Religion

Frimodig kirke om foreløpig valresultat: – På grensa til tragikomisk

DEN NORSKE KYRKJA: Små marginar kan avgjera mandatfordelinga i kyrkjevalet. Trass i at dei har fått fleire stemmer enn Bønnelista risikerar Frimodig kirke å sitje att med halvparten så mange representantar i Kyrkjemøtet.

Tidlegare denne veka rekna Vårt Land ut kva som vil vera mandatfordelinga dersom resultatet frå det digitale førehandsvalet står seg etter at dei fysiske stemmene er talt opp.

Sverre Elgvin Lied er leiar for Frimodig kirke. Han seier dei internt har sett på fordelinga som kjem fram her.

– Det er nesten på grensa til tragikomisk.

Han siktar til korleis Bønnelista ifylgje Vårt Land si utrekning sit att med nesten dobbelt så mange mandat som Frimodig kirke, trass i at sistnemnde fekk fleire stemmer.

Medan Bønnelista fekk 5439 stemmer fekk nykommaren Frimodig kirke 6429 stemmer.

– Favoriserer dei store listene

Utrekninga som er basert på dei digitale førehandsstemmene viser også at Open folkekyrkje vil miste fire mandat på landsbasis, medan Nominasjonskomiteens liste går ned to, dersom resultata står seg.

Lied meiner den potensielle mandatfordelinga viser ei stor ulempe med systemet.

– Ein brukar offentlege val som modell, men i kommune- og stortingsval får du ein representasjon sjølv om du har relativt låge prosentar.

I kvart bispedømeråd sit det sju personar som blir valt av ordinære medlemmar i Den norske kyrkja (DNK), i tillegg til to tilsetterepresentantar, biskop og i somme bispedømeråd: samiske representantar og representant frå døvekyrkja.

Dei som sit i bispedømeråda blir også medlemmar av Kyrkjemøtet, det øvste, demokratiske organet i kyrkja.

Lied påpeikar at sjølv om ein i det digitale valet har fått nesten sju prosent av stemmene både i Borg og Nidaros er ikkje dette nok til å få inn éin representant.

– Valsystemet favoriserer dei store listene. Kva viss ein kjem i ein situasjon der endå ei liste stiller til val? Då vil det bli endå vanskelegare å nå opp, seier Lied.

Forventar fleire papirstemmer

Når denne saka blir skriven, er det berre Møre og Hamar bispedøme som har offentleggjort dei endelege stemmetala.

Medan mandatfordelinga i Møre enda med å samsvare med Vårt Land si utrekning basert på førehandsstemmene, fekk ein i Hamar eitt ekstra mandat til nominasjonskomiteens liste, medan Open folkekyrkje mista eitt.

Resultata var ikkje klare i nokon av bispedøma då intervjua i denne saka blei gjort.

v

Pressetalsmann i Bønnelista, Magne Hersvik, anerkjenner at dei har fått særs god utteljing for sine stemmer i den foreløpige mandatutrekninga.

Hersvik trur konservative i DNK kunne fått betre utteljing hadde dei vore samla i éi liste.

– I Bønnelista forventar me at det endelege valresultatet blir betre for oss enn det digitale valet viser. Me har oppmoda til å bruke papirstemmer i valet, fortel Hersvik.

Trur Frimodig kirke kan ha ført til nedgang

Erling Birkedal leier Interesseforening for Nominasjonskomiteens liste.

Han meiner det å rekne ut mandatfordeling basert på foreløpige stemmetal «kan vera ei interessant matematisk øving, men generelt kan det vera ganske misvisande å leggje det digitale valet til grunn for å føresjå mandatfordeling».

Trondheim 28.03.2019
Kirkemøte i Trondheim 2019. Her fra torsdagen. Erling Birkedal, Borg.
FOTO: JOAKIM S. ENGER

Ifylgje utrekninga til Vårt Land ville lista Birkedal er talsperson for sete att med to mandat færre enn i førre periode.

– Det er likevel ganske stor oppslutning, er Birkedal sin kommentar.

Han trur det at ein ny aktør, nemleg Frimodig kirke, har komme på banen kan vera litt av årsaka til ein eventuell nedgang.

Leiar i Open folkekyrkje, Gard Sandaker-Nielsen, skriv i ein e-post til Vårt Land at han gjerne vil kommentere dei endelege resultata, men at han ikkje ynskjer «å spekulere før alle stemmene er talt opp og me veit kva alle kyrkjemedlemmane faktisk har stemt».

Gard Sandaker-Nielsen. Leder av Åpen folkekirke.

Ingen utjamningsmandat

Frimodig kirke ynskjer seg ei ny valordning, med val til sokneråda, og indirekte val inn til dei andre organa.

– Me meiner ein må vekk frå eit partisystem som berre skaper motsetningar. Me ser på det som eit framandelement i ei kristen kyrkje, seier Lied.




Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion