Nyheter

Titusenvis demonstrerer for abortrettar i Latin-Amerika

Gatene i fleire byar i Latin-Amerika var torsdag dekt i grønt då mange tusen kvinner markerte Den internasjonale dagen for trygg og lovleg abort.

Latinamerikanske feministar har gjennom fleire tiår kjempa for å få lempa på strenge restriksjonar på abort. Nokre land, som El Salvador og Den dominikanske republikken, har likevel framleis totalforbod.

I Mexico feira demonstrantane torsdag den ferske avgjerda frå den øvste domstolen i landet om å avkriminalisere abort i heile landet. Grøn røyk dekte ei jublande forsamling av tusenvis av kvinner i hovudstaden, vinkande med grøne tørkle, som har vorte symbolet på den «grøne bølgja» av abortforkjemparar i regionen.

Mexico by var først ute i landet med avkriminalisering for 15 år sidan, og i åra etter har ei rekkje delstatar følgt etter. Argentina og Colombia gjorde det same i høvesvis 2020 og 2022, medan Cuba og Uruguay lenge har hatt fri abort.

I Buenos Aires i Argentina hadde marsjen torsdag eit meir dystert bakteppe ettersom demonstrantane fryktar at framgang for ein ytre høgre-kandidat skal setje abortrettane i fare etter valet i oktober.

Abortforkjemparar i Brasil har håp om ei endring til det positive. I dag er abort kriminalisert med unntak av tilfelle av valdtekt og viss fosteret har alvorlege skadar, men ei sak som skal opp i høgsteretten i landet, kan endre på dette.

– Den grøne bølgja kjem til å vekse vidare, og brasilianske kvinner står ikkje åleine, seier Fernanda Castro i den mexicanske organisasjonen GIRE.




(©NPK)

Les mer om mer disse temaene:

NTB Nyheter

NTB nyheter

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter