Religion

Stor landsoversikt: Her manglar det flest prestar – nokre område er «knallrøde»

PRESTEMANGEL: Urovekkande tal har fått Den norske kyrkja til å ta grep for å betre ei prestebemanning som går nedover. Her kan du sjå kor tilstanden er verst – og best – i landet.

For mange nærmar seg pensjonsalder, og for få utdannar seg.

Det er det forenkla bakteppet for anslaget om at Den norske kyrkja (DNK) kan mangle 200 prestar innan 2024.

Symptoma er avdekka, diagnosen er stilt, og rehabiliteringa har begynt: Men korleis står det til med prestetilstanden rundt i landet akkurat no?

Her manglar det flest prestar

Trykk på dei ulike områda på kartet for å sjå korleis situasjonen er i det enkelte bispedømmet.

Tydeleg nedgang dei siste ti åra

For å få best mogleg oversikt har Vårt Land kontakta alle bispedømene i heile Norge. Utanom dei to som ikkje har svara, er resten ganske samstemte om situasjonen:

  • Generelt har det blitt vanskelegare å rekruttere til prestestillingar dei siste ti åra. Mange melder om færre søkarar per stilling.
  • Mange stillingar må lysast ut fleire gonger på grunn av få søkarar.
  • På grunn av alderspensjon, ser fleire for seg at behovet for prestar vil auke.

– Det har blitt vanskelegare å rekruttere dei siste ti åra, stadfestar personalsjef Tom Elvebakk i Nidaros bispedøme.

Dei brukar dei sentrale strøka som eksempel: Der har det tidlegare vore fleire søkarar per stilling.

– No kan me risikere å ha berre éin søkar på stillingar, sjølv midt i Trondheim, seier Elvebakk.

påske

Kvifor er norgeskartet slik?

Den geografiske oversikta over prestemangelen speglar tradisjonelle tendensar i Kyrkje-Norge.

Sjølv om det finst lite forskingsdata på akkurat dette, resonnerer Kifo-forskar Olaf Aagedal seg fram til fleire moglege forklaringar på kvifor utfordringane er så forskjellige geografisk. Ein av dei: I «bibelbeltet» står dei frivillige kristne organisasjonane innanfor kyrkja sterkt, og har gjort i lang tid. Mange plassar har også eit levande kyrkjelydsarbeid.

– Ein kan tenke seg at når ungdom har engasjert seg i kyrkjeleg foreiningsarbeid, får ein ei gruppe «rekruttar» som identifiserer seg med denne konteksten, og lettare kan tenke seg å ha dette som jobb, forklarar han.

At ein er «sterkare truande» i desse bispedøma – særskilt Stavanger og Agder og Telemark – kan også ligge bak.

– Det er ikkje så lett å måle og gradere tru. Men viss ein ser aktiv deltaking i kyrkjeleg arbeid og foreiningar som eit uttrykk for sterk tru, slik som i «bibelbeltet», kan det kanskje spele inn på opplevinga av eit kall rundt yrkesvalet, seier Aagedal.

Sentrum-periferi-tendens

At Oslo tradisjonelt har hatt god rekruttering, kan kanskje forklarast med at regionen har – og har hatt – stor tilflytting.

– Mange av prestane har også tatt teologiutdanninga si i Oslo. Det er ein tendens at der du drar for å studere, finn du og kanskje ektefelle, etablerer deg og blir verande, seier Aagedal.

Situasjonen i dei «mørkerøde» bispedøma i nord, kan òg samanliknast med rekrutteringsutfordringane til andre stillingar som krev akademisk utdanning, trur Kifo-forskaren.

– Mange av prestejobbane lengst nord krev også mykje reising. Ein skal dekke fleire kyrkjer, og mange plassar har ein ikkje eit så aktivt kyrkjelyds- og foreiningsliv å støtte seg på. Ein kan kanskje sjå for seg jobbar i dette området som meir krevjande, seier Aagedal.

MF

Dette er stillingane prestane vil ha

Det peiker seg ut nokre gjengangarar i kva type prestejobbar som er enklare å rekruttere til enn andre. Desse faktorane går igjen, ifølge opplysningane bispedøma har gitt Vårt Land:

  • Geografi: Sentral plassering, gjerne i eller rundt ein større by.
  • Spesialprest: Stillingar som studentprestar og fengselsprestar har ofte betre søking enn andre stillingar.
  • Prost: Å ha leiaransvar virkar å vere rekrutterande enkelte plassar.

– Eg erfarer at desse institusjonsprest-stillingane er attraktive for mange av medstudentane mine. Men dei krev ofte vidareutdanning, og er slik sett kanskje meir aktuelt på lengre sikt, seier MF-student Sigurd Navrestad Wennesland.

Han sit i studentrådet på vegne av studentane innan teologi og kyrkjeleg utdanning, og kjenner godt igjen ønsket om å jobbe i eller rundt eit sentralt område.

– Nyleg såg eg ein 50%-stilling som vikar i Oslo. Me som kan velje og vrake i jobbar, vil jo ikkje ha noko anna enn ei full stilling, sjølv i ein sentral og spennande bydel, seier han.

MF

Her går rekrutteringa trått

Også i typen stillingar som opplever dårlegast søking, går fleire kategoriar igjen:

  • Ungdomsprest eller kapellan.
  • Grisgrendte sokn: Stillingar som ligg usentralt til. I nord peiker dei på delte stillingar med store avstandar som utfordrande.
  • Hausten: Oslo bispedøme har inntrykk av at det er vanskelegare å rekruttere om hausten, sidan det er utanom tida for eksaminering av cand.theol.-studentar.

Studentrådsmedlem Wennesland ved MF kjenner enkelte studentar som har eit ønske om å dra heim og jobbe i bygda dei kjem frå. Men ikkje mange.

– Nokre kan òg ha ei naturinteresse eller jaktinteresse og vil søke seg til distriktet på grunn av det. Men ein del av oss andre har gjerne ein partner kor ein òg må ta omsyn til ein arbeidsmarknad. Det er nok blant fleire grunnar til at mange vil bu i, eller nært, ein by, seier Sigurd Navrestad Wennesland.

Håpar på betring med ny strategi

I 2018 sette Den norske kyrkja i gang eit rekrutteringsprosjekt. Sidan då har fleire piler peikt oppover. Fleire studerer teologi, og talet har halde seg godt dei siste åra. Rekordmange vel også presteyrket som «andrekarriere».

I november skal Kyrkjemøtet, kyrkjas «Storting», ta stilling til ein mogleg ny strategi som håpar å gjere Den norske kyrkja til ein attraktiv arbeidsgivar.

Strategien som foreslås har åtte punkt:

  1. Tilsette skal vere nærverande i ungdomsarbeidet.
  2. Tilsette og frivillige skal involvere unge i kyrkjeleg teneste.
  3. Tilsette og frivillige skal ha eit bevisst forhold til å personleg oppmode folk til kyrkjeleg teneste.
  4. Kyrkja skal utvikle ein felles HR-strategi.
  5. Koordinert, tverrfagleg samarbeid om rekruttering – på tvers av nivå, yrke, arbeidsområder og verksemder.
  6. Kyrkja skal kommunisere offensivt om å jobbe i kyrkja, til dei som er aktuelle.
  7. Dei tilsette skal representere mangfaldet av medlemmar.
  8. Kyrkja skal utvikle strategi for at medarbeidarane skal få utvikle kompetansen sin.


Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion