittent og rotete.

For å setje psykologen på spissen: Standarden vi har sett for å vere menneske, er blitt umenneskeleg. Verken på jobb eller på skulen eller blant venner skal vi måtte oppleve noko vondt.

– Vi har laga ideal som nesten knusar oss, fordi det går ikkje. Det er ikkje i pakt med naturen eller sånn livet er.

Montgomery stoppar opp – no tar ho seg sjølv i noko. Jo lenger vi har snakka, jo tydelegare merkar ho at er hard mot si eiga samtid.

– For det er kanskje ikkje nødvendig. Kanskje er dette òg ein del av korleis det alltid har vore.