For fire år sidan var Torbjørn Holt sjømannsprest. No er han vigsla til teneste i Den katolske kyrkja

KONVERTITT: Etter nesten tre tiår som prest i Den norske kyrkja konverterte Torbjørn Holt til katolisismen. Han meiner det er ein mindre dramatisk overgang enn om han skulle blitt pinseven.

Det er heilage tre kongars dag i 2020. Juletreet står framleis oppe i St. Olav kyrkje i London. Torbjørn Holt har vore sjømannsprest her i fjorten år, og i dag er benkeradene fulle av menneske som vil ta avskjed med han.

Då Holt lyfter hendene for å lyse signinga over dei for siste gong, er det ein ekstra sterkt augneblink for hans del. Han har tenkt på denne augneblinken i fleire år, og visst at det ville koma. Det dei færraste frammøtte veit er dette ikkje berre er avslutninga på tenesta som sjømannsprest i London, men for heile prestetenesta hans i den lutherske kyrkja.

Få dagar seinare offentleggjer han på Facebook at han har bedt om å bli teken opp i Den katolske kyrkje.

Tidlegare i år meldte Vårt Land at åtte prestar har meldt seg ut av Den norske kyrkja (DNK) sidan år 2000, og dermed ikkje lenger har presterettar der. Holt er éin av desse.

Hjå ein del i Den norske kyrkja er det ein lang tradisjon for å tenkje at det er ein større avstand til Den katolske kyrkja enn til alle andre. Det meiner eg det ikkje er teologisk dekning for

—  Torbjørn Holt

Frå KFUK-KFUM og Sjømannskyrkja til Den katolske kyrkja

Då Vårt Land møter han er han ikkje i vigsla teneste, men det gjeld berre i nokre dagar til.

Laurdag 18. februar vart han nemleg vigsla til diakon i Den katolske kyrkja i ein seremoni i St. Olav domkirke i Oslo. I august skal han bli vigsla til prest same stad.

61-åringen bur og jobbar for tida i Mariakirken i Stabekk i Bærum kommune. Overgangen frå den romslege bustaden i etasjen over kyrkja i London til den rundt 40 kvadratmeterstore leilegheita var stor.

Torbjørn Holt er tidlegare prest i DNK. No skal han bli katolsk prest.

Dei mange flotte engelske møblane i ein miks av viktoriansk og gregoriansk stil hamna på eit lager, men har nyleg fått komme fram att, då han også fekk disponere leilegheita over gangen.

Holt serverer kaffi av nykverna bønner i små, tynne mokkakoppar.

Ein CV med ti år som tilsett i KFUK-KFUM og over tjue år i Sjømannskyrkja er kanskje ikkje det fyrste ein forventar hjå ein katolsk konvertitt. Holt kan forstå det, men ser likevel ein del likskapar.

– Skal du jobbe i Sjømannskyrkja må du like å jobbe i yttersonene av kyrkja. Eg har alltid trivast i grensesonene og dei har Den katolske kyrkja mange av, meiner Holt.

Katolsk folkekyrkje

Sjølv om den katolske domkyrkja i Oslo, som delar namn med Sjømannskyrkja i London, St. Olav, blir fylt opp gong på gong i løpet av ein heilt vanleg sundag, er det mange katolikkar som ikkje går til messe.

– Den katolske kyrkja har også sin folkekyrkjelegheit. Me treng i alle kyrkjelege samanhengar å operere i grensesonene for å invitere inn til det sentrale: inn til messa og kyrkjas liv. Ein må vera grensesprengjande open og ikkje berre forhalde seg til ein liten indre, kjerne, seier Holt engasjert.

Han har vist veg inn til eit rom som bryt med stilen frå resten av romma. Her er heile møblementet basert på ein teak-sjenk Holt arva etter faren.

Her har den kjente Ola-pulten frå midten av førre hundreår fått plass, side om side ved ei sitjegruppe i skinn med tynne, elegante armlene karakteristisk for den same tidsepoken.

Holt meiner det å gå frå Den norske kyrkja til den katolske slett ikkje er så dramatisk som folk skal ha det til.

Større avstand til pinsekristendommen

– Eg har kollegaar i Den norske kyrkja som tenkjer veldig likt som meg i teologiske spørsmål. Eg meiner avstanden mellom luthersk kristendom og pinsekristendom er mykje større enn avstanden mellom luthersk kristendom og katolsk kristendom, seier Holt.

Han trekkjer mellom anna fram synet på sakramenta, som dåp og nattverd, som noko som er likare i katolsk og luthersk teologi enn hjå pinsevener.

– Hjå ein del i DNK er det ein lang tradisjon for å tenkje at det er ein større avstand til Den katolske kyrkja enn til alle andre. Det meiner eg det ikkje er teologisk dekning for.

Torbjørn Holt er tidlegare prest i DNK. No skal han bli katolsk prest.

Som døme trekkjer han fram korleis forholdet til helgenar og dei døydde ofte blir sett på som noko framandt av lutheranarar.

– Men også i Den norske kyrkja tenkjer ein at det finst helgenar. Døde, truande menneske som er hjå Gud.

Han seier at ein blant lutheranarar tenkjer at dei har vore historiske personar i fortida, og at dei høyrer til i framtida hjå Gud.

– Men ein har ikkje ein måte å tenkje om kvar dei er her og no.

– Kvar tenkjer du at dei er no?

– Dei er i alle fall nær Gud. I ein katolsk samanheng tenkjer me at dei som har gått framfor oss også er ein del av det store fellesskapet og at dei er våre vener som ber for oss, på same måte som menneske som lever no.

Eg har kollegaar i Den norske kyrkja som tenkjer veldig likt som meg i teologiske spørsmål. Eg meiner avstanden mellom luthersk kristendom og pinsekristendom er mykje større enn avstanden mellom luthersk kristendom og katolsk kristendom

—  Torbjørn Holt

Ber for døde

Han påpeikar at ein ikkje tilber helgenar, men ber dei om forbøn. Dei er truande sysken ein kan gå til.

I forlenginga av denne måten å tenkje på er det også naturleg for katolikkar å be for avdøde.

– Det er ingen grenser for kven og kva du kan be for. Gud høyrer alle bøner, uavhengig av kvar dei er i historia, forklarar Holt.

Også det sterke forholdet katolikkar har til Maria har Holt måtta vant seg til. Men også dette meiner han ikkje er så framandt for ein lutheranar når ein tenkjer over det.

– Alle protestantar trur at Maria er mor til Gud, fordi Jesus er Gud. Og det er ein ganske heftig sak. Du kan ikkje bli meir enn mor til Gud. Det må vera toppen på alle karrierar, seier Holt med ein liten latter.

– Som kristne er me eigentleg einige om det meste

Og sjølv om ein kan diskutere teologiske og kulturelle forskjellar i det vide og det breie er Holt oppteken av å byggje bruer. Han ser tilbake på alle åra i teneste for Den norske kyrkja med glede.

– Som kristne er me eigentleg einige om det meste.

Han lenar seg bakover i sofaen. På seg har han presteskjorte og snipp, sjølv om han foreløpig berre har status som prestekandidat. Det betyr at kyrkja har sagt at dei vil ordinere han.

Torbjørn Holt er tidlegare prest i DNK. No skal han bli katolsk prest.

Holt går helst ikkje utandørs i byen med presteskjorte, for å unngå at folk trur han er prest. Men på laurdag blir han vigsla til diakon.

Holt forklarar korleis alle katolske prestar blir ordinert til diakon og jobbar som dette ei lita stund før dei blir vigsla til prest. Det er ein god del av det same omsorgsarbeidet hjå ein katolsk diakon som ein diakon i Den norske kyrkja.

I tillegg gjer ein mange av dei same oppgåvene som prestar, som å vie par, døype barn, ha gravferd og preike, men ein kan ikkje ta imot skriftemål eller feire messa.

Nokon er såkalla «permanente diakonar», som ikkje har planar om å gå vidare til presteteneste.

– Kva saknar du frå då du var prest?

Holt treng ikkje tenkje seg om:

– Å preike. Det gler eg meg til.

Tok ein risiko

Sidan avskjedsgudstenesta i januar 2020 har han berre preika éin gong, då han blei invitert tilbake til Sjømannskyrkja i London i sommar.

Han ser også fram til å møte menneske i alle fasar i livet. I sorga knytt til gravferder. Gleda knytt til dåp. Og alt mellom, både i messa og under kyrkjekaffien.

Han har aldri hatt noko tvil om at han er kalla til prest. Men etter ein del år i Den norske kyrkja vaks det fram eit sakn etter noko «meir».

Før Holt hadde prestestillinga i London jobba han som studentprest i Sjømannskyrkja og hadde 250 reisedøgn i året. Han hadde base i Edinburgh, og i møte med den anglikanske kyrkja fekk han smaken på den han kallar ein rikare og breiare liturgisk tradisjon. Noko som etter kvart førte han i retning katolisismen.

Prosessen fram til å konvertere varte i mange år, og innebar ein viss risiko. Som 57-åring var det ikkje enkelt å sjå for seg omskulering. Men etter samtaler med katolsk biskop Bernt Eidsvig såg Holt eit håp om å ikkje måtte leggje frå seg prestekallet.

– Eg har møtt stor sjenerøsitet i Den katolske kyrkja.

Eitt studieår i Roma har gitt Holt betre innsikt i katolsk teologi.

Avlegg sølibatløfte

Under vigslinga på laurdag avlegg Holt sitt sølibatløfte. Som ordinert prest i ei anna kyrkja kunne han fått unntak frå dette om han alt var gift. Men for Holt er ikkje det å avleggje sølibatløftet noko stor sak.

– Det er ikkje noko dramatikk for meg, det er slik eg har levd heile livet. Eg har hatt eit veldig godt liv som ugift og det har gitt meg høve som ville vore vanskelegare med familie.

Torbjørn Holt er tidlegare prest i DNK. No skal han bli katolsk prest.


Holt har eit stort sosialt nettverk, og har mykje glede av gode relasjonar. Men han trur lovnaden om å bli verande ugift kan vera utfordrande for nokon.

– For dei som ikkje har nære vener og eit aktivt sosialt liv kan det bli ganske einsamt.

Likevel ser han mange positive sider ved å kunne ha eit tydeleg fokus på tenesta i kyrkja, og ikkje trekkast mellom omsyn til familie og arbeid.

For dei som ikkje har nære vener og eit aktivt sosialt liv kan det bli ganske einsamt.

—  Torbjørn Holt om sølibatløftet

Vårrullar på kyrkjekaffien

Det har gjort det «omflakkande» livet til Holt mogleg. Og no får han god bruk for den tverrkulturelle kompetansen kan har opparbeidd seg gjennom årelang utanlandsteneste.

– Personar født i Noreg er i klart mindretal i Den katolske kyrkja i Noreg, og på kyrkjekaffien står kaker, vaflar og vårrullar side om side, fortel Holt.

Han ser ein stor rikdom i mangfaldet.

– Etter 23 år i utlandet er eg ikkje hundre prosent norsk og ikkje hundre prosent engelsk, men samanlagt blir det meir enn hundre, meiner Holt.

Han ser fram til vigslinga på laurdag, men endå meir til å gå i gang med vidare teneste i kyrkja.

Og om få månadar er han klar til å nok ein gong kunne preike til og lyse signinga over dei frammøtte i kyrkjebenkane, denne gongen i Stabekk.


Vårt Land anbefaler

Mer fra: Religion