Verden

Afghanar som jobba for Noreg: – Håpar me blir redda raskt. Alt i morgon er det farlegare for oss her

AFGHANISTAN: Lokalt tilsette for Noreg i Afghanistan, som ikkje søkte asyl i 2015, kan likevel få søknaden sin handsama. – Veldig gode nyhende, seier eks-tilsett afghanar, som sit i skjul i heimen sin. Han er derimot uroa over kor lang tid prosessen vil ta.

– Eg har ikkje sjølv fått eit formelt avslag, og eg har heller ikkje levert ein skriftleg søknad. Då dei norske styrkane reiste frå byen i 2014, bad me som hadde jobba for dei om at dei måtte flytte oss også, fortel den eks-tilsette afghanaren.

Gjennom fire år arbeidde han med vaktmeisteroppgåver og reinhald i den norske delen av militærleiren Camp Nidaros i Mazar-e Sharif.

– Dei tok eit kort intervju med oss, men me fekk beskjed om at dei ikkje hadde høve til å flytte dei lokale som hadde jobba for dei norske styrkane, seier han.

Får likevel moglegheit

Søndag melde Vårt Land at regjeringa likevel skulle vurdere sakene til eks-tilsette i Afghanistan. Det var derimot uklart om dei ville vurdere sakene til dei som ikkje sende søknad. No klargjer justisminister Monica Mæland situasjonen:

– I samband med handsaminga av saker etter 2015-instruksen, fekk ti personar avslag av tungtvegande grunnar. Det blir ikkje lagt opp til å handsame desse søknadene på nytt, seie Mæland til NTB måndag morgon.

Ho melder at det derimot finst grupper som ikkje var dekte av 2015-instruksen, eller som av ulike grunnar ikkje søkte i 2015.

– Desse gruppene kan no bli handsama, i ljoset av den alvorlege situasjonen, opplyser Mæland.

Justis- og beredskapsminister Monica Mæland (H) åpner for at noen asylsøknader fra tidligere ansatte i Afghanistan kan behandles i lys av den alvorlige situasjonen i landet.

Fryktar at dei blir funne

Det vil seie at den eks-tilsette som Vårt Land har prata med, vil kunne få saka si handsama. Han set stor pris på at det skjer.

– Det er veldig gode nyhende. Me er takksame, og eg, kona, barna, mor mi, ja, heile familien håpar at me blir redda ut.

Mannen fortel at han har vore i skjul i heimen sin dei siste to døgna, og han opplever situasjonen som veldig farleg for heile familien.

På laurdag tok Taliban tok Taliban kontroll over Mazer-e-Sharif, landets fjerde største by, og staden der han sjølv og mange av dei andre tidlegare eks-tilsette i Forsvaret held til.

Utanfor huset ser han Taliban-krigarar. Han fryktar leitinga etter dei som tidlegare har arbeidd for utanlandske styrkar snart vil starte.

– Farlegare alt i morgon

Mannen, som har kone og ei dotter på tre år, er overtydd om at han vil bli enkel å finne for dei.

– Me elskar heimbyen vår. Når me ber om asyl, er det fordi me vil overleve, har han tidlegare sagt til Vårt Land.

No er hans største håp at det blir fortgang i den nye handsaminga av saker.

– Alt i morgon vil situasjonen vera farlegare for oss, seier han.

Den tidlegare tilsette for Noreg, spør om Vårt Land har meir informasjon om når prosessen vil starte. Førebels er det uklart om kor lang tid styresmaktene treng for å handsame nye søknader.

Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verden