Religion

Den nye katolske biskopen i Trondheim: – Utnemninga blei eit slags eksistensielt sjokk

Den nye katolske biskopen i Trondheim, Erik Varden, kom til stillinga frå klosterlivet. Utnemninga til biskop utløyste ein kroppsleg og eksistensiell reaksjon.

Bilde 1 av 2

Erik Varden blei utnemnt til katolsk biskop i Trondheim i oktober i fjor. Han tok imot utnemninga i tru, men kjente at han var sliten, fortel han i podkasten Dokka. På dette tidspunktet hadde han vore igjennom nokre store arbeidsprosjekt i trappistklosteret der han var abbed, Mount Saint Bernard nordvest for Leicester i England. Munkane hadde fått bygd om store delar av huset og grunnlagt eit bryggeri.

– Eg visste at eg bar på ein stor trøttleik, seier Varden.

– Utnemninga til biskop blei eit slags eksistensielt sjokk.

Lang sabbatstid

Han tenkte først at det skulle gå bra om han berre fekk eit par veker med åtte timar søvn kvar natt. Men kroppen sa klart ifrå om at det ikkje var nok. Varden blei først vigsla til biskop i oktober i år, eitt år etter utnemninga.

– Eg fekk ei sabbatstid på fleire månader, som var ein heilt nødvendig periode for den indre omstillinga mi og som har gjort godt for helsa, seier Varden.

Omgrepet «sjukmeldt» er eigentleg ikkje eit omgrep som blir nytta i klosterlivet, fortel munken, som framleis er munk sjølv om han no også er blitt biskop. I klosteret handlar det om å leve eit balansert liv, som er eit sunt liv.

– Men det var for mange eksepsjonelle hendingar som hadde samla seg opp. Ein burde ikkje kunne bli utbrent i klosteret. Så la det vere ei åtvaring, seier Varden med eit smil i stemmen.

Beina på jorda

I samtalen med Åste Dokka fortel den katolske biskopen om den nye boka si, Lengsel er mitt vesen. Ein viktig tematikk er det å vere audmjuk, som Varden oppfattar som ein eigenskap ikkje alle har eintydig positive assosiasjonar til.

– Å vere audmjuk er å vere jordnær. Det er å ha beina godt planta på jorda, seier han.

– Det handlar om å vere rotfesta i det ein faktisk er, komme fram til sanninga om seg sjølv – og akseptere og integrere denne.

Når ein klarer det, får Gud i si miskunn verke i kvar enkelt menneske.

– Guds kraft blir fullbyrda og viser seg på sitt vakraste i vår svakheit, seier Erik Varden.

Hør hele intervjuet i Vårt Land-podkasten Dokka:

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion