Nyheter

Norskfødd islending fekk Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris

FEKK PRIS: Den islandske forfattaren Rán Flygenring, som er fødd i Noreg, får Nordisk råds pris for barne- og ungdomslitteratur 2023.

Flygenring får prisen for boka si «Eldgos», som handlar om guten Kaktus som bur på Island. Kaktus er heime frå skulen og blir med mor si på jobb. Mora jobbar som reiseleiar, og eit vulkanutbrot blir sentralt i forteljinga.

– Flygenring får prisen for ei eksplosiv visuell biletbok om korleis ein vill og ukontrollerbar natur påverkar menneske. Bilete og tekst blir vovne meisterleg saman til ein leiken og humoristisk forteljing som sprudlar av kraft, skriv juryen.

36-åringen er fødd i Oslo, men er oppvaksen på Island. Ho har også studert i Oslo, og ho er både forfattar, kunstnar og illustratør.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter