Bergen kommune og Akasia går inn i formelle forhandlingar eit oppkjøp av selskapet sine barnehagar i Bergen, skriv Bergens Tidende.
For kort tid sidan blei det kjent at Bergen kyrkjelege fellesråd (BKF) må nedbemanne med ti årsverk fordi overføringar av utbytte frå Akasia-konsernet har uteblitt. Akasia driv i alt 20 barnehagar, i tillegg til tenestar for mellom anna kyrkjebygg og gravplassar, og er eigd av sokna i BKF.
Til Bergens Tidende seier styreleiar Tor André Ljosland at eigarane aldri har tatt ut utbytte frå Akasia.
– Likevel har høg gjeldsgrad og usikre rammevilkår gjort det krevjande for oss å oppnå gode økonomiske resultat. Dette er grunnen til at me no har gått i dialog med kommunen om eit mogleg sal, seier Ljosland.
[ Normisjon krever at forening bryter med Visjon Norge ]
Mål: Fleire kommunale barnehagar
Både bystyret og Akasia si generalforsamling må godkjenne saka før eit sal kan skje. I plattforma til byrådet i Bergen er det eit mål om å auke den kommunale delen barnehagar.
– Eit eventuelt kjøp av desse barnehagane vil bidra til dette målet, seier byrådsleiar Roger Valhammer til BT.

Då Vårt Land omtalte nedbemanninga i Bergen kyrkjelege fellesråd, sa Bergen-domprost Gudmund Waaler at barnehagedrift gjennom Akasia er viktig, sjølv om overskotet uteblir.
– Fellesrådet ser på barnehagedrift som eit viktig kyrkjeleg anliggande, uttalte Waaler då.
Avviser krav om tilbakebetaling
I ein tilsynsrapport frå 2019 peikte Bergen kommune på økonomiske lovbrot knytt til drifta av barnehagar i Akasia-konsernet, og kravde tilbakebetaling på 28 millionar kroner.
Direktør i Akasia AS, Jan Arthur Hammer, har fortalt Vårt Land at kommunen sitt vedtak fortsatt er objekt for ei klagesak, og at dei avviser kravet om tilbakebetaling.
– Me gav eit tilsvar etter rapporten 2019. I fjor gjorde kommunen eit vedtak i saka, som me no har klaga på – vanlegvis vil det gå vidare til fylkesmannen. Den klaga har me ikkje fått svar på, sa Hammer.
---
Akasia-konsernet
- Oppretta i 2012, og driv tenestar innan barnehage og eigedom.
- Eigd av sokna i Bergen kyrkjelege fellesråd (BKF).
- Har om lag 550 tilsette.
---
[ Gjerdrum-presten: «Jeg går fortsatt med vondt i magen og sover dårlig» ]