Religion

Prestemangelen minkar i Norge: – Overraskande utvikling

REKRUTTERING: Det har blitt spådd at Norge kan mangle 200 prestar om fire år. No har Den norske kyrkja fått ei uventa positiv løypemelding.

I starten av fjoråret sto 115 preste-årsverk ledige i Den norske kyrkja (DNK). På eitt år har gapet minka med 19 årsverk.

I januar 2021 var nemleg 96 prestestillingar ledige.

– Dette kan vere teikn på ei positiv utvikling. Det er ganske overraskande at situasjonen har forbetra seg så mykje som dette, seier Jan Christian Kielland, avdelingsleiar for kyrkjefag og økumenikk i Kyrkjerådet.

Vel prest som karriere nummer to

I 2020 slutta 66 personar som prest, 41 av dei pensjonistar – omtrent slik Kyrkjerådet hadde rekna med. Slik kom dei nye til:

  • 29 nyutdanna.
  • 22 frå ei anna kyrkjeleg stilling.
  • 27 frå andre stillingar utanfor kyrkja.

Med dette bakteppet ser Kielland at arbeidet med å kunne velje prest som «andrekarriere» har vore viktig.

– Det vil vere ei rimeleg tolking. Søknadane til desse alternative vegane har auka dei siste to åra. Enkelte har hatt lite utdanning å ta igjen, så sånn sett er ikkje betringa heilt overraskende. Men talet er mykje meir positivt enn me hadde trudd, seier avdelingsdirektøren.

Kirkemøtet 2020, fredag.

Fortsatt mange «vaksne»

Kvar tredje DNK-prest var over 60 år i 2017.

– Når ei så stor av rekrutteringa kjem frå andrekarriere-kandidatar, så endrar ikkje dette seg veldig. Det tar tid før dei unge me får rekruttert er ferdig utdanna.

– Men: Det er først og fremst utruleg positivt at 40- og 50-åringar vil bli prestar i DNK, seier Kielland.

Då prestemangelen i Norge blei talfesta i 2017, vekte bildet og framtidsutsiktene uro. Sidan har det blitt sett i gang fleire prosjekt for å betre situasjonen. Eitt av dei er Den norske kyrkjas nye rekrutteringsstrategi, som blir ei viktig sak på Kyrkjemøtet i 2021.

– Me skal på ingen måte slappe av, og tenke at jobben er gjort. Det er litt farleg å ta eitt tal eitt år til inntekt for at heile situasjonen er i betring, seier Kielland.

Den nedadgåande prognosen gjeld fortsatt, sjølv om den kanskje kan justerast litt etter denne nye rapporten, seier avdelingsdirektøren.

– No er det full fart med rekrutteringsarbeidet, fortel han.

Fryktar flukt frå andre stillingar

Kielland har oppdaga eit uromoment i dei nye tala: Fleire går frå å vere diakonar eller kateketar til å ta siste del av utdanninga for å bli prest.

– Dette må me vere obs på. Er dette ein tendens, må me jobbe endå hardare med å rekruttere diakonar og kateketar, seier han.

«Banken» av personar med liknande utdanning, som kan bli prestar på få år, kan òg kome til å minke.

– Tar me ut heile reserven av folk som blir prestar no, fordi dei veit det er behov for det? Korleis blir det då framover?

Skjebna til evalueringsnemnda, som gir grønt lys for dei som vil gå alternative vegar til presteteneste, skal til Kyrkjemøtet etterkvart.

– Det vil òg ha tyding for presterekrutteringa framover, seier Kielland.

Martin Enstad i Presteforeininga meiner det må bli tydelegare at presteyrket gir rom for fagleg utvikling.

Jobben er ikkje gjort

– Det er kjempeflott at det no er færre plassar kor prestestillingar står ledige, seier Presteforeiningas leiar, Martin Enstad.

Likevel trur han ikkje utfordringa med rekruttering er over med det første. Store kull kjem til å gå av med pensjon, og tala kan svinge frå år til år.

– Me har fortsatt behov for ei sterk satsing, spesielt blant unge. I tillegg er andrekarriere-prestar, og å få henta tilbake prestar som jobbar i andre samanhengar, viktige middel, seier han.

Når så mange av dei nye prestane kjem til i vaksen alder, vil den skeive aldersfordelinga vare. Det må ein vere bevisst på i rekrutteringsarbeidet, meiner Enstad.

– Å ha eit presteskap som er spreidd i kjønn og alder er viktig for korleis kyrkja framstår. Det er ikkje noko gale med oss som er godt vaksne, men kyrkja treng òg yngre ansikt, seier han.

Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion