Korleis bør framtidas kyrkje sjå ut? No kan «heile Noreg» få seie meininga si
ORGANISERING: Over 1850 instansar får eit halvt år på seg til å seie korleis dei vil at Den norske kyrkja skal vere. – Viktig at alle er med på dette, seier preses.
KYRKJEDEMOKRATI: I praksis kan alle i heile landet sende høyringssvar til forslaget om organisering av Den norske kyrkja. Kyrkjerådsleiar Kristin Gunleiksrud Raaum og preses Olav Fykse Tveit oppmodar alle ansvarlege i kyrkja om å delta.
Ole Martin Wold
Eit arbeid som har pågått i 16 år tar no eit stort steg vidare: Forslaget til korleis Den norske kyrkja (DNK) skal organiserast har akkurat blitt sendt på høyring.
Landets største organisasjon har no 3.655.556 medlemmer. Denne spørsmålsbunka går ut til over 1850 instansar, mellom anna alle landets sokneråd og fellesråd. Men etter offentleglova kan privatpersonar òg avgi høyringssvar. I praksis kan alle som ønsker no få seie meininga si det neste halve året. Fristen for svar er 1. desember.
– Det som skjer no er veldig viktig. Dette handlar om å få til god leiing, at me blir ein attraktiv organisasjon å jobbe i – men ikkje minst handlar det korleis me skal vere kyrkje oppi det heile, seier kyrkjerådsleiar Kristin Gunleiksrud Raaum.
Bestill abonnement her
KJØP