Kristne politikarar om Halldorf-kritikk: – Grov skulding, seier KrF-politikar
KRISTENSIONISME: SV-leiar Kirsti Bergstø meiner ein ikkje kan bruke Bibelen til å forsvare det som skjer på Gaza-stripa. Joel Ystebø meiner ein har rett til å kjempe si sak.


– Kristne viser blind tillit til Israel fordi ein meiner at alt som skjer er ein del av Guds plan. Då lukkar ein auga for palestinarar si liding og krigsforbrytingane, seier den svenske teologen Joel Halldorf.
I ein artikkel i Vårt Land kritiserer han såkalla kristensionisme, ein teologi som han meiner ein finn i evangelikale miljø, særleg i USA, men også i Sverige og Noreg.
– Eg meiner det er ei grov skulding, og heilt annleis enn slik eg kjenner Kristen-Noreg, seier første kandidat i Hordalan KrF, Joel Ystebø, som understrekar at han meiner mykje av dette er del av ein teologisk debatt og ikkje ein politisk debatt der han uttalar seg om det politiske.
Han ser andre haldningar i miljøa Halldorf kritiserer, og seier at der er det eit djupt ønske om å stanse lidinga på begge sider. Han forstår også nokre av haldningane i desse miljøa.
– Dessutan meiner eg at historia har vist at jødane treng eit jødisk heimland, og at dei treng å kunne forsvare eg mot dei som vil dei vondt.

Partileiar i SV, Kirsti Bergstø meiner det er ei marginal kristen gruppe som har desse haldningane i Noreg, men stiller seg kritisk.
– Det er ingen tvil om at desse gruppene finst, og eg meiner tankegodset her er djupt problematisk. No er det ingen støtte i bibeltekstane eller Jesu ord og handling som kan forsvare det som skjer, seier politikaren som også sjølv er kristen.
Skilnad mellom Sverige og Noreg
Kristensionismen er ein teologi som inneber at ein ser den noverande konflikten i Midtausten som eit teikn i tida, der kristensionistar spekulerer i at pågåande krigshandlingar leier til eit potensielt armageddon eller Jesu gjenkomst.
Bergstø meiner kritikken til Halldorf treff ein del miljø i Noreg, men ho trur den treff meir i svensk og amerikansk kristendom enn i norsk kristendom.
– Norsk kristendom er ikkje i all hovudsak prega av den type tanke eller kristensionisme.
Ho meiner ein finn majoritetsuttrykket for kristen tru i Den norske kyrkja, og legg til at den har teke avstand frå denne måten å tenkje om Israel på for lenge sida.

– Den har også teke tydeleg stilling for solidaritet med det palestinske folk. Og uttalt at ein ikkje moralsk skal dømme dei same handlingar på ulikt vis eller etter forskjellige standardar.
Bergstø løftar fram Den norske kyrkja si uttale om solidaritet til Palestina.
– Det har vore med på å prege den offentlege debatten i Noreg, at kyrkja har vore tydeleg.
Likevel ser ho poenget til Halldorf:
– Sjølv om haldningane ikkje er tonegivande eller ikkje representerer store miljø, får dei stor plass i den offentlege debatten og gjer mykje ut av seg.
Men slik som ho trur kristendommen utartar seg annleis i Noreg enn i Sverige og USA, meiner ho vi er stilt annleis politisk.
– Vi har ein anna situasjon som eg meiner er positiv. Ein skal ikkje lenger enn til Sverige for å sjå at debatten er annleis i forhold til Palestina.
Meiner situasjonen er annleis i Noreg
– Erfaringar frå USA viser at kristensionistiske grupper driv ein målretta strategi for å påverke amerikanske politikarar i retning av ein aggressiv israelspolitikk, seier Halldorf i sin kritikk.

Joel Ystebø meiner ein må ha lov å kjempe for si sak.
– Kristensionistar, altså kristne som trur på et jødisk heimland i det området der jødane er urbefolkning, har rett til å kjempe for det dei trur på og påverke politikarar etter beste evne.
Han meiner politikarane sjølv står til ansvar for kva politikk dei vil føre. Men han legg til at han ikkje kjenner nokon miljø av betydning i Noreg som vil ha ein aggressiv politikk.
– Slik eg kjenner kristensionistar i Noreg, er dei oppteken av at Israel skal leve trygt innanfor anerkjende og forsvarbare grenser, og at verda må stå saman for å unngå eit nytt holocaust.
Opplever at fokuset er feil
Joel Halldorf meiner at å argumentere for at det som
skjer i Gaza er ein del av Guds plan går i mot det kristne mandatet og seier at
kristne er kalla til eining og forsoning.
Det er Kirsti Bergstø eineg i:
– Det er eit perspektiv eg deler fullt ut. Eg kan ikkje finne noko i bibeltekstane eller i Jesu ord og handling som forsvarar eit slikt syn. Eller som gjer det legitimt å føreseie eit slikt syn.
Bergstø meiner at å forsvare det som skjer på Gaza er langt unna den kompromisslause kampen for menneskeverd, fred og likeverd som ho sjølv trur på.
Tidlegare i saka sto det at det var Joel Ystebø som sa: – Det er eit perspektiv eg deler fullt ut. Eg kan ikkje finne noko i bibeltekstane eller i Jesu ord og handling som forsvarar eit slikt syn. Eller som gjer det legitimt å føreseie eit slikt syn. Dette var feil, det var Kirsti Bergstø som seier dette. Det vart enda laurdag kveld, 28.06.25 klokka 23.03.