Politikk

Hovudstadens byråd ønskjer å regulere trussamfunn

Både dei som trur og ikkje trur skal bli møtte med respekt i Oslo, lovar byrådet. Men det ønskjer å ta statsstøtta frå trus- og livssynssamfunn som ikkje praktiserer likestilling og inkludering.

– Me vil arbeide for regelendringar på nasjonalt nivå, fortel kulturbyråd Rina Mariann Hansen (Ap), som har ansvaret for hovudstadens trus- og livsynsspolitikk.

Arbeidarpartiet, SV og MDG la i går fram den politiske plattforma mindretalsbyrådet skal styre Oslo etter. Her skriv byrådet at det vil «jobbe opp mot staten for å få mulighet til å stille krav om likestilling og inkludering til organisasjoner og livssynssamfunn som mottar offentlig støtte.»

LES MEIR: Ap-Johansen reagerer på kvinnemangel i styrer

Kartlegging viste fram kvinnefrie styrer i trussamfunn

Punktet er ei oppfølging av utspelet byrådsleiar Raymond Johansen (Ap) kom med i vår. Han ønskjer å straffe trus- og livsynssamfunn som ikkje har 40 prosent kvinner i styra, økonomisk. Bakgrunnen var ei kartlegging av muslimske trussamfunn: Over 70 prosent av norske moskear har ingen kvinner i styret, sjølv om dei får nesten 170 millionar kroner i statsstøtte.

Då Ap-forslaget blei handsama i Stortinget i vår, fekk det ikkje fleirtal. Men det stoppar ikkje det attvalde byrådet i Oslo. Kulturbyråd Hansen seier ho ønskjer «eit ris bak spegelen» i møte med trus- og livssynssamfunn som ikkje praktiserer likestilling og inkludering.

– Altså retten til å ta frå dei offentleg støtte?

– Ja.

Byrådet fekk kritikk i 2015

I 2015 var ikkje det raudgrøne byrådet i Norges mest multireligiøse by, opptatt av religion i erklæringa dei la fram - og hausta difor kritikk:

- At religion går heilt under deira politiske radar i ein by der det er viktig for så mange menneske, er svært interessant og alarmerande, sa kulturrådgjevar i Oslo bispedømme, Knut Erik Tveit, til Vårt Land.

Vårt Lands gjennomgong av byrådserklæringa i 2015 avdekte at «religion», «livssyn» og «kirke» ikkje blei nemnd. Ordet «trossamfunn» var nemnd éin gong.

Vel andre ord i 2019

Fire år seinare ordlegg partia seg annleis. I byrådserklæringa for 2019-2023 er «religion» med i to punkt:

«Økningen i hatkriminalitet mot personer på grunn av seksuell orientering, kjønn, kjønnsuttrykk, etnisitet eller religion må tas på største alvor.»

«Byrådet vil legge frem en egen handlingsplan mot hatefulle ytringer, islamofobi og andre former for religionsforfølgelse.»

Som i 2015 er «trossamfunn» omtalt ein gong: «Byrådet inviterer mangfoldet av trossamfunn og livssynsorganisasjoner til å bidra i utviklingen av hele byen slik at vi skaper en enda bedre by å leve hele livet.»

«Kirke» får ingen omtale.

LES MEIR: Oslo Ap med kvinnekrav

Tru del av Osloløfte

«Livssyn» og «tro» blir i år løfta fram i fleire punkt:

«Oslo skal være en inkluderende by for ulike livssyn. I vårt fellesskap skal det være respekt for frihet til ikke å tro, til å tro. Vi hegner om retten til å ytre seg. Byrådet inviterer mangfoldet av trossamfunn og livssynsorganisasjoner til å bidra i utviklingen av hele byen slik at vi skaper en enda bedre by å leve hele livet.

Byrådet løftar også fram «tro» inn i eitt av ti Osloløfte som skal vise veg fram mot 2030: «Osloløfte 9: I Oslo skal alle få være den de er og møtes med toleranse, respekt og inkludering, med frihet til å ytre seg fritt og til å tro eller ikke tro.»

 

Religion handlar om identitet

– Kvifor omtalar det religion, livssyn og tru i så mange punkt i denne erklæringa, Hansen?

– Me meiner det er viktig å løfte fram religion og livssyn i byen, me ser at trussamfunna spelar ei viktig rolle i frivilligarbeidet i Oslo og me ser at religion er viktig for identiteten til mange, forklarar kulturbyråd Hansen.

Ho meiner også at interessa for trus- og livssynsspørsmål er større i bystyret enn på lange, og rosar KrFs forslag om å setje ned eit trus- og livssynsutval. Dette utvalet skal levere sin rapport neste år.

---

Byråd

  • Arbeidarpartiet, SV og MDG har styrt Oslo sidan 2015, Arbeidarpartiets Raymond Johansen har vore byrådsleiar.
  • Ved kommunevalet i september blei det raudgrøne byrådet attvalt, og Johansen held fram som leiar av byrådet.
  • Etter forhandlingar, som starta 20. september, la dei tre partia fram ei politisk plattform i går.

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Politikk