Religion

Stavkyrkje skulle fått ny tjære for tre år sidan – kommunen har ikkje løyva ei krone

STAVKYRKJE: Det er ti år sidan sist 800 år gamle Lom stavkyrkje fekk eit nytt strøk tjære. Sidan den gong er prisen blitt meir enn dobla. Men på kommunebudsjettet står det null kroner til jobben.

Arbeidet med å gje den kjende stavkyrkja i Lom eit nytt lag med tjære er allereie tre år forseinka. Men framleis er det ikkje sett av ein krone til jobben. Til Gudbrandsdølen Dagningen seier kyrkjeverje Anne Kristin Stenersen at ho er oppriktig bekymra.

– Vatn kan trengje inn i bygget og det blir ròte. Skal vi byrje å skifte ut 1000 år gamle tømmerstokkar, så raserer vi eit kulturminne, seier ho.

Høge HMS-kostnadar

Då kyrkja sist vart tjærebredd, i 2009, var kostnaden på 900.000 kroner. Den gongen vart oppgåva løyst av klatrarar med sikringstau. Men til Lom kyrkjelege fellesråd si store overrasking får dei ikkje lov å gjere det på same måte denne gongen. På grunn av nye krav til helse, miljø og tryggleik (HMS) må det settast opp stillas rundt heile kyrkja denne gongen.

Resultatet er ein dramatiske auke i pris. 2,3 millionar vil det koste denne gongen.

Dette er meir enn det dobbelte av det Lom kyrkjelege råd hadde budsjettert med.

– Vi må få kommunen med på laget dersom dette skal gå, skriv fellesrådet i eit brev til Riksantikvaren, ifølgje Fjuken.

Ikkje ei krone

Ettersom Lom kyrkjelege råd ikkje har pengar til å ta denne kostnaden, har dei spurd både kommunen og Riksantikvaren om hjelp. Arbeidet med nye tjærebreding er allereie tre år forseinka, og for å unngå skader på kulturminnet frå 1100-talet, kan det ikkje utsettast lenger. Planen no er å gjennomføre vedlikehaldet på seinsommaren neste år.

Men i kommunebudsjettet for 2022 er det ikkje sett av ei einaste krone til denne jobben. Ordførar Bjarne Eiolf Holø (Sp) meiner likevel å ha sitt på det tørre.

– Sjølvsagt skal vi bidra, men vi er i dialog med Riksantikvaren om å ta ein større andel av kostnadane. Kyrkja er vårt felles ansvar, seier han til Gudbrandsdølen Dagningen.

---

Lom stavkyrkje

  • Stavkyrkja, som lokalt berre blir kalla Lomskyrkja, er oppført på slutten av 1100-talet.
  • Det trengst det om lag 645 kilo milebrent tjære for å dekke vegger, tak og mur på kyrkja.
  • Milebrenning er ein tradisjonell metode for å produsere tjære. Tjæra må godkjennast av Riksantikvaren.
  • I mellomalderen var det minst 750 stavkyrkjer i Noreg, skriv Store Norske Leksikon. Av desse er berre 28 bevart.

(Kjelder: Store Norske Leksikon, Riksantikvaren)

---


Les mer om mer disse temaene:

Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion