Sjølv om talet på ledige prestestillingar sakte blir mindre, er endå ikkje Den norske kyrkjas (DNK) jobb ferdig gjort. Store kull kjem til å gå av med pensjon i åra som kjem.
Kyrkjas rekrutteringsarbeid held derfor fram, og blir bakgrunn for to viktige saker på Kyrkjemøtet til hausten. MF vitenskapelig høyskole vil stå «skulder ved skulder» med DNK i bemanningsutfordringa, og får no 5,6 millionar kroner frå regjeringa. Eitt av måla: Å utdanne fleire prestar til distrikts-Noreg.
– Med denne erfaringsbaserte, fleksible mastergraden, håpar me å bidra inn i den såkalla prestemangelen, fortel praktikumsleiar Knut Tveitereid ved MF.
I morgon uteksaminerer utdanningsinstitusjonen 29 ferske prestespirer. Det er ikkje verst, meiner Tveitereid, men veit at det er for få til å fylle DNK med prestar i framtida.
[ Stor landsoversikt: Her manglar det flest prestar – nokre område er «knallrøde» ]
Fysiske møter – med digital hjelp
– Teologi er ei av dei eldste utdanningane me har i verda. Så det å la teologien møte den mest cutting-edge teknologien er ein hybrid kor litt av kvart kan skje, seier praktikumsleiaren.
MF er ein av institusjonane som planlegg å tilby eit kortare prestestudieløp for kandidatar over 35 år, som DNK har godkjent på bakgrunn av erfaring eller tidlegare utdanning. Dette nyaste tilskotet heiter TeoFlex, og no skal MF utforske kva moglegheiter som ligg i å bruke digitale verktøy.
Slik kan kandidatar som ønsker å kvalifisere seg til å bli prest på deltid, men ikkje har høve til eit campus-basert program, få eit tilbod likevel.

– Eg kan vanskeleg sjå for meg at presteutdanninga kan bli heildigital. Det å vere prest handlar jo om å møte menneske og rom – i den verkelege verda. Men mellom samlingar på campus finst det spennande pedagogiske moglegheiter som det digitale kan åpne for, seier Tveitereid.
Å vere prestestudent består av mykje øving. Øving på liturgi og ulike situasjonar.
– I løpet av koronatida har me gjort oss spennande erfaringar med å øve digitalt. Med midlane me får no kan me hente inn spisskompetanse på eit felt me ikkje har på huset. Dei flyttar òg distriktsperspektivet lenger fram i utdanninga, seier praktikumsleiaren.
[ Teologistudentar kan velje og vrake i prestestillingar. Derfor tar dei ikkje kva som helst ]
Minister: – Prestemangel er utfordrande for lokalsamfunn
For regjeringa, og trus- og livssynsministeren, er bevillinga til MF nettopp eit distriktstiltak. I håp om å få endå fleire til å ta utdanning, opna regjeringa denne veka eit nytt distriktsprogram, med slike digitale og fleksible studietilbod.
– Dette skal kunne bidra til å utdanne fleire prestar, særleg utanfor storbyregionane, seier Kjell Ingolf Ropstad.

– Prestar utfører viktige samfunnsoppgåver over heile landet. Det å ha prestestillingar ståande vakante over lengre tid kan vere ei stor utfordring for eit lokalsamfunn.
Trus- og livssynsministeren håpar denne fleksible ordninga vil gjere terskelen lågare for å starte på utdanningsløpet – og på sikt bidra til fleire prestar i Noreg.
Kantina formar prestar
Også for Presteforeningen er det nye studieprogrammet gode nyheiter.
– Spesielt for dei som vurderer presteyrket som andrekarriere, så trur eg at det å måtte flytte til Oslo, Bergen eller Stavanger er ein terskel som hindrar enkelte i å få det til. Dette er eit godt bidrag til rekrutteringa, seier leiar Martin Enstad.

– Kva tenker du om at desse studentane ikkje blir ein del av det fysiske fagmiljøet?
– Det er nok noko som går tapt ved det. Det foregår mykje formasjon av prestar i kantina og i dei daglege samtalane i studiefellesskapet.
– Samtidig innser me at ikkje alle har høve til å gjere den prioriteringa, og dette kan hente inn kandidatar som bringer med seg andre livserfaringar og yrkesbakgrunnar som kan vere verdifulle for prestetenesta, seier Enstad.
[ Korleis bør framtidas kyrkje sjå ut? No kan «heile Noreg» få seie meininga si ]