Statsminister Erna Solberg ivrig på kristenmøter
På fire månadar skal statsminister Erna Solberg (H) ha fire møter med Kristen-Norge.
Statsminister Erna Solberg (H) på festgudsteneste i Nidarosdomen i samband med Kyrkjemøtet 2017. Her saman med kyrkjerådsleiar Kristin G. Raaum.
Wold, Ole Martin
I januar sat Norges regjeringssjef på fremste benk i Nidarosdomen. Erna Solberg deltok på festgudstenesta på Kyrkjemøtet 2017, Den norske kyrkjas breie folkevalde organ. På stolen ved sidan av statsministeren sat Den norske kyrkjas fremste tillitsvalde, kyrkjerådsleiar Kristin G. Raaum.
Laurdag går Erna Solberg på talarstolen i Oslo kongressenter for å tale til ein sal full av kristne kvinner. Erna Solberg har takka ja til å delta på den årlege konferansen til stiftinga JesusKvinner, eit pinsekarismatisk nettverk som samlar kvinner frå fleire kyrkjesamfunn.
– Sentrale norske politikarar kan ikkje oversjå at religion er ein blitt ein viktig arena, seier religionssosiolog Pål Repstad, professor ved Universitetet i Agder.
Bestill abonnement her
KJØP