Nyheter

Miljøorganisasjonane etterlyser klimatiltak i statsbudsjettet

Poenget med klimabudsjettet er å kutte utslepp, ikkje telje utslepp, er dommen frå miljøorganisasjonane. Dei etterlyser faktiske tiltak.

– Vi treng ein plan for rettferdig omstilling, men klimabudsjettet har få nye tiltak eller detaljar, berre mykje som «blir arbeidd med», seier Naturvernforbund-leiar Truls Gulowsen.

– Det held ikkje å telje, viss ein ikkje kuttar. Dessverre manglar klimaplanen og budsjettet nye grep for å nå regjeringa sitt eige mål, seier Zero-leiar Sigrun Gjerløw Aasland.

Greenpeace Norge spør etter større endringar i oljeskatten og kutt i store oljeinvesteringar som oljefeltet Wisting.

– Det er ingen tvil om at den klamme handa til oljelobbyen pregar dette budsjettet, seier politisk rådgivar Halvard Raavand.

Dei viser også til at auke i CO2-avgifta blir vegen opp med kutt i drivstoffavgifter og vegbruksavgift.

20 milliardar i klimabudsjettet

Heller ikkje WWF Verdsnaturfondet er fornøgd.

– Samla sett gir ikkje budsjettet nok fart i omstillinga som er nødvendig for å auke tryggleiken til folk, hindre dramatiske klimaendringar og stanse tap av natur, seier assisterande generalsekretær Else Hendel.

Satsinga på energieffektivitet er heller ikkje sterk nok, meiner Hendel.

For første gong har regjeringa lagt fram eit eige klimabudsjett. Det har ei ramme på nær 20 milliardar kroner, mot 17,9 milliardar i 2022. Blant forslaga er å auke CO2-avgifta med 21 prosent, auke omsetningskravet for biodrivstoff i vegtrafikken og å innføre eit nytt omsetningskrav for ikkje-veggåande maskiner.

Meir utslepp

I 2023 kan Noreg sleppe ut 23,2 millionar tonn CO2-ekvivalentar, i samsvar med avtalen med EU.

– Med ei vidareføring av dagens politikk er utsleppa i 2023 venta å vere 23,9 millionar tonn CO2-ekvivalentar, skriv Klima- og miljødepartementet i budsjettforslaget.

Anslaga er uvisse. Ifølgje regjeringa kan dei ikkje-kvotepliktige utsleppa reduserast med opp mot 0,5 millionar tonn CO2-ekvivalentar i 2023.

– Regjeringa jobbar med ytterlegare verkemiddel og politikk som kan bidra til å redusere utsleppsgapet i 2023 med 0,2 millionar tonn CO2-ekvivalentar utover det, skriv dei.

Det største potensialet i reduksjonen av utslepp ligg i jordbruket og ved å innføre omsetningskrav for biodrivstoff for innanriks sjøfart og fiske.

(©NPK)

Les mer om mer disse temaene:

NTB Nyheter

NTB nyheter

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter