Ei kyrkje skal ha opne dører. Men det siste året har dei veksla mellom å vere opne, lukka – og stå på gløtt. Under stadig skiftande forhold har dei som arbeider i kyrkjene prøvd å løyse oppgåvene dei er sett til, og gje trøyst og livsmot til dei som treng det.
Vårt Land har snakka med representantar for Den norske kyrkja, Den katolske kyrkja, Frikyrkja og IMI-kirken i Stavanger. Her fortel dei korleis dei har opplevd korona-året.
Personar har stått gråtande og banka på stengde kyrkjedører

UTFORDRANDE: – Det har vore ein kamp, seier Egil Mogstad, om å få ut informasjon om stadige endringar i kyrkjelydslivet til 120 nasjonalitetar.
St. Olav katolske menighet i Trondheim har nærmare 7000 medlemmar. Blant desse er om lag 120 nasjonalitetar representert. Det har bydd på kommunikasjonsutfordringar det siste året med dei stadig skiftande smittevernreglane.
– Me har hatt tilfelle der me har sleppt inn det lovlege talet på ei gudsteneste, og har fortvilte menneske som bankar gråtande på døra og ikkje forstår kvifor me ikkje kan sleppe dei inn, fortel sokneprest i St. Olav, Egil Mogstad.
Kyrkjelyden har måtte konsentrert seg om norsk, engelsk og polsk i skriftleg kommunikasjon, men ikkje alle medlemmane deira kan eit av desse språka. Det er heller ikkje alle som kan lesa. Ein har difor vore avhengig av jungeltelegrafen for å greie å spreie informasjon.
– Det har vore ein kamp. Men me ser at kyrkja er utruleg viktig for folk, det er ikkje ein hobby eller fritidsaktivitet slik det kan verke som om styresmaktene trur. For mange er det sjølve livet, og kanskje spesielt for mange innvandrarar og flyktningar, trur Mogstad.
– Det verker når eg tenkjer på alle kvinnene som ikkje får gå på norsk-kafé, eller når me har måtta sagt nei til å døype barn som ikkje er sjuke. Det er heilt frykteleg.
Trur mange 50-åringar synest det er deileg å sleppe å gå på gudsteneste

HÅPAR: Likevel meiner frikyrkjepastor Harald Eikeland at koronatida kan føre til åndeleg oppvakning, viss kyrkja veit å nytte høvet.
– Folk er på hytta, på volleyballturnering med barna, eller har fullt opp med andre ting i helgene. Eg trur mange i min generasjon synest det er deileg å sleppe å gå på gudsteneste, og no byrjar mange å bli vane med det.
Det seier Harald Eikeland som er diakon og webpastor i Kristiansand Frikirke.
– Eg har sett mange tilfelle av at når barna har blitt vaksne sluttar ein å gå i kyrkja og tenkjer at «no skal eg bli lukkeleg med sykkelbukser og hytte».
Eikeland anar likevel eit gyllent høve og trur korona-tida kan få folk til å innsjå at meininga med livet ikkje er feriebustad i Spania.
– Eg lever i trua på at dette kan bli ei andeleg oppvakning. Folk ser kva som betyr noko og får kanskje eit større æveperspektiv. Då må me som kyrkje stå klare til å invitere folk når samfunnet opnar at, seier Eikeland.
Han trur å tilby eit fellesskap og ein tydeleg bodskap om nåde, tru og frelse er vegen å gå.
– Korona har gitt oss mykje negativt, men oppi all galskapen har me lært å tenkje framover.
Vondt å sjå at ungdommen slit

UROA: – Me ser at mange ungdommar slit og det bekymrar meg djupt at mange av dei har mista tilboda sine i denne tida, seier sokneprest i Birkeland, som fortel om auke i ungdomskriminalitet i området.
– Me ser at særleg ungdom og unge vaksne har det vanskeleg og eg er redd for kva ettervirkningane kan vera.
Det seier Kjersti Gautestad Norheim, som er sokneprest i Birkeland menighet sør i Bergen. Ho fortel om fleire som har slutta på studiet etter at det har vore for tungt å sitje aleine på ein liten hybel. Ho fryktar at ein i verste fall vil sjå ettervirkningar av den tøffe koronatida på sjølvmordsstatistikken hjå unge.
– Me ser at mange ungdommar slit og det bekymrar meg djupt at mange av dei har mista tilboda sine i denne tida. Me slit sjølve med å koma i kontakt med dei, og politiet melder om ei alvorleg utvikling i ungdomskriminalitet i Bergen Sør. Når ikkje lågterskeltilboda finst byrjar ein del å drive gatelangs.
No lengtar ho etter å kunne starte opp at tilbod for ungdom. Under dei strenge restriksjonane har dei ikkje kunne hatt dei vanlege breiddearrangementa, men har i staden prøva å ruste dei trufaste ungdomsleiarane i kyrkjelyden til å ta vare på andre ungdommar rundt seg.
– Me som kyrkje må kjempe mot einsemd og me har jobba hardt for å kunne gje eit så godt tilbod som det er mogeleg til ei kvar tid. Om det er ute rundt ei bålpanne, på zoom eller andre digitale flater.
Godt rusta for pandemien med huskyrkjer

SMÅFELLESSKAP: – Me har fått forsterka noko me var opptekne av frå før; at huskyrkjer er ein god måte å gjera kyrkje på, seier Geir Loftesnes, pastor i IMI-kirken i Stavanger.
– Me har kjempetru på at huskyrkje er ein god modell. Fyrst og fremst fordi det har fungert over heile verda og til alle tider, både under kriser og i gode periodar, fortel Loftesnes, som seier denne modellen har gjort dei godt rusta til å takle tida med korona.
Sidan dei allereie var organiserte i over 40 huskyrkjer med 8-25 medlemmar i kvar, har det vore enklare for dei å halde fram med å treffast etter kvart som restriksjonane har avgrensa talet som kunne samlast. Under vanlege forhold samlast ein i huskyrkja minst annan kvar veke, i tillegg til fellesgudsteneste kvar sundag.
– Som alle andre blei me tatt på senga, og me har måtte prøve å finne ein veg. Men året som har gått har eigentleg berre forsterka noko me var opptekne av frå før; at huskyrkjer er ein god måte å gjera kyrkje på. I tillegg er det viktig å samlast til gudstenester og det er tydeleg at det er viktig å koma saman i små og store fellesskap. I små grupper kjem ein tettare på kvarandre.
Loftesnes meiner dei har lagt seg tett opp til måten dei fyrste kristne organiserte livet sitt på. Og sjølv om det ikkje er noko nytt å ha huskyrkjer også i dag merkar han ei auka interesse frå andre kyrkjelydar og fleire har tatt kontakt for å høyre om denne måten å organisere kyrkja på.
Trøytte av det digitale

NEDGANG: I starten av «koronaåret» kunne dei digitale gudstenestene til Filadelfiakirken ha opp mot 4000 visningar. No ligg det på om lag 1000. – Online gudstenester er ikkje ei fullverdig erstatning, seier pastor Andreas Hegertun, som merkar at folk er trøytte av det digitale.
– Det er viktig at denne tida ikkje gjer oss til konsumentar som kan velje mellom digitale tilbod, men at me forblir aktive og deltakande i dei fellesskapa som ber oss. Trua er ikkje meint å vera eit individualistisk soloprosjekt, trua er meint til å levast i fellesskap, seier pastor i Filadelfiakirken Oslo Andreas Hegertun.
Han fortel om ei rekke digitale tilbod dei produserer, som podkast, direktesende gudstenester, zoom-gudstenester for barnefamiliar, korte videoandakter og meir til. Og i starten var interessa størst. Gudstenestene kunne ha opp mot 4000 visningar. No ligg det på rundt 1000.
– Litt av grunnen var nok at me var tidleg ute med å sende gudstenester digitalt, så folk såg frå heile landet såg på. Etter kvart som fleire kyrkjelydar starta eigne sendingar gjekk ein del over til desse, noko me synest er fint. Generelt merkar me nok i tillegg at ein del er trøytte av det digitale.
Hegertun seier at sjølv om det i dag er ein del som fylgjer aktivt med på alt som blir lagt ut digitalt, er det for andre for langt frå den fysiske fellesskapsopplevinga i ei vanleg gudsteneste til at det digitale fungerer.
– Me har heile tida sagt at online gudstenester ikkje er ei fullverdig erstatning, men eit supplement til fysiske gudstenester.
Likevel er det mange av formata og produksjonane dei har starta opp et siste året som har kome for å bli, men då som eit tillegg.