Nyheter

Norge storhandlar ikkje våpen i Israel, nøyer seg med mindre kjøp

VÅPENHANDEL: Israel testar ut våpen i krigen mot Hamas. To nordiske Nato-land kjøper inn for milliardar. Norges forsvarsminister har ei anna haldning. Likevel handlar regjeringa litt militært materiell frå Israel.

Norge kan ikkje og vil ikkje handle våpen for store summar frå Israel, forklarar forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) til Vårt Land.

I Stortinget går Raudt endå lenger: Partiet krev «forbud mot kjøp av varer fra Israels militærindustri», i eit nyleg innlevert representantforslag. Det blir no behandla i utanriks- og forsvarskomiteen.

– Me må ramme Israel økonomisk, ikkje berre moralsk, seier stortingsrepresentant Stine Westrum (R) til Vårt Land.

Har «høg yteevne» i Gaza-krigen

12. november gjekk leiaren i Den internasjonale Røde Kors-komiteen (ICRC), Robert Mardini, ut og sa at hjelpeorganisasjonen hadde aldri sett lidingar, i Gaza, i eit slikt omfang som dei ser i haust. For lidingane som råkar dei sivile som blir fanga i krysselden mellom Hamas og Israel er urå å skildre, sa Mardini.

Same dag kunngjorde Israels forsvarsdepartement at avtalen om sal av våpen til Finland var signert:

Finland kjøper luftvernsystemet «Davids slynge», levert frå den israelske, statseigde våpenfabrikanten Rafael, for vel 3,7 milliardar kroner.

Departementet fortel at «David’s Sling» er eit av verdas leiande system» for å skyte ned fly, dronar og rakettar – og at det er i bruk i haust: «Systemet har demonstrert høg yteevne i den pågåande krigen i ei rekkje utfordrande scenario.»

Frå Helsinki kjem det sterk ros til israelskjøpet, melder Hufvudstadsbladet. Davids slynge er «mellom dei viktigaste våpenkjøpa», og er av «kritisk verdi» for Finlands forsvar, forklarar Antti Häkkänen, Finlands forsvarsminister.

amb

Finland kjøper frå dei beste

Kjøpet vekkjer oppsikt internasjonalt, og blir kritisert av Finlands Vänsterförbundet, eit parti som slektar på både SV og Raudt.

Vänsterförbundet, som sat i Finlands førre regjering, meiner våpenkjøpet indirekte fyller statskassa til eit krigførande land.

Men Finlands utanriksminister, Elina Valtonen forklarar at handelen er enkel for den borgarlege regjeringa.

– Finland har ingen doble standardar, understrekar Valtonen i eit intervju med TV-kanalen AlJazeera.

Ho forklarar at det finske forsvaret kjøper militært materiell frå dei beste leverandørane, «uavhengig av hendingar utanlands» – og at Finlands regjeringa støttar opp om EUs syn på krigen mellom Israel og Hamas i Gaza.

12. desember røysta Finland ja til FN-resolusjonen som krev våpenkvile i Gaza-krigen, og det straks.

Dette er ikke tillatt etter norsk eksportkontrollregelverk og israelske leverandører vil derfor ikke være aktuelle

—  Bjørn Arild Gram (Sp), forsvarsminister
Det norske luftvernsystemet NASAMS utviklet av Kongsberg Defence & Aerospace er etterspurt for tiden, men Norge tapte den siste femårsperioden markedsandeler som våpeneksportør. Bildet viser forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) på besøk på Kongsberg.

Regelverk hindrar gjenkjøpsavtalar

Norge er som Finland medlem i forsvarsalliansen Nato. Men forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) har ei heil anna tilnærming til våpenkjøp frå Israel enn det hans finske kollega har.

– Kunne Norge kjøpt våpen frå Israel av same type som Finland no kjøper, og som produsenten opplyser blir brukt i krigen mot Hamas?

Gram svarar Vårt Land per e-post:

«For Norge er det ikke aktuelt å kjøpe luftvern fra Israel da vi har vårt eget nasjonale system, NASAMS. En norsk anskaffelse fra Israel av tilsvarende omfang som den finske vil for øvrig utløse krav om industrielt samarbeid som innebærer salg av norsk forsvarsmateriell til Israel. Dette er ikke tillatt etter norsk eksportkontrollregelverk og israelske leverandører vil derfor ikke være aktuelle. Krav om industrielt samarbeid gjelder for kontrakter over 50 millioner kroner.»

NASAMS er eit luftvernsystem utvikla av våpenkonsernet den norske staten eig, Kongsberg. Gram annonserte i november at Forsvaret skal kjøpe NASAMS-luftvern for 12,5 milliardar kroner.

filter

Israelsk industri er underleverandør

Gjenkjøpsregimet forsvarsminister Gram omtalar skal styrkje norsk forsvarsindustri. Når Norge kjøper våpen og anna militært materiell med kontraktssummar på over 50 millionar kroner, er produsentnasjonen pliktig til å gjenkjøpe norske våpen og militært materiell for tilsvarande sum.

Fordi Stortinget har avgjort at norske våpen ikkje skal gå til land i krig eller konflikt, storhandlar ikkje Norge med Israel.

Men det er unnatak, opplyser Gram: Mindre ordrar, dei under 50 millionar:

«Israelsk industri er i en del tilfeller underleverandører til systemleverandører av materiell til Forsvaret, eksempelvis av beskyttelsesutstyr til stridsvogner, kampvogner og pansrede kjøretøyer. Kampvognene av type CV90 og kjøretøyet Iveco er for eksempel utrustet med gassbeskyttende filtre med opphav i Israel», skriv han til Vårt Land.

---

Israelske våpensal

  • Israels våpenindustri sette salsrekord i 2022 og tener stort på Ukraina-krigen.
  • Israelske våpen blir testa ut i reelle krigar, i haust i Gaza.
  • Nato-land ser svært ulikt på Israel som våpenleverandør, mange seier ja.

---

Raudt vil ha slutt på alt kjøp

Så godt som alt av militært utstyr som blir produsert i Israel blir no brukt av det israelske forsvaret (IDF) i krigen mot Hamas.

Kjøp av militært materiell, frå israelske produsentar til Forsvaret, blir avgjort på politisk nivå i Forsvarsdepartementet. Skiftande regjeringar har sagt ja til fleire «småkjøp» frå Israel. Slike kjøp ønskjer Raudt at Stortinget skal setje ein stoppar for:

– Norge kan ikkje fylle den israelske statskassa, for Israel er ei okkupantmakt som slaktar ned sivile, seier Stine Westrum, som sit i Stortingets utanriks- og forsvarskomité.

Danmark har fått kanoner frå Israel

I april blei Norges naboland i nord, Finland, forsvarsalliansen Natos 31. medlem. To månader tidlegare varsla eit anna nordisk Nato-land ein stor våpenkontrakt med Israel.

Danmark kjøper artilleri av typen Atmos og mobile rakettkastarar av typen Puls for vel 2,6 milliardar kroner. Seljar er det israelske forsvarskonsernet Elbit.

Forsvarsdepartementet opplyser at kjøpet frå Israel kjem etter at Danmark donerte større mengder splitter nytt artilleri til Ukraina, og må oppfylle viktige Nato-krav på kort varsel.

Israels Elbit kunne levere på kort varsel, og blei valt. Dei første leveransane av artillerivogner kom til Danmark i august. I presentasjonen til Elbit skriv våpenprodusenten at Atmos er «combat proven» – altså prøvd ut i krig.

DK

Brukar Jernstikket mot Hamas

Davis slynge er ikkje åleine om å bli brukt i Gaza-krigen.

16. november sende Israels forsvar (IDF) ut ei kunngjering: «Sjekk ut IDFs Iron Sting med GPS- og laserstyrt granatammunisjon.»

Etter ti år med forsking og utvikling var våpenet Jernstikk, ein svært avansert granatutskytar, klar for bruk «berre få dagar etter at krigen starta».

IDF opplyser at ei spesialavdeling i hæren no brukar det til målretta angrep mot Hamas: «Jernstikket er eigna for bruk mot stilleståande bakkemål med kjent plassering. Dette inkluderer «rakettoppskytingspostar, terrorceller i løynd, fiendtlege pansra kjøretøy».

Norge kan ikkje fylle den israelske statskassa, for Israel er ei okkupantmakt som slaktar ned sivile

—  Stine Westrum (Raudt), stortingsrepresentant

Sette salsrekord i 2022

Israels våpensmier leverer etterspurde varer. Eksporten i fjor enda på heile 12,5 milliardar dollar – eller nesten 138 milliardar kroner – opplyser Israels forsvarsdepartement. Det er salsrekord.

Salet av militært materiell, frå luftvern, dronar, rakettar til avansert kommunikasjons- og etterretningsutstyr, er dobla på under ti år.

25 prosent av våpensalet i fjor gjekk til arabiske land, som historisk har vore mellom Israels fiendar. No har fleire signert normaliseringsavtalar.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter