Nyheter

Nykommarparti kan ha avgjort det svenske valet

Det nye partiet Nyans kan i høg grad ha påverka det svært jamne Riksdagsvalget i Sverige.

– Har Nyans fått éin prosent av stemmene, kan det veldig godt vere forskjellen mellom eitt mandats overvekt for Magdalena Andersson eller eitt mandats overvekt for Ulf Kristersson, seier statsvitaren Sofie Blombäck ved Mittuniversitetet.

Når alle valdagsstemmene er talde opp, har nemleg dei fire partia på høgresida i svensk politikk 175 mandat, mot 174 for dei fire på venstresida. I prosenteiningar er det snakk om 0,7 prosentpoeng – 49,7 prosent mot 49 av stemmene.

Til så lenge er ikkje fordelinga mellom «andre parti» kjend på landsbasis, men dei har til saman fått 1,5 prosent av stemmene. Om Nyans utgjer ein relativt stor del av dette, kan dei i praksis ha avgjort riksdagsvalet.

Blir skulda for islamisme

Partiet blir leidd av tyrkiskætta Mikail Yüksel, som i 2018 vart kasta ut av Centerpartiet. Nyans vender seg spesielt til minoritetar i det svenske samfunnet: Dei vil gi minoritetsstatus til muslimar og svenskar av afrikansk opphav, og kjempe mot islamofobi, bustadmangel og for betre integrering. Partiet har vorte skulda for å ha ein islamistisk dagsorden.

Nyans dreiv særleg valkamp i byområde med mange innbyggjarar som er fødde utanfor Sverige. Her har Socialdemokraterna historisk sett kunna håve inn stemmer. Det er for tidleg til å kunne seie noko sikkert, men «andre parti» har fått ein stor del stemmer i valkrinsar som Rosengård i Malmö, der Socialdemokraterna har gått tilbake.

Også i Göteborg har Socialdemokraterna gått tilbake i valkrinsar der andre parti har klart seg bra, medan i Stockholm er biletet meir uklart.

Kan ha teke med seg sofaveljarar

På kommunenivå kom Nyans veldig nær eit mandat i kommunestyret i Malmö, men fall under den særsvenske kommunale sperregrensa på 3 prosent.

Statsvitaren Sofie Blombäck ved Mittuniversitetet påpeikar likevel at høgrepartia Medborgerlig samling og Alternativ för Sverige også truleg fekk relativt mange stemmer, som truleg ville gått til Moderaterna og Socialdemokraterna. Dei to partia fekk høvesvis 13.000 og 20.000 stemmer kvar i 2018.

Ho peikar også på at valkrinsane Nyans gjer det bra i, også pleier å ha låg valdeltaking, og dermed kan partiet ha teke med seg ein god del sofaveljarar.

(©NPK)

Les mer om mer disse temaene:

NTB Nyheter

NTB nyheter

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter