Klima

USA-kristne vitskapsfolk: Klimaspådommar falskneri

Vitskapsfolk med evangelisk kyrkjebakgrunn hardt ut mot katastrofevarsel.

Gruppa med forskarar, økonomar og teologar høyrer til evangeliske krykjesamfunn i USA og langa ut mot dei dystre klimaspådommane på ein konferanse torsdag, melder Christianity Today . Det sterke utfallet kom berre dagar før toppmøtet om klima kjem saman i København.

Vitskapsfolka med evangelisk kyrkjebakgrunn hevdar, stikk i strid med det mange forskarar seier - medrekna FNs klimapanel, at auka CO2-mengde i atmosfæren ikkje har negative følgjer for livet på jorda.

LES OGSÅ: Biskopene lanserer klimakalender på nett

- Ingen forstår i grunnen klart korleis jorda svarar på den auka mengda av drivhusgassar, seier den amerikanske kristengruppa frå ulike akademiske fagfelt.

- Det ser ut til å vere ei misforståing rundt vitskapen, seier dr. Roy Spencer. Han er klimaekspert og forskar ved University of Alabama i Huntsville. Konferansen vart arrangert i regi av The Heritage Foundation.

LES OGSÅ: Norske klimakutt koster deg 17.000 kroner

- Religiøs. Han åtvara torsdag mot å tru at forsking er så enkelt som å gjere målingar.

- Tru det eller ei, men dei fleste vitskapsfolka, truleg alle vitskapsfolka eg kjenner, som arbeider med klimaendringar, har religiøse syn på jorda og kor skjør den er, og det fargar måten dei tolka data på, sa Spencer, ifølgje Christianity Today.

Spencer viste mellom anna til lekkasjar av epostar mellom forskarar innanfor FNs klimapanel, epostar som er blitt forstått slik at dei saman har «konspirert» for å styrkje konklusjonen om menneskeskapte klimaendringar.

LES OGSÅ: FN vil granske klima-epostar

Spencer sa at epostane viser korleis klimaforskarar har eit religiøst syn på kor skjør jorda er.

LES OGSÅ: Solheim fikk 30.000 klimaunderskrifter

Pilegrimar. I København er tonen ein annan dagar før toppmøtet. Der planklegg fire religionar ei felles pilegrimsvandring mellom sine hovudsete i den danske hovudstaden komande fredag, melder Kristeligt Dagblad.

Poenget er å vekkje politikarane til handling og plante håp i folks hjarte, melder avisa.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Klima