Nyheter

Ras stengde vegen til retreat-senter

STANS: Ekstremveret Hans har øydelagt vegen fram til retreat-senteret Sandom i Lom.

«En oase i et av Norges tørreste områder.»

Slik marknadsfører Sandom Retreatsenter seg på nettsidene sine. Men sist veke vart det vått for det eldste retreatsenteret i Noreg.

No melder senteret at deler av vegen er rast ut etter uvêret «Hans» sine herjingar. Senteret ligg ved Vågavatnet i Lom kommune, ved foten av Jotunheimen.

Fem gjester kom seg ikkje fram til retreaten på grunn av regnvêr. Dei sju gjestene som kom, måtte bli eit døgn ekstra. Då gjestene skulle heimatt, måtte dei la bilen stå igjen og gå til fots forbi rasstaden før dei kunne bli henta med buss.

Det opplyser Anne-Karin Apalseth, ein av leiarane på retreaten, på nettsidene til Sandom. Ho seier ho er glad ingen liv gjekk tapt. Ingen køyrde av vegen.

f

No er to retreat avlyst, men Apalseth håpar dei kan ta til igjen i starten av september. Kommunen har hatt fleire synfaringar i området og er venta å koma med ny vurdering snart.

Retreatsenteret på Sandom har røter tilbake til 1950-talet. Opphavleg var bygga eit småbruk. Låven er bygd om til gjestehus med enkeltrom og kapell. På tunet ligg Bakkehuset med matstove, peisstove, kjøkken og kontor. Retreat er knytt til stille, meditasjon og bøn.

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter