Nyheter

Presidenten i Stortinget avslår invitasjon til Israel

HAMAS-ISRAEL-KRIGEN: Stortingspresident Masud Gharahkhani (Ap) er invitert til Israel. Han takkar nei til å sjå nærare på dei dødelege terrorangrepa 7. oktober. – Veldig trist, seier Israel-ven.

Han er nest etter kongen i rang, han som no takkar nei til offisiell studietur til Israel:

«Det stemmer at stortingspresident har mottatt brevet. Og vil takke for invitasjonen. Det er ingen planer for at stortingspresident reiser til Midtøsten på nåværende tidspunkt», skriv sekretariatet til Masud Gharahkhani i ein epost til Vårt Land.

Invitasjonen frå Gharahkhanis israelske kollega kom i november. Amir Ohana, president i Knesset, Israels nasjonalforsamling, ønskjer besøk av han som er Norges fremste politikar.

«Eg skriv for å invitere deg som min personlege gjest», byrjar Ohanas invitasjon til Gharahkhani. Han ønskjer å ta med seg stortingspresidenten på ei omvising i det sørlege Israel, for å vise korleis Hamas-krigarar tura fram då dei gjekk inn i Israel 7. oktober, for å vise fram konsekvensane av terrorangrepet.

Vil vise fram Hamas` herjingar

«På dette tidspunktet er det framleis mogleg å få førstehands kunnskap om den forferdelege nedslaktinga», skriv Ohana og legg til at Israel-turen vil gje Masud Gharahkhani viktig kunnskap om Hamas og deira brutale politikk.

Amir Ohana er medlem av regjeringspartiet Likud, partiet til statsminister Benjamin Netanyahu. Før han blei Knesset-president var han justisminister og tryggingsminister.

Men Masud Gharahkhani takkar nei til invitasjonen.

amir

Gharahkhani er opptatt med parlamentariske saker

Vibeke Rysst-Jensen, leiar av internasjonal avdeling på Stortinget, svarar på vegner av presidenten, i brevs form:

«Mr. Gharahkhani har bedt meg om å formidle at grunna parlamentariske saker og andre planlagde besøk dei kommande månadane, er han ikkje i stand til å reise til Israel på dette tidspunktet.»

I organisasjonen Med Israel For Fred (MIFF), som no har 13.500 medlemmer, blir dagleg leiar Conrad Myrland opprørt over stortingspresidentens manglande vilje til å vitje Israel.

– Det er veldig trist at han ikkje vil prioritere eit slikt besøk, men avvisinga føyer seg inn i eit mønster, seier han til Vårt Land.

Etter 7. oktober har Norges regjering lagt seg på ei anti-israelsk line

—  Conrad Myrland, dagleg leiar Med Israel For Fred

Ber Norge gjere som Danmark

– Kva mønster?

– Etter 7. oktober har Norges regjering lagt seg på ei anti-israelsk line, seier Myrland, som meiner Norge bør gjere som naboland i Norden. Han peikar på at toppolitikarar frå naboland har vitja Israel etter terrorangrepet i oktober.

I november vitja Danmarks utanriksminister Lars Løkke Rasmussen Israel og møte landets utanriksminister, Eli Cohen – og pårørande til fleire av gislane Hamas held i fangenskap i Gaza.

Løkke Rasmussen møtte også den palestinske statsministeren, Mohammad Shtayyeh.

Solberg takka nei til Israel-invitasjon

Ap-toppen er ikkje åleine om å takke nei til invitasjonar frå Israel.

I februar 2021, midt under koronapandemien, sende statsminister Benjamin Netanyahu ein invitasjon til Norges regjeringssjef, Erna Solberg (H).

Norge blei invitert med på eit omfattande samarbeid om utvikling og produksjon av vaksinar med Israel, i eit brev frå statsminister Netanyahu

Erna Solberg svarte nei.

«Det ble gjort en vurdering av om vi hadde mer å hente på samarbeid med Israel på det tidspunktet. Da var den helsefaglige vurderingen at det hadde vi ikke», opplyste Solberg til DN.

gåver

Kom med gåver frå israelsk busetjing

Siste besøk på statssjefsnivå, var Israels statsbesøk i Norge i 2014.

Då kom president Shimon Peres – og hylla Norge:

«Norge er en fredsskaper, en frihetens perle», sa han, og meinte Norge kunne spele ei viktig rolle i den vidare fredsprosessen med palestinarane.

Protokollen krev at gjestande statsoverhovud har med seg gåver til statssjefen. Shimon Peres plasserte produkt frå Vestbreidda på kong Haralds gåvebord.

Kongefamilien fekk hudpleieprodukt frå Ahava. Dei var produserte i Mitzpe Shalem, ei ulovleg, israelsk busetjing på Vestbreidda.

---

Israel

  • Republikk, oppretta i 1948.
  • Hovudstad: Jerusalem.
  • Folketal: 9,6 millionar.
  • Språk: hebraisk og arabisk.
  • Opplevde 7. oktober eit svært dødeleg angrep, Hamas-krigarar frå Gaza tok seg inn i Sør-Israel og drap rundt 1.200 menneske.

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter