Religion

Bjørn Eidsvåg hyllar bedehusmusikken

TRU OG MUSIKK: Folk gjekk i protest då Bjørn Eidsvåg spela på bedehus i ungdommen. Likevel hyllar den folkekjære artisten bedehusmusikken frå Rogaland, i ein ny episode av «Hver gang vi møtes».

– Musikken på bedehuset har nok betydd meir for låtskrivinga mi enn eg hadde tenkt.

Det seier Bjørn Eidsvåg i «Hver gang vi møtes», som ble sendt på TV2 søndag kveld.

I programmet opnar den folkekjære artisten opp om oppveksten i Sauda i Rogaland på 1950- og 60-talet. Han pleidde å vera med mor og far på bedehuset.

– Eg likte det. Musikken der var grensesprengjande. Alt handla om noko som var dritviktig: himmel eller helvete, frelse eller fortaping. Og det vart framført med sterke kjensler. Det var heilt vanleg at dei som song, grein. Det var kult å sjå vaksne stå og gråta.

Satan i instrumentet

Men bedehusets møte med Bjørn Eidsvåg var ikkje like uproblematisk.

Etter å ha lært seg tre akkordar på gitar, tok Bjørn Eidsvåg med seg eit band for å spela på bedehuset.

– Det var heilt ville reaksjonar. Folk gjekk fordi me hadde trommer eller el-gitar. Dei gjekk i protest. Det var satans musikk.

I TV2-programmet fortel han sine medgjester at folk på bedehuset diskuterte i kva av instrumenta Satan sat i. Då bryt den kjende folkemusikaren Ingebjørg Bratland inn. Ho seier at mange tidlegare trudde Satan var i hardingfela.

r

Bjørn Eidsvåg hadde likevel eit triks:

– Eg tok fram dei mest kristelege tekstane i salmeboka og sette melodi til dei. Då fekk me framføra musikken. Å få lov å utfalda oss, særleg i kyrkja, var viktig for oss. Me lurte oss inn bakvegen.

Møte som ungdomsleiar vart viktig

Etter å ha fullført vidaregåande i Sauda, flytta Bjørn Eidsvåg til Oslo for å studera teologi ved Menighetsfakultetet.

I TV2-programmet fortel han om motivasjonen bak studia. Han var lei av å bli møtt med bibeltekstar som folk brukte som forklaring på kva som ikkje var lov å gjera.

Spesielt møtet med ein ung homofil mann gjorde inntrykk, fortel Eidsvåg. Dei møttest då Eidsvåg var leiar på ungdomsleir.

– Han gav meg historier, bilde og innsikt som slo meg heilt til marka. Eg tenkte: Dette har ikkje kyrkja lov til, dette har ikkje samfunnet lov til. Frå den dag har eg kjempa for alles rett til å elska kven dei vil.

Jobba i åtte år som sjukehusprest

I TV2-programmet er han open om at han kjende seg usikker på om det var plass til han i Den norske kyrkja. Kyrkja sitt dåverande syn på kvinnelege prestar og seksualitet var utfordrande for Eidsvåg.

e

Som ferdig utdanna prest i 1980, tok han jobb ved Lier psykiatriske sjukehus utanfor Drammen. Jobben hadde han i åtte år, og han omtala det som ei fantastisk tid.

– Eg såg kor mykje song betyr, då eg jobba på sjukehuset.

Som sjukehusprest i psykiatrien held han samtalegruppe. Der møtte han ei kvinne som var svært sjuk og hadde mista språket. Eidsvåg tok fram gitaren og forsøkte å få i gang allsong.

– Ho begynte å synga høgast av alle. Ho song ein plettfri tekst. Etter det snakka ho som ho alltid har snakka. Songen er sterkare enn det me trur.

Framførte song frå 22. juli-markering

I «Hver gang vi møtes» tolkar kjende og mindre kjende artistar songane til kvarandre.

I den nye sesongen som starta søndag 1. januar, vart Bjørn Eidsvåg tolka av artistane Freddy Kalas, Ingebjørg Bratland, Emma Steinbakken, Kristian Kristensen, Karoline Krüger og Isah.

Ei av låtane som fekk fram tårene både hjå Eidsvåg og andre, var Ingebjørg Bratland si tolking av «Evig hvile». Songen skreiv han etter tsunamien i 2004.

Seinare vart songen knytt til 22. juli. Eidsvåg framførte den under ein minnekonsert i Oslo Domkyrkje i 2011.

– Alle må lesa den teksten, seier Ingebjørg Bratland, om songen som startar slik:

Ingenting blir noen gang som før

Før kommer aldri mer igjen

Mørket rår når endog håpet dør

Sorgen er en dyster følgesvenn

---

Bjørn Eidsvåg

  • Artist, fødd i 1954 i Sauda i Rogaland.
  • Utdanna teolog, med tilnamnet «rockepresten». Jobba åtte år som sjukehusprest i psykiatrien før musikarkarrieren tok av.
  • Har gjeve ut 28 album og vunne Spelemannprisen fire gonger. Vart kåra til Årets Spellemann i 1997 og fekk Spellemannprisens heiderspris i 2006.
  • Han er med i «Hver gang vi møtes», som blir sendt på TV2 Direkte søndag klokka 20. Episoden er også tilgjengeleg på TV2 Play.

Kjelde: Store norske leksikon og TV2

---

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion