– Ofte får ein høyre at ein skal finne seg sjølv. Eg er dritlei av det

Eit einsleg ikon heng høgt på veggen over kjøkkenbordet i leilegheita på Løren, nord-aust i hovudstaden.

Sannsynlegvis har det fått plassen sin nyleg. I løpet av det siste halvåret har eigaren bestemt seg for at han ønskjer å bli innlemma i Den katolske kyrkja, og å starte opplæringsprosessen det krev.

– Eg skal få eit kors som skal stå her, seier Niklas Mardal (24), medan han peikar på ein tom skrivepult ved ein av stoveveggane.

I ei bokhylle står Kant, latinsk grammatikk, Don Quijote og bøker om hinduistisk truslære om kvarandre. Bibelen ligg på kaffibordet, like ved divanen han har plassert i det typiske sofahjørnet. Tidlegare var han ateist, før han blei interessert religion, blant anna hinduisme og etter kvart perennialisme, som ifølgje leksikonet Wikipedia blir skildra som ein filosofisk tankegang med utgangspunkt i at det finst ei universell og tidlaus lære som er del av alle verdsreligionar.

Til sak om unge menn som konverterer.

I fire år har han vore religiøst søkjande – men først no har kristendommen og katolisismen vunne fram hos han.

– På mange måtar følte eg at eg måtte undersøkje andre religionar enn kristendommen først. At det på ein måte blei litt «teit» å velje det som er nærast, seier Mardal.

Filosofistudenten blei først kjent med kristne i Foreningen for alle konservative studenter (FAKS). Etter kvart fekk han også andre kristne venner utanfor foreininga, som han fortel at han blei glad i og begynte å sjå opp til.

Lengtar etter krav

Ikkje mange minutta etter at Vårt Land kom inn døra, var ein diskusjon om tilbeding av statuar i full gang, med sitat frå profeten Jeremia gitt att frå hukommelsen som den største sjølvfølgje.

For på motsett side av kjøkkenbordet, sit også Ali Jones Alkazemi (24). Også han skal begynne på kurs til hausten, slik at han om ei stund skal kunne la seg døype og bli kalla katolikk.

– Det er rett og slett ein veldig stor nådegåve å ha doktrinar og forventningar

—  Niklas Mardal, filosofistudent

Dei to kompisane seier at dei heilt tilfeldig fann ut at den andre var interessert i den katolske læra. Politisk står dei på kvar si side av spekteret, men er samde om dette:

Den katolske kyrkja er tiltalande fordi den krev noko.

– Det er rett og slett ein veldig stor nådegåve å ha doktrinar og forventningar, klare og tydelege forventningar som ikkje er foranderlege, seier Mardal.

Alkazemi, som nettopp har fullført ei mastergrad i filosofi, fortel at han er oppvaksen sjiamuslim, og blei ateist som 13-åring. Då han var 17 år oppsøkte han Den ortodokse kyrkja, og fekk tilbod om å gå gjennom ein opplæringsprosess før dåpen, men enda med å ikkje begynne på den. På denne tida såg han også psykologen Jordan Peterson sine «Biblical series» på YouTube, som normaliserte tru for han. Etter kvart blei han det han kallar «intellektuelt kristen» og var på eit seinare tidspunkt innom allereie nemnde perennialisme.

No har han «på ein eller anna måte» komme tilbake, forklarer han.

Til sak om unge menn som konverterer.

– Det er plikt å dra til messe og det er viktig å ha eit bønneliv. Det krev det av deg, for at du skal vere ein ekte truande. Det kravet er det eg treng for å føle meg forankra i verda no, og som gjer at eg merker at eg endrar meg for kyrkja si skuld, og gjer livet mitt til et trusliv, seier Alkazemi, og presiserer:

– Eg meiner ikkje at ein er ein ekte truande berre om ein drar i kyrkja og har eit aktivt bønneliv. Poenget mitt er berre at det er fint at dette er noko som blir forventa av den truande, men det er ikkje slik at dei som ikkje drar i kyrkja ikkje er ekte truande. Det meiner eg er sjukt å meine.

– Trend

Petter Stocke-Nicolaisen i kommunikasjonsavdelinga til Den katolske kyrkja bekreftar at dei opplever ein auke av unge, spesielt menn, som deltar på truskursa deira og melder seg inn i kyrkja.

