Innenriks

Juleamnesti for lengeverande asylsøkjarar framleis ikkje innført

Snart eitt år etter at regjeringa varsla eit juleamnesti for dei lengeverande papirlause asylsøkjarane i Noreg, har ikkje noko skjedd.

Norge — Ifølgje Justis- og beredskapsdepartementet har saka vore på høyring og høyringsutsegnene blir no gått gjennom av departementet. Arbeidet har vorte forseinka på grunn av koronapandemien, skriv Dagbladet.

– Krisa vi no er inne i har dessverre gitt forseinkingar på fleire saker. Derfor har KrF i regjering vore utolmodige på oppfølginga, og det blir no jobba for å komme med eingongsløysinga så raskt som mogleg, seier KrF-leiar Kjell Inge Ropstad.

Ifølgje Ropstad er det sett av pengar til å følgje opp løfta i 2021.

Juleamnestiet vil omfatte rundt 50 personar. Blant krava for å bli omfatta av amnestiet er at ein ikkje kan vere straffedømt, at ein har budd i Noreg samanhengande i 16 år og at alder og opphaldstid til saman må utgjere minst 65 år.

(©NPK)

Les mer om mer disse temaene:

NTB Nyheter

NTB nyheter

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Innenriks