Religion

Ho køyrer ikkje bil og tek ikkje fly. Men blir ho biskop seier ho ja til helikopterskyss til oljeplattform

DEN NORSKE KYRKJA: Sunniva Gylver kan bli biskop i Bjørgvin. Korleis vil miljøaktivistpresten dekkje bispedømet som strekkjer seg frå Nordsjøen til Miami?

– Viss eg blir biskop i Bjørgvin tek eg sjølvsagt helikopter for å reise på visitas på plattformene. Eg kan ikkje padle ut akkurat, seier Sunniva Gylver muntert.

Ho er sokneprest i Fagerborg kyrkje i Oslo, men er også éin av tre kandidatar til å bli biskop i Bjørgvin.

Gylver har markert seg tydeleg som miljøaktivist gjennom fleire tiår, og har snakka opent i det offentlege rom om prisen jorda og seinare generasjonar må betale for reiselysta vår.

Éin gong kan ho hugse å ha flydd sidan ho og familien kom heim frå eitt år på Madagaskar i 2010.

I jobbsamanheng har ho reist med tog og buss til stadar som Tromsø, Lesbos, Sarajevo og Antwerpen.

Etter at eg fekk ein bil over huet kan eg ikkje enten køyre bil eller sykle. Det er ikkje ideelt, det skjønar eg.

—  Sunniva Gylver, prest og bispekandidat

Langstrekt bispedøme

Men får Gylver bispesetet i Bergen blir ho også leiar for det bispedømet som har rykte på seg for å vera det mest geografisk kompliserte.

For i tillegg til å strekkje seg over fjordar, fjell og øyar, har også biskopen i Bjørgvin tilsyn med Sjømannskyrkjer over heile verda. Tidlegare biskopar har vore på visitasar i New York, Spania og på oljeplattform i Nordsjøen.

Difor tek Vårt Land kontakt med Gylver, for å høyre om ho har gjort seg tankar om korleis ho ser for seg å reise rundt i dette vidstrekte bispedømet.

– Å ja, da. Det har eg tenkt mykje på. Dette er eit bispedøme med 176 sokn der du ganske ofte ikkje kan vente på bussen. Den går ikkje kvart kvarter, for å seie det slik.

Kan ikkje køyre bil eller sykle

For Gylver flyg ikkje, og køyrer ikkje bil. Faktisk syklar ho ikkje heller.

Sunniva Gylver. Prest i Fagerborg menighet. Aerobic-trening i Stensparken i Oslo.

– Etter at eg fekk ein bil over huet kan eg korkje køyre bil eller sykle. Det er ikkje ideelt, det skjønar eg. Men eg må bruke kollektivtrafikk uansett, så eg var heldig som var vane med det frå før, seier ein positiv Gylver.

Ho var i ei alvorleg sykkelulykke i 2017.

– Men hadde du vurdert å skaffe deg bil viss det ikkje var for helsa?

– Nei. Men det er klart: eg skjønar at eg må vera lydhøyr for kva det fører til av ekstraarbeid for dei rundt meg. Så vidt eg veit er det uhyre sjeldan at ein som biskop reiser rundt på besøk utan å ha med seg andre frå staben. Så det vil som regel vera folk eg kan haike med.

Gylver seier ho jobbar veldig godt på både buss og tog, og samlar gjerne opp arbeidsoppgåver som lesing og skriving, som passar på å gjera medan ho er på reise. Ho brukar også mykje nattog.

– Kyrkja skal ofte dekke store område med få tilsette, og i ein del tilfelle er også meir miljøvenlege reisemåtar som tog dyrt. Nokon vil nok vera ueinige i ein slik resursbruk?

– Ein må vera litt pragmatisk her i verda. Det er greitt å ha eit utgangspunkt: nei, eg køyrer ikkje bil og eg flyr ikkje, men no kjem eg kanskje i ein jobb der eg innimellom må det.

– Me må bruke hue

Gylver seier ho er villig til å fly til dømes for å besøkje Bjørgvins venskapskyrkje på Cuba, eller for å reise på visitas til sjømannskyrkja i Miami. Men ho meiner ein visitas til Spania fint kan gjenomførast med tog.

– Me må ta nokre grep for å vise at me tek klimaendringar og naturtap på alvor. Samtidig må me bruke huet.

Bilde av Halvor Nordhaug

Og når sant skal seiast er ho litt snurt for at Halvor Nordhaug tok visitasen til ei oljeplattform i Nordsjøen rett før han gjekk av. Som regel går det ein del år mellom kvar gong.

– Eg skjønar viss nokon ut frå min aktivistprofil gjennom mange år lurar på korleis eg vil handtere det, og eg tenkjer at dialog og samtale med denne delen av bispedømet blir viktig så fort som mogeleg viss eg blir biskop.

– God grunn til uro

Når det er sagt anbefaler ho å ta val i kvardagen som stemmer overeins med verdiane sine.

– For min eigen del gjev det energi og ro i møte med noko eg tenkjer på dagleg, nemleg klimaendringar og naturtap.

Ho trur kyrkja kan bli flinkare på å ha kortreiste arrangement, sjølv om det kanskje er billigare å ha tilsettsamling i Spania. Nye, digitale løysingar kan også vera med på å redusere reiseutslepp.

– Det er mange som er uroa for klimaendringane, og det er det god grunn til. Nordmenn er stort sett glade i naturen, i egne og andres barn og har ein rettferdssans. Då gjev det meining å ta gode miljøval.

Og ho har gitt beskjed. Skulle det bli Gylver som blir biskop i Bjørgvin må ho få vita det i god tid før klokka 22.30 kvelden før det blir annonsert.

– Eg må ha beskjed før nattoget går.


Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Religion