Nyheter

Éin av fem nordmenn seier dei vil boikotte Eurovision på grunn av Israels deltaking

Éin av fem nordmenn svarer at dei ikkje vil sjå på Eurovision i år på grunn av Israels deltaking, viser ei ny undersøking frå Respons Analyse på oppdrag frå VG.

To av tre norske Eurovision-sjåarar svarer også at dei meiner Israel ikkje burde få lov til å delta i den populære songkonkurransen, ifølgje VG-undersøkinga.

Bakteppet for undersøkinga er debatten som har rasa dei siste månadene om Israel burde på delta så lenge krigføringa i Gaza går føre seg. Israels angrep dei siste dagane mot den sørlege grensebyen Rafah, der over éin million internflyktningar har søkt tilflukt, har kasta ytterlegare bensin på bålet.

Det er NRK som kringkastar Eurovision i Noreg. Underhaldningsredaktør Charlo Halvorsen seier han synest det er naturleg at mange meiner Israel ikkje bør få delta.

– Men det er ei avgjerd NRK ikkje er involvert i, seier han til VG.

– Om ein vel å bruke kvelden på å sjå Eurovision må publikum sjølv avgjere.

Torsdag kveld skal Noregs bidrag, Gåte og låten «Ulveham», i semifinale – som den nest siste framføring for kvelden, rett etter Israel, som blir representert av Eden Golan og songen «Hurricane».

Det er venta store demonstrasjonar i Malmö torsdag som følgje av Israels framferd.

Les mer om mer disse temaene:

NTB Nyheter

NTB nyheter

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter