Kultur

Muren stod stille for Roger Waters

Teknisk trøbbel reiv ned dynamikk.

Roger Waters var uheldig med teknikken under den siste The Wall-konserten i Telenor Arena i helga. Etter å ha brukt første «akt» til å byggje opp ein diger mur på scena, skulle han synge ein av dei første låtane i andre akt gjennom ei luka i muren. Denne luka opna seg aldri, og Waters-crewet brukte eit kvarter før dei forstod at feilen ikkje lét seg fikse. Femten minutt er lenge i ein rockekonsert.

Då hjelpte det lite at ein sporty Roger Waters gjorde sitt beste for å halde liv i publikum, med ein heller sliten vits om den russiske eks-presidenten Gorbatsjov og den vakre granddottera hans.

Storslått. Det tekniske uhellet fjerna dessverre ein del av dynamikken i konserten, som elles var omtrent som ein kunne forvente frå Waters. Stødig, solid, storslått, på grensa til pompøst – eit visuelt show i toppklasse, med nypussa konseptuell ramme.

The Wall var i utgangspunktet basert på Waters' framandkjensle overfor Pink Floyds støyande rockepublikum, kombinert med personlege opplevingar frå barndommen. The Wall anno 2011 har ein oppdatert politisk bodskap, som fjernar Waters endå ein smule frå publikum, men som likevel må seiast å fungere ganske godt. Det er framleis anti-autoritet. Opprør mot kontroll. Elev mot tyrannisk lærar. Men mest av alt anti-krig. Ein protest mot bombar og murar.

Vellukka. Trass dei tekniske vanskane for Waters, var konserten søndag kveld eit vellukka show. Då muren stod taus og stille framfor publikum, mens teknikaren truleg jobba på spreng bak fasaden, slo det meg: Det er lettare å bygge murar enn å rive dei.

Det er nok nyttig lærdom for oss alle.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur