Den norske kirke

Her er bilane dei norske biskopane køyrer

Medan Oslo-biskopen stort sett syklar, er fly mykje brukt til å reise i det nordlegaste bispedømet. Det er lang avstand mellom utfordringane i Bjørvika og på Svalbard, men i miljøspørsmålet står biskopane side om side.

I mai blei det kunngjort at Pave Frans neste år skal få ein spesialbygd heilelektrisk, «popemobile», frå bilprodusenten Fisker Inc. Det fekk oss i Vårt Land til å lure på kva bilar dei norske biskopane køyrer.

Transport blir stadig trekt fram som eit viktig område for klimakutt. Og i ljoset av FNs nyaste klimarapport og saka som skal opp på haustens kyrkjemøte om Den norske kyrkjas klimaengasjement fram til 2030, blir temaet ekstra aktuelt.

Me tok ein prat med fleire biskopar om bilinteresse, eller mangel på denne, og deira tankar rundt si eiga og kyrkja si rolle i miljøspørsmålet.

Fisker Inc. Popemobile. Pave Frans, bil. Slik vil pavens spesialtilpassede Fisker Ocean se ut. Pope-mobilen vil være basert på en Fisker Ocean, og tilrettelagt for pavens representasjonsoppgaver der bilen skal frakte den katolske kirkens overhode trygt gjennom store folkemengder. SUVen får en kuppel i glass, hvor paven kan stå oppreist og hilse på tilhengerne.

Ekstravakt som bussjåfør

Jan Otto Myrseth har parkert den blå e-Golfen sin rett framom Tønsberg domkirke. Bilen blei kjøpt i 2018 då han og kona, Merete Ruud Myrseth, flytta frå Bergen til Vestfolds-kysten. Den nye stillinga som biskop for eit stort geografisk område gjorde overgangen frå éin bil i hushaldet og stort sett sykling og kollektivtransport, til to bilar naturleg.

Tunsberg-biskopen er ingen bilentusiast, men med fortid som både drosje- og bussjåfør har han brukt mykje tid bak rattet. Det var ei grei attåtnæring som student i hovudstaden.

Sjølv då han var ferdig med teologistudiet let han seg overtale til å behalde uniforma slik at han kunne ta ekstravakter som bussjåfør. Til gjengjeld fekk han låne buss gratis til konfirmantleirane.

Men når ny bil skulle kjøpas i 2018 var det altså heilt naturleg at det blei ein elbil. Når han blir spurt om kvifor, er det ord som ekstremvêr, forsking og klimarapportar som blir brukt.

Trykk på piltastane for å sjå kva bil biskopen har, kva ho gjer for miljøet, og kva ho meiner ho bør bli betre på.

Lir under Vestens overforbruk

Myrseth greier ikkje å tidfeste når miljøengasjementet oppstod, det har kome gradvis. Det gjer inntrykk når systera som bur i California kvart år fortel om skogbrannane som herjar i området, og det fører det komplekse og globale problemet litt nærare.

Men kva er Gud oppteken av? Det er ikkje enkeltmenneskets frelse, eller eit lite utval. Men så høgt elska Gud verda, at han sende sonen sin.

—  Jan Otto Myrseth, biskop i Tunsberg bispedøme.

Dei to barnebarna, og det tredje som er på veg, har utvida tidsperspektivet, og gjort det vanskelegare å ignorere framtidige konsekvensar av notidas val.

biskop Jan Otto Myrseth fotografert i Tønsberg 12.08.21  fotografert ifb med kirkens arbeid med klima og miljø

Biskopen trur menneske sin hang til å setje seg sjølv fyrst er ein av dei største hindra for klima- og miljøspørsmålet. Sjølv prøvar han å bli flinkare til å sjå ting frå andres perspektiv.

– Me menneske får fort vår eigen navle som sentrum. Eg må øve meg i å sjå på alt rundt oss, heile skaparverket, som vår felles heim som me må forvalte og ikkje forbruke.

Det dreiar seg om både å sjå fleire generasjonar fram, men også å tenke på andre artar og heile verda som ein del av Guds gåve og skaparverk, meiner biskopen.

– Eg kan ikkje vera likegyldig til det faktum at artar som Gud har skapt døyr ut, og at både menneske og dyr under andre himmelstrøk lir under Vestens overforbruk.

Fare for parkeringsbot

– Han bryr seg vel ikkje om det?, kjem det brått frå Myrseth.

Han har fått auga på ei parkeringsvakt i sidesynet, orsakar seg, og fortar seg over plenen og ned til sitt elektriske under.

Vakta brydde seg ikkje, og biskopen legg til at han har eit parkeringsløyve han kunne lagt i frontruta hadde vakta bestemt seg for å gjera jobben sin litt ekstra grundig denne seinsommar-føremiddagen.

Gud har stor glede av alt han har skapt, og eg kan ikkje då oppføre meg som ein uskikkeleg smågut som ikkje tek vare på det Gud har gitt meg og oss.

—  Jan Otto Myrseth, biskop i Tunsberg bispedøme.

– Det må ei omvending til

Seinast i vår stilte eit samla bispekollegium seg bak at «kampen for klimarettferdighet er en del av det oppdraget Jesus Kristus kaller oss til», gjennom Bispemøtet sitt nye hefte, Guds skaperverk – vårt hjem.

Og i haust skal saka Mer himmel på en truet jord - Den norske kirkes arbeid med klima, miljø og bærekraft mot 2030 opp på Kyrkjemøtet. Her skal ein fatte vedtak om korleis Den norske kyrkja skal jobbe med, og ta omsyn til klima og miljø framover.

Medan nokon meiner dette er eit sidespor for kyrkja, som heller burde bry seg med fallande medlemstal, auka sekularisering og sjelers frelse, meiner Myrseth at dette er tema som ikkje let seg skilje frå kvarandre.

biskop Jan Otto Myrseth fotografert i Tønsberg 12.08.21  fotografert ifb med kirkens arbeid med klima og miljø

– Det må ei slags omvending til. Me er så vane med å tenkje at det Gud er oppteken av er sjela og frelsa for det enkelte menneske. Men kva er Gud oppteken av? Det er ikkje enkeltmenneskets frelse, eller eit lite utval.

Han siterer frå Bibelen:

– Men så høgt elska Gud verda, at han sende sonen sin. Når me ser i Kolossarbrevet, Romarbrevet 8 og fleire plassar kor oppteken Gud er av forløysinga for alt det skapte, så har ikkje eg lov å splitte opp i det andelege og det materielle. Og eg har ikkje lov til å tenkje at det berre er menneske det dreiar seg om. Gud har stor glede av alt han har skapt, og eg kan ikkje då oppføre meg som ein uskikkeleg smågut som ikkje tek vare på det Gud har gitt meg og oss.

Myrseth er tydeleg engasjert. Han har tenkt mykje på desse spørsmåla. Han trur nettopp det å la engasjementet for klima og miljø bli ein del av kyrkjas oppdrag, og ikkje noko ein held på med på sida er essensielt.

Smarttelefon på hjul

Medan Kari Veiteberg, biskop i Oslo greier seg utan å eige bil, er situasjonen ein litt annan for Olav Øygard, biskop i Noregs desidert største, og nordlegaste fylke.

Då Øygard tek telefonen er han ute på sitt sedvanlege tidsfordriv under dei obligatoriske lade-pausane; ein rusletur, gjerne før eller etter ein matbit.

Han er på veg til ei ettermiddagsgudsteneste i Nordreisa for å takke av ein prost. Rundt 40 mil blir unnagjord i bilen med det passande namnet Polestar, før dagen er omme.

Men Øygard klagar ikkje. Køyreturane reknar han tvert imot som eitt frynsegode. Han er glad i å køyre bil, og endå meir glad i å koma seg ut for å treffe folk.

Det gjekk ikkje mange dagane etter 18-årsdagen før lappen var i boks. Han var heller ikkje framand for å mekke bil, i yngre dagar. Dagens «smarttelefon på hjul» er det verre med.

Flyr i bispedømet

Øygard har starta opp att etter ladepausen, og melder om solskin over snødekte fjelltoppar i Lyngsalpane.

Til og frå kontoret i Tromsø til dagleg er det sykkelen som blir brukt, og innanfor Troms går det no overraskande greitt å reise med Kina-Volvoen, som biskopen i nord likar å kalle den kinesiskproduserte bilen sin. For berre eitt år sidan var det lengre mellom ladestasjonane.

Hakket verre er det når han skal til Finnmark, og køyrer snarvegen gjennom Finland, ei ladestasjon-øydemark, skal me tru biskopen.

I bispedømet har me tilsette som stadig køyrer over fjellovergangar, der dei kan bli sitjande fast. Eg vil ikkje råde dei til å køyre elbil.

—  Olav Øygard, biskop i Nord Hålogaland.

Men til vanleg hevdar han at han ikkje reiser spesielt mykje med bil i jobben. Og det er ikkje for å skryte på seg at han er meir miljøvenleg enn som så. Det er fordi fly er eit meir nytta framkomstmiddel i det langstrekte bispedømet.

Øygard kan telje på ei hand kor mange gonger han har vore på tenestereise i Finnmark med bil i løpet av dei nærmare sju åra han har vore biskop.

Til helga skal Øygard til Svalbard, sitt nordlegaste virkeområde, for å feire 100-årsjubileet for den fyrste kyrkja på øygruppa.

– Dit skal eg ikkje enten sykle eller ta toget, seier biskopen lattermildt.

«Sjå kor flink eg er»

– Kjenner du på eit ekstra ansvar for å vera eit godt førebilete, som leiar i Den norske kyrkja?

– Eg føler litt på det, samstundes som eg er oppteken av at eg ikkje vil skape dårleg samvit hjå folk. Mange har ikkje høve til å skaffe seg elbil. I bispedømet har me tilsette som stadig køyrer over fjellovergangar, der dei kan bli sitjande fast. Eg vil ikkje råde dei til å køyre elbil.

– Eg har ikkje lyst at folk skal peike på meg å seie «sjå kor flink han er», men eg har eit ynskje om at det er ein samanheng mellom det eg seier og det eg gjer.

Øygard synest det er håplaust med politikarar som seier at me er så få i Noreg at det ikkje nyttar å prøve å gjera ein innsats for miljøet.

– Tenk viss alle i verda tenkjer slik?

Positivt med menneskeskapte klimaendringar

For hans del har det vore ein positiv ting at klimaendringane er menneskeskapte. Det betyr at ein kan gjera noko med dei.

Sjølv har han hatt det han omtalar som eit «sterkt miljøengasjement» i over 40 år. Han hugsar godt når Alta-saka herja som verst, konflikten der samiske interesser og miljøvernomsyn stod mot ei stor vasskraftutbygging av Alta–Kautokeino-vassdraget på 70- og tidleg 80-tal.

Også i dag hentar han inspirasjon frå urfolk som lever tett på skaparverket, og som har ein kultur som er sterkt knytt til naturen.

– Me har mykje å lære av det. Skaparverket er ikkje noko me eig, men noko me må be om lov til å nytte. Det er eit ideal eg gjerne vil vera med å blankpusse.

Hovudpilaren i Øygard sitt miljøengasjement er det forvaltaransvaret han meiner Gud har gitt menneska. Fattigdomen og ulikskapen klimaøydeleggingane fører til er også ein viktig motivasjon.

Såg konsekvensar med eigne auger

Også den øvste representanten for Den norske kyrkja, preses Olav Fykse Tveit, held fram det internasjonale aspektet som viktig for sitt miljøengasjement, som han fekk inn med morsmjølka. Mora var oppteken av miljøet, og vart inspirert av boka Framtiden i våre hender av Erik Dammann.

Det er mange andre som kan koma med fakta og skremsel. Vår oppgåve er å bidra til forandring og tru på at det nyttar.

—  Preses Olav Fykse Tveit om Den norske kyrkja.

I sin førre jobb som generalsekretær i Kyrkjenes verdsråd (KV) fekk Fykse Tveit sjå konsekvensane av klimaendringar og miljøøydelegging på reiser rundt i verda.

– For stadig fleire blir dette eksistensielle spørsmål. På fleire stillehavsøyer eg har besøkt lever ein heilt direkte av havet, og alt frå forureining og høgare temperatur i sjøen påverkar folk i det daglege.

Han nemner også stadar der endra klima øydelegg avlingar, og ekstremvêr herjar som aldri før. Også tanken om at forholdet til Gud ikkje berre handla om han sjølv, men også om forholdet han har til verda, blei styrka av tida i KV.

– Dei som bur i andre land er like mykje skapt i Guds bilete som oss, og høyrer like mykje heime i verda og har rett til livsvilkår som oss. Me står ikkje fritt til å gjera som me vil med Guds skaparverk. Det kjem nokon etter oss som også skal ha noko å leva av.

Domedagsprofet

Fykse Tveit tenkjer mykje på kva verd barnebarna skal leva i. Samstundes er han oppteken av at kyrkja ikkje må bli ein domedagsprofet.

– Det er mange andre som kan koma med fakta og skremsel. Vår oppgåve er å bidra til forandring og tru på at det nyttar. Kyrkja må alltid vera ein håpsbærar.

For preses handlar det om trua på at Gud verkar.

– Kva bør Den norske kyrkja bli betre på?

– Kyrkja ligg langt framme i miljøengasjementet, og mykje bra blir alt gjort. Me har vore ein viktig pådrivar for dette i økumeniske, internasjonale samanhengar. Men det er ein lang veg å gå. Noreg har ein økonomi som er heilt avhengig av produksjonen av fossilt brennstoff. Slik kan me ikkje halde fram.

Han meiner politikarane må finne vegen ut av det, og at kyrkjas rolle er å støtte opp om det, sjølv om det inneber vanskelege val.

Mekking enda med vrakpant

På individnivå prøvar Fykse Tveit å bruke mindre bil og fly, og har funne ut at reisa mellom Trondheim og Oslo fungerer fint med nattog. Men i og med at han blei innsett som preses i mai 2020, er det ikkje lett å uttale seg om korleis ein arbeidskvardag utan korona vil sjå ut.

Olav Fykse Tveit.

Han prøvar å eta kortreist mat, og ha kortreiste feriar. Gjerne til hytta på Tromøya utanfor Arendal. Men i jobben er han avhengig av å reise, også internasjonalt.

– Eg kan ikkje ta tog til Etiopia. Men eg kan vera obs på kor mykje eg reiser, og planlegge det godt.

Heime køyrer han ein elbil han kjøpte då han flytta heim frå Genève, der hovudsetet til Kyrkjenes verdsråd ligg. Men kva for eit merke eller ein modell der er, vil han ikkje ut med.

– Eg har ikkje lyst til å svara på det. Eg vil ikkje drive reklame for ein bil.

Men at den er elektrisk og har lang rekkevidd kan han røpe. Og det er nok ikkje tilfeldig kva for bil det er.

Fykse Tveit har nemleg vore bilinteressert heile livet. Som liten gut var det leikebilane som blei tatt oftast fram. Og før han blei myndig gjekk han til innkjøp av ikkje ein, men to bilar. Planen var å skru dei to ikkje-fungerande bilane saman til ein som var køyrande.

– Fekk du det til?

– Nesten. Men det enda med at eg taua begge til hoggeriet for vrakpant.








Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

VL anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Den norske kirke