Ein av fire er misnøgde med Støres innsats

I alt 24 prosent meiner Jonas Gahr Støre gjer ein dårleg jobb som statsminister, viser ei VG-måling.

Det er ei aukande misnøye med jobben statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og regjeringen gjer, viser ei undersøking. Foto: Terje Bendiksby / NTB / NPK
Det er ei aukande misnøye med jobben statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og regjeringen gjer, viser ei undersøking. Foto: Terje Bendiksby / NTB / NPK
Publisert Sist oppdatert

34 prosent av dei spurde meiner Støre gjer ein god jobb, medan 38 prosent svarer at han verken gjer ein god eller dårleg jobb. Det er omtrent like mange som i november og i januar, men målinga viser ei aukande misnøye med statsministeren.

– Det er eit dårleg teikn for Støre og for regjeringa, seier valforskar Johannes Bergh ved Institutt for samfunnsforsking til VG.

Han peikar på straumkrisa og koronapandemien som årsaker til at Ap-Sp-regjeringa har komme dårleg ut dei første fem månadene.

– Tilbakegangen for regjeringa har vore dramatisk i løpet av det første halve året, og større enn for regjeringar ein kan samanlikne med bakover i tid, seier Berg.

Aps partisekretær Kjersti Stenseng viser til at det er høge forventningar til arbeidet til regjeringa og statsministeren.

– Eg trur mange kjenne på utryggje, både på grunn av krigen i Ukraina, prisvekst og ustabile tider. At folk er utolmodige og frustrerte skjønner eg veldig godt, skriv ho i ein e-post til avisa.

Målinga er gjennomført av Respons Analyse mellom 9. og 14. mars blant 1.000 spurde.