Nyheter

Finland startar bygging av grensegjerde neste år

Første fase av bygginga av eit grensegjerde mellom Finland og Russland startar på nyåret, opplyser den finske grensevakta.

Finland har Europas lengste landegrense mot Russland, 1.340 kilometer.

I oktober vart alle parti i den finske Riksdagen samde om at det er nødvendig å byggje ein barriere langs delar av grensa.

Første del av byggjeprosjektet startar i byrjinga av neste år, opplyser den finske grensevaktstyresmakta fredag. Det dreier seg om eit tre kilometer langt gjerde som skal setjast opp langs grensepasseringa ved byen Imatra søraust i landet og som skal stå klart innan neste sommar.

Gjerdet skal likevel ikkje byggjast langs heile grensa, berre på stader der det blir rekna som lett å ta seg over, til å byrje med 26 mil av den 130 mil lange grensa.

Det meste av grensa mellom Finland og Russland er i dag markert med eit ti meter breitt felt med snauhogst, og overvakinga skjer for det meste via kamera og andre tekniske innretningar.

Landet har som mange andre europeiske land innført innreiseforbod for russiske statsborgarar med turistvisum.

Les mer om mer disse temaene:

NTB Nyheter

NTB nyheter

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter