Spenninga mellom kallet på den eine sida, og behovet for å gjere yrket tiltrekkande på den andre, slit i enkelte norske prestar.
Presteforeningen er ute i sin første streik, og opplever «massiv støtte». Ifølgje leiar Martin Enstad er stor semje om at prestars løn betyr mykje for rekrutteringa.
Samtidig veit han at pliktene i ordinasjonen kan vere vanskelege å legge frå seg. Prestar vil ikkje at sårbare menneske skal stå åleine, og skjønar det er vanskeleg å skulle gå ut av teneste.
[ Sunniva Gylver nekter å streike – truer med å melde seg ut av Presteforeningen ]
Då arbeidstid og løn møtte kyrkja
For åtte år sidan var generalforsamlinga i Presteforeningen delt. Fram til 2012 hadde dei ei sjølvpålagt reservasjon mot å streike, men to tredelar bestemte då at dette skulle gå an framover.
– Ei slik spenning i denne yrkesgruppa er ikkje så overraskande, seier Fafo-forskar Kristine Nergaard, ein av Norges fremste ekspertar på fagforeining og streik.
I Presteforeningen er det stor variasjon i alder. Medlemmane som har kome til dei seinare åra, har gått inn i ei presterolle som er annleis enn før. Det er naturleg at desse er meir opptatt av arbeidstid, pensjon og tariffløn enn den førre generasjonen, trur forskaren.
– Men det er ikkje berre ei generasjonssak. Det har òg med korleis dei tenker om rolla si, seier Nergaard.

Frå embetsmann til arbeidstakar
Fagforeiningsforskaren trur yrket prest ser annleis ut i dag, både frå innsida, og ute i befolkninga.
– Ein har gått frå å vere ein autoritetsperson, ei sentral rolle i lokalsamfunnet, som folk har sett opp til og kanskje hatt litt ærefrykt overfor.
Embetsstatusen, kor prestane var ein del av det norske statsapparatet, har forsvunne. Sett på spissen, var det historisk «gutta i industrien» som streika, ikkje prestar i embetsrollar, fortel Nergaard.
Mange har ikkje lenger heimeverande ektefeller som gjer at ein (mannleg) prest kan bruke tida si fritt. At fleire kvinner har kome til yrket, har og hatt tyding. Når ein etterkvart har måtta bygge opp yrket på nye måtar, har det blitt synleg at andre yrke, med like lang utdanning og like stort studielån, har gått forbi prestane på løn og arbeidsforhold.
– I tillegg til at litt av denne gamle embetsforståinga kan henge igjen, ser ein òg at nokon tenker så sterkt om kallet sitt at dei ikkje kan gå i streik, seier Fafo-forskaren.
Nergaard fortel at det i Danmark finst ei fagforeining for dei som meiner det er «ukristeleg» å streike.
---
Dette er streiken:
- Natt til 12. desember blei 21 tilsette i kyrkja tatt ut i streik.
- Det skjedde etter brot i meklinga mellom Unio KA (paraply for arbeidstakarane) og arbeidsgivarforeininga KA.
- 10 av 22 fagforeiningar i kyrkjeleg sektor valde å bryte forhandlingane i hovudtariffoppgjeret i oktober.
- Bakgrunnen for streiken er at såkalla «garantiløn» for prestar blir redusert med inntil 65.000 kroner neste år, ifølghe forhandlingsleiar Kristian Mollestad i Unio KA.
---
Derfor er årets streik «historisk»
Det er ikkje nytt av 2020 at prestar er opptatt av rettane sine, og å sikre god startløn for å gjere yrket attraktivt. Men i år er det kanskje synlegare enn før.
Tidlegare, då kyrkja var ein del av staten, var prestane nemleg omfatta av forhandlingane som alle dei andre statlege tilsette også var med i.
– No som det ikkje er ein felles statsstreik, men ein kyrkjestreik, blir dei mykje tydelegare. Men så lenge ein vil ha ein tariffavtale og vilkår for yrket, så kan ikkje andre streike på vegne av prestane.

Gjeld berre eit fåtal, ifølge PF-leiaren
Dei prestane som støttar streiken er i eit overveldande fleirtal, kan presteforeiningsleiar Martin Enstad fortelje.
– Prestar hadde ikkje latt seg ta ut i streik for noko dei oppfattar som detaljar. Eg opplever at folk skjønar at dette no er heilt vesentleg med tanke på kyrkjas framtid, seier han.
«Kyrkjas framtid» handlar om å rekruttere nok folk til teneste. Enstad meiner prestane ser samanhengen mellom at lågare løn ikkje vil løfte kyrkja ut av bemanningskrisa.
– Eg forstår at det er stor personleg smerte for prestar å gå ut i streik, men også for diakonar, kateketar og kantorar. Til samanlikning har også lærarar og sjukepleiarar eit idealistisk grunnlag, kor ein er opptatt av den viktige jobben med menneska og relasjonane ein har ansvar for, seier fagforeiningsleiaren.
Allereie har arbeidsgivar søkt om dispensasjonar for gravferder, og fått det innvilga.
[ Kyrkja blir tømt for prestar – kan mangle 200 om fire år ]