Dei kan ikkje vise til statistikk, men skildrar det likevel som ein trend.

Torbjørn Holt er prest i Den katolske kyrkja i Stabekk, og rettleier ei gruppe med unge menn som nyleg har blitt katolikkar. Han trur ikkje det er grunnlag for å seie at dette er eit breie fenomen, men meiner likevel det gjeld ein del personar.

– På den eine sida kan det vere ein del tilfeldigheiter, men så trur eg også det er nokon djupareliggjande trendar her. Eg tenkjer det kan vere ein form for reaksjon mot noko.

– Kva fortel dei er grunnen til at dei oppsøkjer Den katolske kyrkja i utgangspunktet?

– Eg trur det er snakk om ein form for åndeleg lengsel. Kva som driv det er litt vanskeleg å seie, men eg trur ein av faktorane er opplevinga av at det norske samfunnet er sekulært.

Holt tenkjer at Den norske kyrkja, som gjerne blir opplevd som den viktigaste aktøren i det norske livssynslandskapet, blir opplevd som litt «tynn». Med dette meiner han at dei åndelege lengslane deira ikkje blir møtt i tilstrekkeleg grad.

Vårt Land hadde i fjor eit lengre intervju med Holt, der han snakka om at han i 2020, etter nesten tre tiår som prest i Den norske kyrkja, bad om å bli tatt opp Den katolske kyrkja.

Han understrekar at karakteristikken av Den norske kyrkja som tynn, ikkje nødvendigvis er dekkjande for kva dei unge konvertittane meiner. Men han trur Den katolske kyrkja blir oppfatta som meir forpliktande, i form av for eksempel messa som grunnleggjande. Basert på hans eiga vandring, trur han også at det er ei tiltrekking av at sakramenta flyttar fokus frå det subjektive til det objektive, og at ein blir del av ein større samanheng, og ei universell kyrkja.

Sammensatt bilde av interiør Mariakirken i Sandvika (t.v) og portrett av Torbjørn Holt, katolsk prest i samme kirke.

– Eg trur også at det er ein del som liker at det er litt motkulturelt. Og dei siste par åra, er det ein del som har reagert på «woke-rørsla». Det er nok mange som opplever ein utryggleik, fordi det blir stilt spørsmålsteikn til mange ting og kategoriar ein reknar som sjølvsagde. For eksempel kjønn. Dette er blant tinga vi snakkar ein del om i denne gruppa.

Konservativ kyrkje, men ikkje utelukkande

Det kan verke til at ein del av dei som kjem til Den katolske kyrkja, står i konservative posisjonar politisk, ifølgje Holt. Nokon er også veldig opptatt av dei klassiske stridsspørsmåla i kyrkje og samfunn.

– Det er viktig for mange, men ikkje nødvendigvis alle, understrekar han.

Tanken om at Den katolske kyrkja er eintydig konservativ, nyanserer han med at den som internasjonalt fenomen kan bli plassert i «meir progressiv retning». Då med tanke på utsegn frå paven om for eksempel miljø, migrasjon og fattigdomsproblematikk. I spørsmål knytt til liv og død, abort og seksualitet og samliv, vil den framstå meir konservativ enn for eksempel Den norske kyrkja, ifølgje presten.

Holt trur at det er fleire som søkjer ei slags grunnleggjande forankring no, etter pandemien. Dette tenkjer han er veldig positivt, men understrekar at han ser behov for å nyansere kva som er katolsk lære, då mange lar seg informere om trusspørsmål frå for eksempel Youtubarar i USA. Han meiner nokon av desse aktørane er gode, medan andre ikkje er det.

– Å la seg informere om slikt, som eg veit at veldig mange gjer, har sine problematiske sider. Det som kan skje er at du i heile trustankesettet ditt får ein polariserande form for kristendoms- og samfunnssyn. Mykje av dette blir drive fram av sosiale medium og algoritmar, og tendensen er at din posisjon blir helteforklart, medan den andre sida blir fienden.

Til sak om unge menn som konverterer til den katolske eller ortodokse kirke.

Han er skeptisk til om dette kan føre til ideologisk polarisering, og føre til forenkla løysingar. For eksempel trekk han fram at enkelte unge idealiserer bondesamfunnet på 1800-talet, som var tydelegare prega av kristne verdiar og eit liv i enklare kår. Problemet med denne nostalgien, ifølgje Holt, er at ein gløymer dei negative sidene ved desse samfunna.

– Det har dårleg berekraft å prøve å leve i fortida, seier han.

Uaktuelt å gå inn i Den norske kyrkja

Niklas Mardal understrekar at Den norske kyrkja aldri var eit alternativ.

– Den norske kyrkja har blitt ein vits for dei aller fleste. Det har blitt arketypen på ei kyrkja som ikkje står for noko. Det finst sikkert variasjonar kor ein er i landet, men når eg snakkar med andre er den dominerande ideen at den ikkje står for noko særleg, og at den ikkje krev noko heller.

Både han og Alkazemi er samde om at det er appellerande med openheita i Den katolske kyrkja – at ein er villig til å anerkjenne det som er sant også i andre religionar – men at kyrkja likevel insisterer på nokon unike ting.

– Viss det hadde handla om å bli med i ein veldig streng religion, kunne eg jo ha funne ei eller anna sekt, utdjupar Mardal.

Nokon av grunnane Alkazemi nemner for kvifor han blir trekt mot katolisismen, er at kyrkja anerkjenner vitskap og fornuft, men samtidig er tydeleg på kristne verdiar med tanke på for eksempel abort og verdien av eit foster.

Sjølv om han har vore innom gudstenester i Den norske kyrkja, er han bestemt på at den ikkje har vore aktuell å døype seg inn i:

– Vi lever i ekstremt ustabile tider. Og det siste vi treng er ei liberal, ikkje-bestemt sfære.

«Dritlei» av å finne seg sjølv

Ei undersøking frå i år viste at unge menn på verdsbasis har blitt litt meir liberale sidan 2014. Likevel har unge menn i USA blitt meir konservative, og skil seg ut som den einaste befolkningsgruppa i studien som ikkje har bevega seg i motsett retning. I sin artikkel, skriv NTB at desse mennene lener seg mot kontroll framfor fridom.

Etter fjorårets skuleval her heime, skreiv kommentator Emil André Erstad i Vårt Land at ein kunne «merke ein stille og konservativ revolusjon», etter at FpU over dobla seg frå skulevalet fire år før.

– Veldig ofte får ein høyre at ein skal finne ut ting sjølv, vere seg sjølv, stole på seg sjølv, velje seg sjølv, finne seg sjølv. Eg er dritlei av det, faktisk.

—  Niklas Mardal, filosofistudent

Mardal kan ikkje sjølv sjå at det er ein trend å konvertere til katolisismen som ung mann, men seier at det er fleire i FAKS som er kristne, eller blir det etter kvart. Men om det er ein del av høgrebølgja, er han i tvil om.

– Vil du seie at du er inne i den bølgja?

– Ja, eg vil nok seie det, for eg har blitt meir høgrelent parallelt med denne bølgja. Eg var meir høgrelent når eg var yngre, så gjekk eg til venstre, og det siste året har eg gått til høgre igjen.

Har det ein samanheng med det at du ønskjer å bli katolikk på ein eller annan måte?

– Ja, det er jo det også. Det at ein er villig til å ha nokon som autoritet i livet utanom seg sjølv, har eg ikkje blitt lært opp til frå eg var ung.

Til sak om unge menn som konverterer.

– Veldig ofte får ein høyre at ein skal finne ut ting sjølv, vere seg sjølv, stole på seg sjølv, velje seg sjølv, finne seg sjølv. Eg er dritlei av det, faktisk. Eg blir berre sur viss nokon seier det til meg. Eg trur ikkje eg er heilt åleine om det. Eg har både ei tru og eit håp på at det kjem til å bli fleire som går inn i kyrkja, fastslår han.

Avslår høgrevinkling

Mardal er likevel tydeleg på at det ikkje er av politiske grunnar han går til kyrkja.

– Politikk er ikkje tilstrekkeleg for å dra nokon inn i Den katolske kyrkja eller kristendommen generelt. I USA er jo kristendommen blitt veldig politisk, men eg kan ikkje sjå det same i Noreg. Eg trur denne høgrebølgja også potensielt kan arte seg religiøst, men eg ser det ikkje enno i alle fall, seier Mardal.

– Å ta vinklinga frå høgresida er ikkje heilt tilstrekkeleg. Eg blei ikkje med i Den katolske kyrkja fordi det passar samen med dei politiske meiningane mine. Eg blei med fordi eg tenkjer at dette er sant og godt, og at dette er den beste staden for meg å følgje Jesus, understrekar han.

Alkazemi poengterer at det også finst katolikkar på venstresida.

– Dei er opptatte av å ha ein solidarisk økonomisk politikk, og at ein passar på dei svakaste, samstundes som dei har tydelege verdistandpunkt. Dei er familiemenneske, og synest det er usolidarisk, noko hyklersk ved for eksempel abort og eutanasi. Eg får vore både verdikonservativ, men er også politisk veldig opptatt av rettferd og økonomisk omfordeling og slikt. Det er verkeleg ein stad for det.

Til sak om unge menn som konverterer.

Trenden artar seg ulikt, trur kyrkjerådsleiar

I juni meldte Vårt Land at fleire unge melder seg inn i Den norske kyrkja. Sidan 2015 er det flest kvinner som har meldt seg inn, men størst nedgang i utmeldingar er det unge menn som står for.

Harald Hegstad er kyrkjerådsleiar i Den norske kyrkja, og peiker på at det kan tenkjast at ein tendens blant unge menn til å orientere seg meir i retning religiøse fellesskap og tradisjonar, kan gi utslag i fleire ulike kyrkjer og kyrkjesamfunn.

– Nokon vil søke til karismatiske, pentekostale fellesskap, nokon til katolske eller ortodokse samanhengar. Andre vil ende opp i Den norske kyrkja.

Han tenkjer det er bra at det finst forskjellige kyrkjesamfunn med litt ulik profil, og meiner at Den norske kyrkja er ei brei folkekyrkje som sjølv har mange ulike fellesskap og spiritualitetsformer. For eksempel legg nokon meir vekt på bestemte praksisformer enn andre.

Kyrkjerådsleiaren poengterer at han opplever at folk også kjem til Den norske kyrkja frå andre trussamfunn, fordi dei opplever for store krav og stort konformitetspress andre stader.

– Kan bli flinkare til å teikne ideal

Hegstad meiner det har blitt meir snakk om religiøs praksis i teologisk forsking, og at dette har blitt meir vektlagt også i Den norske kyrkja dei siste åra.

– Men det er jo klart at Den norske kyrkja ikkje har så mange krav til kva ein må gjere for å høyre til. I Den katolske kyrkja er det vel heller ikkje nokon mekanismar for å handheve krav, det er jo litt opp til den enkelte der også. Eg vil vere tilbakehalden med å seie at Den norske kyrkja bør stille strengare krav, men vi kan kanskje bli flinkare til å teikne nokon ideal eller anbefalte praksisformer, seier han.

– Vi kan sikkert understreke ein sterkare forventning til det å oppsøkje kyrkja på søndag. Samtidig som at det i ei folkekyrkje, ikkje er sånn at vi kan dele inn i A- og B medlem. Så du er fullverdig kyrkjemedlem, også om du ikkje viser deg i kyrkja kvar søndag. Så det må vere både tydelege forventningar, men også ein inkluderande haldning.

– På grunn av at det er ei folkekyrkje?

– Ja, både fordi det er folkekyrkje, og fordi det er ei luthersk kyrkje. Det er forholdet til Gud som definerer oss som kristne. Det henger vel saman med praksis, men det er ikkje praksisen i seg sjølv som definerer det.

Einsamt ikon

Eit kvadratisk ikon står åleine i vindaugskarmen på Mardal sitt soverom. Sjølv om det kanskje berre er fem centimeter på kvar side, står det i kontrast til den elles så lite, men personleg utsmykka leilegheita, med sine nyansar av gull, raudt og blått.

Fotografen spør om han kan ta eit bilete av ikonet. Mardal ventar ei stund med å svare, og landar omsider på at han treng områdingstid. Etter kvart seier han ja.

– Det er veldig personleg. Dette er ein stad eg er åleine med Gud.