Verden

Leger Uten Grenser: Israelske styrkar har teke kontroll over Al-Awda-sjukehuset

GAZA: Israelske soldatar har teke kontroll over Al-Awda-sjukehuset i Gaza etter ei tolv dagar lang omleiring, opplyser Leger Uten Grenser, som har seks tilsette der.

– Menn over 16 år, blant dei seks Leger Uten Grenser-tilsette, vart dregne ut av sjukehuset, avkledde, bundne og avhøyrde, opplyser Leger Uten Grenser i ei fråsegn sendt til NTB tysdag kveld.

– Etter avhøyra vart dei fleste av dei sende inn igjen og fekk beskjed om å ikkje bevege seg, heiter det vidare.

Al-Awda-sjukehuset ligg i Jabalia-området nord på Gazastripa. Det er framleis titals pasientar innlagde på sjukehuset, blant dei 14 barn, opplyser Leger Uten Grenser.

– Sjukehuset er tomt for livsviktige medisinske forsyningar som generell bedøving og oksygen, ifølgje uttalen.

Ifølgje helsedepartementet i Gaza held den israelske hæren 240 personar innesperra på sjukehuset. Blant dei er 80 medisinsk tilsette og 40 pasientar, opplyste talsperson for departementet Ashraf al-Qedra til nyheitsbyrået AFP tidlegare tysdag. Sjukehusdirektør Ahmad Mhanna er arrestert, ifølgje Qedra.

Gjennom dei ti siste vekene har Al-Awda vorte kringsett og angripe, og helsepersonell er drepne i eksplosjonar, ifølgje Leger Uten Grenser.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verden