Religion

Teologistudentar kan velje og vrake i prestestillingar. Derfor tar dei ikkje kva som helst

REKRUTTERING: Den norske kyrkja treng dei til teneste. Dette må til for å kapre dei komande prestane.

Semesteret nærmar seg slutten, og teologistudentane sit lange dagar på lesesalen. Sigurd Navrested Wennesland skal levere masteroppgåva si ved MF vitenskapelig høyskole i desember, men jobbar iherdig for å ha så mykje som mogleg klart til sommaren. Om halvanna år, som nyutdanna prest, står ein arbeidsmarknad og ropar på han.

— Me som studerer no er i ein sinnssjukt privilegert situasjon. Mine medstudentar, og prostar og biskopar, er veldig klar over det, trur eg. Det er kjøpars marknad, og me har fleire kort på hand, seier Navrestad Wennesland, som sit i studentrådet på MF.

96 årsverk stod ledige i Den norske kyrkja (DNK) ved årsskiftet. Bunkane med søknadar til prestejobbar har blitt mindre og mindre dei siste ti åra, ifølge fleire bispedømme. Dei unge prestane er sårt trengde.

Frieri på restaurant

Også studentane på Teologisk fakultet (TF) veit at dei er ettertrakta. Christine Josephine Andreassen, som straks er ferdig med praktikum, har blitt tatt med på gratis sushimiddag og fleire restaurantbesøk som frieri frå bispedømma til å ville jobbe hos dei.

— Som student er det jo veldig godt med ein påspandert middag, men eg skulle ønskt at kyrkja var endå meir aktive og involverte i studietida vår. At dei pushar oss til å ville søke jobb i bispedømmet sitt, mellom anna ved å gi høve til endå betre sommarvikariat.

Christine Josephine Andreassen vokste opp i et pinsekarismatisk menighetsmiljø, som mente at ekteskapet er den eneste riktige rammen for seksuelt samliv. – Jeg tror det er viktig å ikke betegne sex før ekteskapet som synd, sier hun.

Andreassen fortel at fleire ho kjenner, som har reist til andre kantar av landet for sommarjobb i kyrkja, har budd på bitte små hyblar og fått dårleg lønn. Det er dårleg rekruttering, slik ho ser det.

— Det hadde vore gunstig om det blei til rette for endå meir praktisk kyrkjejobb i løpet av dei seks åra våre som studentar. Kva om ein kunne hatt ei kyrkjeleg stilling ved sida av — utan å jobbe seg i hel — og at det kunne talt som studiepoeng?

— Det er i praksis eg har fått stadfesta kallet til å bli prest, og der eg definitivt har lært mest, fortel Andreassen.

Studentane fortel at nokre bispedøme kontaktar dei direkte, og tydeleg gjer seg synlege og forsøksvis attraktive. Nokre peiker seg ut, som dei vil berømme: Nord- og Sør-Hålogaland, Nidaros, Tunsberg, Møre og Hamar. Dei understrekar at andre kan ha andre inntrykk.

Treng støtte i staben

Maryam Trine Skogen er snart ferdig på TF, og har allereie sikra seg jobb. Til hausten startar ho som kapellanvikar i Høvik kyrkjelyd i Bærum. At det var nettopp ei kapellanstilling ho sa ja til, er ikkje tilfeldig.

— Eg er blant dei som ikkje vil vere sokneprest i min første jobb. Det handlar om at eg manglar den erfaringa eg tenker ein sokneprest bør ha. I tillegg synest eg det er viktig å ha kollegaer i nærleiken, som eg kan få støtte frå og samarbeide med, fortel Skogen.

Maryam Trine Skogen trives godt i Oslo domkirke. – Her føler jeg det er en slik takhøyde. Alle er velkommen, om du er muslim eller kristen eller jøde. Det er et ekte gudshus som ikke diskriminerer noen, sier Skogen.

Også Andreassen har sikra seg stilling etter studietida, som kapellanvikar i Ris kyrkjelyd i Oslo. Wennesland ved MF luktar på same type stilling når praktikum nærmar seg slutten.

— Det er ganske uaktuelt å dra ein plass kor eg må vere sokneprest åleine. Det handlar om kva eg meiner er forsvarleg når det kjem til gravferd og alvorlege saker ein møter. Då vil eg ha ein støtte, litt nærmare enn ein prost halvannan times køyretur unna.

— Ein stab, kor det er andre fast tilsette, kor eg kan kvile litt på kompetansen til dømes ein trusopplærar, er viktig for meg, fortel MF-studenten.

Ein ny generasjon prestar

Streiken blant kyrkjearbeidarar i vinter sette ein støkk i både Wennesland og Andreassen. Ja, presteyrket er unikt, erkjenner dei. Men dei trur at deira generasjon er meir bevisste på rettferdig lønn og gode arbeidsforhold enn tidlegare generasjonar prestestudentar.

— Det nyttar ikkje å få lønn i himmelen utan lønn på jorda, til mat på bordet eller råd til ein plass å bu. Det handlar om respekt for vår seksårige profesjonsutdanning. Me har gått eit like langt studium som psykologar og legar, men likevel er det mange som tenker annleis om vår jobb, seier Christine Josephine Andreassen.

«Eit ganske heftig slag i trynet» kallar Sigurd Navrestad Wennesland skrekkscenarioet Presteforeningen viste fram ved vinterens streik: Å risikere å tene 60.000 kroner mindre enn noverande prestar.

— Det var provoserande, og enormt anti-rekrutterande. Eg opplever ikkje at me er urettferdig kravstore.

MF

— Me må bli lønna for den spesialkompetansen me har, om kva det vil seie å vere kyrkje, og fortolke tekst, i dag. Det kostar pengar å ha folk med denne kompetansen, og kyrkja må vise at ho er villig til å betale for den.

Wennesland, som har eit barn på veg, legg ikkje skjul på at pragmatikken hadde vunne eit dilemma.

— Eit åndeleg kall eller ikkje: Hadde eg risikert å få så dårleg løn at eg sto med studielån resten av livet, og lite å leve av, hadde eg definitivt valt ein jobb med betre lønn.

Distriktsproblemet

Rekruttering til mindre sentrale område er ei vedvarande utfordring. Utdanningane finst i store byar, og mange etablerer seg undervegs. Wennesland er spent på om det finst gode løysingar om kyrkja organiserer seg annleis.

— Eg har ikkje svaret, men eg trur kyrkja kunne vunne noko ved å omstrukturere nokre stillingar, og sjå på kva slags jobbar ein tilbyr. Kanskje ein kan gjere om nokre soknepreststillingar til kapellan, og sentralisere meir? Det er rein gjetting, men ei utfordring til Kyrkjemøte-plan, seier han.

For alle tre speler geografi inn i kor dei tar seg jobb. Maryam Trine Skogen er vaksen, og har etablert seg i Oslo. Men hadde ho vore yngre, ser ho løysingar i enkelte distrikts-bispedømme som kunne vore freistande.

— Nokre legg til rette for ei meir fleksibel arbeidstid. Prestane jobbar ekstra mykje i periodar, og får meir enn kvar fjerde helg fri. Då går det an å vere pendleprest. Eg trur ikkje ein skal undervurdere gode som flyttetillegg og sponsing av lappen som rekrutteringsgrep, seier ho.

Christine J. Andreassen, datter av Jan Aage Torp,

Vil dytte kyrkja framover

Studentane har gjort grundige undersøkingar rundt kyrkjelydane dei vurderer jobb hos. At det er rom for teologien deira, er viktig. Christine Josephine Andreassen kunne gjerne ha jobba i eit konservativt bispedømme. Men sidan ho snart blir sambuar, og har ei liberal tilnærming, kor ho ønsker å vie skeive og fråskilde, trur ho fleire ikkje ville tilsett henne. I prestetenesta ønsker ho å bidra til å dra kyrkja inn i framtida.

— Eg har tru på ei kyrkje som er relevant, og som markerer seg tydelegare i viktige spørsmål i samfunnet. Tør kyrkja å vere open for utvikling? Viss stadig færre kjem på gudsteneste sundagar klokka elleve, skal me sjå litt på det? eksemplifiserer ho.

Før Maryam Trine Skogen la inn jobbsøknadar i vår, prøvde ho å finne ut kva rolle kyrkja spelte i nærområdet.

— Det er ikkje slik at eg ikkje kan ta ein jobb der få kjem på gudsteneste — men eg må seie det hadde vore kjekt om benkene blei fylte av og til.


Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Mer fra: Religion