Uvøren såmann

Likninga om såmannen og dei ulike jordsmonna er mellom barndommens mange bibelforteljingar.

Publisert Sist oppdatert

Opp på flanellografen på sundagsskulen kom ein berrføtt mann som heldt ei vid korg på hofta, der såkornet låg gyllent i solskinet. Vi sådde ikkje mykje korn i bygdene rundt Bergen, men det stod age om bondens så-onn, jamvel for oss potetdyrkarar.

Men korleis bar han seg åt med det dyrebare kornet? Kasta han det ikkje i aust og vest utan å passa på kvar det hamna! Og kom ikkje småfuglane der på flannelografen og åt det opp etter kvart. Eller klungeren grodde; og den sterke sola sveid av ivrige spirer i grøftekanten. Endeleg kom han til ein skapleg åker så i alle fall noko av såkornet fekk ein sjanse til å veksa seg sterkt og innhaldsrikt.

Jesus fortalde gjerne i likningar. Folk forstod det ikkje. Men den gode, underlege forteljinga er ein sterk plante i seg sjølv, og står der og ventar på forstanden kor lenge som helst.