Ein av hans nærmaste blei drept mens han var i huset

FORTELJINGAR FRÅ KRISTEN-NOREG: I oktober 2021 blei Kongsberg ramma av eit massedrap. Kantor i Kongsberg kyrkje, Matthias Anger, hamna midt oppi dramaet.

Eigentleg skulle kantor Matthias Anger (50) vore på ei korøving denne onsdagskvelden i oktober, men ho var blitt avlyst. Han og ektemannen blir heime i leilegheita i andre etasje i den rolege gata med små trehus.

Anger står og lagar mat. Om ikkje lenge ventar dei besøk.

Brått høyrer dei eit skrik rett utanfor huset. Det er ingen tvil. Dette er ikkje barnestrekar eller fulle ungdom. Det er noko i skriket som gjer dei sikre på at noko alvorleg har skjedd.

Dei spring bort til vindauget og kikkar ut. Dei har rett. Dei ser eit drama utspela seg. Ein mann med kniv. Blod. Ein nabo som er skada. Dei spring ut på gata utan å nøle. Tek ikkje ein gong på seg sko.

Er det ein krangel som har enda i vald? Kanskje dei kan avverje at det utviklar seg vidare? Anger rekk ikkje å tenkje så mykje meir. Veit berre at dei må hjelpe den skada kvinna.

Kyrkjemusikaren fortel at han i rettssaka etterpå får vita at gjerningsmannen har gøymt seg rett ved, klar til å angripe nye som kjem til staden.

Kantor i Kongsberg kirke, Matthias Anger.

Midt i dramaet

Fem menneske mista livet i Kongsberg denne oktoberkvelden i 2021. Espen Andersen Bråthen angreip tilfeldige menneske med kniv, pil og boge.

Han har sjølv sagt seg skuldig i alle fem drapa, i tillegg til elleve drapsforsøk. 24. juni i år blei han dømt til tvungent psykisk helsevern i Buskerud tingrett.

Men på dette tidspunktet veit ikkje Matthias Anger noko om dette. I det han nærmar seg kvinna kjem Bråthen mot han med kniv, som for å jage han vekk frå kvinna.

– Det var ingen teikn til nøling eller at han var usikker. Han gjekk rett på.

Anger fortel at han spring til side i det Bråthen kastar ein kniv mot han. Han ser kniven passere mellom beina. Seinare skal det vise seg at dette kanskje er andre gongen i løpet av den dagen han så vidt unngår å bli eitt av offera til gjerningsmannen.

– Verka som ein æve

– Eg kunne blitt treft, men eg var heldig.

Me sit på ein kafé, berre tre hundre meter frå heimen til Anger. Det er minus elleve grader ute, og ei låg desembersol får den snøkledde byen til å glitre.

Det er fjorten månadar sidan den vonde dagen som snudde heile sylvbyen på hovudet. Det er ikkje lett for Anger å snakke om det han opplevde, men han gjer det likevel.

Etter Bråthen hadde kasta kniven mot han forsvann han heldigvis vidare, fortel han. Anger hugsar å ha ropa ut at nokon måtte ringe politiet, han hadde ikkje ein gong tatt med seg mobilen ut. Dei var fleire personar samla ute i gata saman med den skadde kvinna. Ho døydde av skadane ho blei påført.

– I mitt hovud verka det som ein æve før politiet kom. Men i realiteten var det berre nokre minutt. Eg var heilt i sjokk.

– Eit fantastisk miljø

Anger er tysk og kjem frå Berlin, der han tok utdanning for å bli kyrkjemusikar. Han har budd akkurat halvparten av sitt femti år lange liv i Europas nordlege ytterkant. Fyrst i Tromsø, dei siste åra i Kongsberg. Og i den vesle idylliske Hyttegata har han budd i fire-fem år.

– Eg har verkeleg komme heim der. Det er eit fantastisk lite miljø.

Kantor i Kongsberg kirke, Matthias Anger.

Trehusa som stort sett har to etasjar ser reint idylliske ut, og nærmaste nabo er eit grøntområde ned mot elva Numedalslågen.

– Og medan Kongsberg kan vera ein litt «lukka» by, har me i Hyttegata fin kontakt med kvarandre.

Anger fortel om eit levande kunstnarmiljø med fleire likesinna og sommarfestar i gata.

Når det er krise treng ein kvarandre. Det handlar ikkje om å setje ord på ting. Men ein treng ein arena som kyrkja.

—  Mattias Anger

Faktisk blei aller nærmaste nabo, den eldre kvinna som budde i etasjen under Anger og mannen, ein av hans aller nærmaste.

– Ein kan ikkje velje sin eigen familie, men ein kan velje kven ein vil omgåst med. Det gjekk nesten ikkje ein dag utan at me var med kvarandre.

Dørene ut mot bakgarden stod alltid ulåste, og om sommaren stod dei som regel opne.

– Ho var litt diva

Naboen var kunstmålar, og jobba mykje med akryl på store lerret.

– Me hadde kunsten og musikken felles. Ho var ei veldig, veldig god venninne av meg. Kanskje ein sjeleven? Ein slik du sjeldan treffer. For alder betyr ingenting når ein treffer eit menneske som ein verkeleg kan snakke med om absolutt alt om. Og det kunne eg med henne. Verkeleg. Absolutt alt.

– Ho har måla det biletet forresten.

Anger peikar på veggen bak oss. Eit fargesterkt motiv i rosa og oransje står i sterk kontrast til den svarte bakgrunnen.

Ho elska å vera på kafeen me no sit på, fortel Anger.

– Ho var litt diva. Kaffien måtte koma på eit fat. Du kunne ikkje koma slik, seier han muntert, og lyftar opp skåla med kaffikoppen på.

– Men ho gjorde det morosamt altså, med humor.

– Det er ei veldig karismatisk dame. Ei dame som ein absolutt hugsar.

Nokre gonger gløymer han å bruke fortid. Var ei karismatisk dame.

Var inne i huset deira

For den traumatiske opplevinga ute i gata var ikkje slutten på vonde opplevingar for Anger den oktoberdagen. Tvert om.

Han høyrer eit skrik til. Denne gongen er det ektemannen som ropar frå inni huset deira.

Kantor i Kongsberg kirke, Matthias Anger.

Før no har ikkje kantoren tenkt tanken på at gjerningsmannen kanskje har gått inn til dei. Han ser mannen koma ut av døra med blod på kleda. Er livredd for kva som har skjedd med han.

Det viser seg at det ikkje er hans blod. Han har vore innom naboen for å sjekke korleis det går med henne. Han finn henne drepen i sin eigen heim.

– Det var heilt uverkeleg.

Anger strevar med å finne fleire, eller andre ord. Tenkjer seg om, men gjev opp.

– Det er ubeskriveleg.

Politiet har komme til staden. Seier dei må gå inn og låse døra. Gjerningsmannen er framleis på frifot.

– Me høyrde helikopter og mykje oppstyr, men me visste ingenting om kva som skjedde. Me las i media at det var ein større aksjon på gang og at gjerningsmannen ikkje var funnen.

Me naboar var saman kvar einaste dag. Me hadde eit behov for å prøve å forstå, men også får å gråte saman.

—  Matthias Anger

Anger seier dei venta inne i fleire timar på oppfylging og meir informasjon. Han var redd det kunne vera fleire gjerningsmenn.

Fem menneske mista livet i idylliske Hyttegata denne dagen. Offera Anker såg var nummer to og tre i drapsrekkja.

I ettertid har Anger tenkt på at han reagerte på at døra var låst då han skulle springe ut for å hjelpe den skadde naboen. Vanlegvis var den alltid ulåst. Av ein eller annan grunn hadde ektemannen valt å låse døra denne eine gongen.

Har drapsmannen tatt i den låste døra deira og gått vidare? Det bli spekulasjonar, men det er tankar som av og til går gjennom hovudet til Anger.

– Ein blir minna på kor skøyrt livet er.

Eit nabolag i sorg

Tida etterpå er prega av sorg og redsel.

– Det var eit stort traume. Me kjente oss ikkje trygge.

Likevel skryt han av oppfylginga dei fekk, både frå det offentlege, men også i nabolaget.

– Me naboar var saman kvar einaste dag. Me hadde eit behov for å prøve å forstå, men også for å gråte saman. Det var veldig ...

Han dreg på det. Senkar blikket og held fram:

– Intenst.

Guddommeleg musikk

Kafeen me sit på ligg berre hundre meter ned i gata frå arbeidsplassen til Anger, Kongsberg kyrkje.

Den enkle murfasaden røper ikkje det rike rokokko-interiøret som pregar innsida, med overdådige ljosekroner, rikt utsmykka losjer og Angers arbeidsinstrument, det største barokkorgelet i Norden.

Kantor i Kongsberg kirke, Matthias Anger.

Anger fortel at kyrkja hadde ei veldig viktig rolle i etterkant av tragedien. For heile byen. For som ved mange kriser er det ikkje berre dei som vanleg slit kyrkjebenkane som søkjer seg til kyrkjerommet.

– Når det er krise treng ein kvarandre. Det handlar ikkje om å setje ord på ting. Men ein treng ein arena som kyrkja.

Han fortel at kyrkja var open i fleire dagar etterpå. Her kunne folk koma for berre å vera. Eller lytte til levande musikk og tenne ljos. Eller snakke med nokon.

For Anger er det noko guddommeleg med musikk. Det er noko magisk i kor mykje ein kan kommunisere gjennom tonar.

Konsert fire dagar seinare

Me drikk opp kaffien og surrar oss inn i lag med ull og dun. Snøen knirkar så høgt under skoa at ein må heve røysta for å høyre kvarandre.

I yttergangen på kyrkja er det ikkje særleg mange gradene varmare, men inni i det aller heilagaste, i sjølve kyrkjerommet, er temperaturen betre. Mykje på grunn av det dyrebare orgelet. Det siv damp ut av ei maskin som sørgjar for at også luftfuktigheten er rett for det tyske instrumentet frå 1700-talet.

I kveld er det julekonsert med kantoriet, eller kyrkjekoret som me vanlege lekfolk kanskje ville kalla det.

Også fire dagar etter massedrapa var det planlagt ein kyrkjekonsert med kantoriet. Alle sin fyrste tanke var å avlyse den, men så kom tanken om å halde konserten likevel.

Fann saman i musikken

– Me visste ikkje om me hadde valt rett, og me tenkte gjennom det mange gonger. Men med hendinga som bakteppe blei repertoaret veldig eksistensielt og det verka liksom ... rett. Det var musikk som kledde det.

– Kva spela de?

– Mellom anna eit klassisk verk av Mendelssohn basert på Salme 42. Den heiter «Wie der Hirsch schreit» på tysk.

Som ein hjort lengtar etter vatn på norsk.

Anger stoppar opp litt. Må hente seg inn att. Dreg ei hand over andletet.

– Det er ein sterk tekst.

Salma handlar om sorg og lengsel.

Sjølv dirigerte han den kvelden. Fleire har lura på korleis han orka det.

– Eg kunne ikkje sunge eller spela. Men det å dirigere handlar i sin enkelheit om å puste saman med musikarane. Det var mi oppgåve, og det synest eg eigentleg var fint.

Kantor i Kongsberg kirke, Matthias Anger.

Dei stod saman, heile koret, orkesteret som kom frå Oslo, solistar og han som dirigent.

Og også på eit vis dei mange, mange frammøtte publikumarane denne kvelden. Dei fann saman som by i sorga. I kyrkjerommet, i musikken.

Bestemte seg for å ikkje la det styre livet

Anger bur framleis i Hyttegata. Det tok tid før han kjente seg trygg heime, men han lét det ikkje styre livet.

– Det bestemte eg meg for ganske raskt.

– Men det høyrest enklare ut enn det var, legg han til då han høyrer sine eigen ord.

No kjenner han seg trygg. Mareritta har slutta, og det går lenger mellom minna som plutseleg kan koma med uventa styrke.

– Lever du annleis enn du gjorde før den vonde opplevinga?

– Nei, ikkje noko særleg. Men det burde eg kanskje?

Han ser ut til å ha ein indre diskusjon.

– Ja, faktisk. Me burde vera meir bevisste på å telje våre dagar!

Han ler litt.

Det har gått litt over eitt år, og Anger håpar alle involverte etter kvart skal greie å sjå framover. Han vil i alle fall bli verande i huset med den lilla porten og lilla postkasser, kompromisset då naboen ville måle heile huset.

– Det er godt å bu her. Eg har så mange gode minne som gjer at eg vil vera her. Midt i den historia.

Vårt Land har orientert sonen til Anger sin nabo om at mora er omtalt i saka.

Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Mer fra: Religion