Misjonærkirurgen Matt (30) har sett krigen i Myanmar på nært hald

I FRONTLINJA: Matt Spreadbury reiste til Myanmar med ein kristen bistadsorganisasjon som har inspirert filmen «Rambo 4». – Det var ingen macho-stemning, me var alle redde, fortel han.

– Eg tenkte: No døyr han.

Ein dag i mars entra Matt Spreadbury eit lite, utbomba hus i jungelen i Myanmar. Det var hans første dag som misjonærkirurg i frontlinja.

I huset fann han ein hardt skada mann med blod rennande frå eit stort sår i halsen. Ute høyrde han skotveksling; den myanmarske hæren angrep like ved. Den skada mannen tilhøyrde den lokale motstandsrørsla.

Matt Spreadbury opna ryggsekken og tok ut utstyret han hadde med. Det var ikkje mykje: Ein skalpell, pinsett, nål og tråd og dosar med Ketamin, medisinen ein også bruker til å bedøva hestar med.

Tida var knapp. Som kirurg var Matt smerteleg kjend med det internasjonale medisinske omgrepet «The golden hour» – «Den gylne timen».

– Skal du berga livet til ein pasient som er kritisk skadd, så har du maks ein time til å sette i gang tiltak. Etter det aukar dødsfalla eksponentielt. Frå fronten i Myanmar til næraste sjukehus tek transporten minst halvannan time.

– Eg kjenner ei sorg over å ikkje vera der

Tilbake i Noreg strever Matt Spreadbury framleis med kjensla av dårleg tid.

I to månader jobba den norsk-britiske kirurgen som frivillig for ei kristen bistandsgruppe i Myanmar. No drøymer han om å reisa tilbake til landet som avrettar og bomber sitt eige folk.

– Eg kjenner ei sorg over å ikkje vera der. Her i Noreg har eg ein komfortabel jobb, men eg føler at eg gjer så lite her samanlikna med det eg har gjort.

Matt Spreadbury. Matthew.

Free Burma Rangers

30-åringen sit med laptopen framfor seg. Frå stovevindauget kan han sjå Bergen sentrum breia seg ut i storslått solskin. Den vesle leilegheita ligg høgt oppe, og sikrar han kort veg både til byfjellet Ulriken og til jobben på Haukeland universitetssjukehus.

Men tankane hans er ein annan stad. På skjermen viser han bilde han får frå vener og tidlegare kollegaer i Myanmar.

– Eg får bilde kvar dag av fæle ting som skjer. Eg ser nedbrente landsbyar, drepne sivile, ein 16-åring som mista beinet på ei landmine.

«Om Gud leier deg hit, er det berre å koma»

– Gå etter lyden av våpen. Gå etter lyden av nød.

Det seier David Eubank i ein TV-dokumentar om Free Burma Rangers. Dei to setningane summerer opp arbeidet til den kristne bistandsorganisasjonen.

Free Burma Rangers gjev hjelp i farlege konfliktområde, ofte tett på frontlinja. Hjelpearbeidet er fokusert i Myanmar, men gruppa har også utført oppdrag i Syria, Irak og Sudan.

Gruppa blei grunnlagt i 1997 av den amerikanske misjonærsonen David Eubank, som har bakgrunn som amerikansk spesialsoldat.

I ei scene i dokumentaren spring David Eubank uvæpna ut i ope lende for å berga ei lita jente. Jenta låg blant døde menneske som skal ha blitt skotne av ekstremistgruppa IS i Mosul i Irak. I opptaket spring Eubank ut til jenta, medan irakiske sikkerheitsstyrker skyt mot IS sine snikskyttarar. Han hentar henne tilbake til sikkerheit.

Kirurg Matt Spreadbury har sett folk blø ut på operasjonsbordet medan bombeflya drønna forbi på himmelen. Han kom til Myanmar med eit bibelord i bagasjen.

Dokumentaren gjorde stort inntrykk på Matt Spreadbury, og er grunnen til at han hamna i Myanmar.

– Eg såg folk i filmen som lever i trua på same måte som eg ønsker å gjera. Folk som reiser der det er behov for hjelp, og godtek høg risiko for å hjelpa andre.

Han skreiv ein e-post til David Eubank, fortalte han var kirurg og ville hjelpa. Eubank svara: Om Gud leier deg hit, er det berre å koma.

Drep barn med støtte frå Russland

I skuggen av Ukraina-krigen aukar dei sivile lidingane i Myanmar.

I februar 2021 greip dei militære på nytt makta i landet. Sidan då har militærjuntaen sendt folkevalde politikarar i fengsel, slått hardt ned på demokratiske protestar og eskalert konflikten med etniske minoritetar.

– Militærjuntaen har ein velutstyrt hær som drep sivile som kjempar med heimelaga våpen, fortel Matt Spreadbury.

Kirurg Matt Spreadbury har sett folk blø ut på operasjonsbordet medan bombeflya drønna forbi på himmelen. Han kom til Myanmar med eit bibelord i bagasjen.

Han jobba som frivillig kirurg i den søraustlege provinsen i Myanmar. Her kunne han sjå og høyre russiske jagarfly og helikopter bomba både sivile og militære mål.

Sidan militærkuppet i fjor har Russland styrka bandet til militærjuntaen, melder det australske nyheitsmediet The Diplomat.

Russland sender droner, jagarfly og pansra køyretøy til juntaen. Samstundes skuldar FN militærjuntaen for krigsforbrytingar og forbrytingar mot menneskeheita.

– Barn blir målretta drepne sjølv når dei rømmer for å finna dekning saman med foreldra sine, sa FN-rapportør Tom Andrews i mars i år.

Inspirerte filmen «Rambo 4»

I Myanmar har Free Burma Rangers vore viktig for å få ut dokumentasjon over krigsforbrytingar.

Rapportar og bilete frå gruppa er brukt av organisasjonar som Human Rights Watch og Amnesty, og av internasjonale nyheitsbyrå som AFP og Reuters.

Gruppa har også sett spor etter seg i Hollywood. Då Sylvester Stallone skulle laga filmen «Rambo 4», brukte han materiale frå gruppa som del av kjeldearbeidet.

– David Eubank var veldig tydeleg på at han ikkje vil ha typiske Rambo-soldatar. Han vil ha folk som kan be for og visa kjærleik til andre, fortel Ed Brown, generalsekretær i Stefanusalliansen.

Kirurg Matt Spreadbury har sett folk blø ut på operasjonsbordet medan bombeflya drønna forbi på himmelen. Han kom til Myanmar med eit bibelord i bagasjen.

Han har møtt Free Burma Rangers og grunnleggar David Eubank fleire gonger i jungelen i Myanmar. Stefausalliansen har tidlegare samarbeidd med gruppa, som Ed Brown har eit positivt inntrykk av.

– Det unike med Free Burma Rangers er at dei opererer med tillating frå dei lokale etniske gruppene. Dei forheld seg ikkje til militærjuntaen i Myanmar. Det skil dei frå store bistandsorganisasjonar, som må gå via offisielle kanalar.

Grunnleggaren David Eubank er i dag 61 år. Han bur framleis dels i Myanmar. Med seg i hjelpearbeidet har han hatt kona Karen og deira tre born, som i dag er 14, 18 og 20 år gamle.

Lyden av krig held han vaken

I Myanmar gjev Free Burma Rangers medisinsk hjelp til flyktningar og opprørssoldatar. I tillegg deler dei ut mat og driv psykososialt arbeid retta mot barn. Gruppa består av lokale og internasjonale frivillige.

Som misjonærkirurg i frontlinja prøvde Matt Spreadbury å redda livet til menneske skada i bombeangrep. Han måtte ofte gje opp.

– Mange av pasientane døydde før dei kom til oss. Dei hadde så alvorlege skadar av bomber at dei blødde ut på veg til operasjonsbenken.

Kirurg Matt Spreadbury har sett folk blø ut på operasjonsbordet medan bombeflya drønna forbi på himmelen. Han kom til Myanmar med eit bibelord i bagasjen.

Men det er ikkje bilda på netthinna som sette mest spor. Det er lyden av russiske jagarfly.

– Eg var ikkje van med lyden av krig. Dei første tre døgna sov eg ikkje. Eg låg i heilspenn og lurte på om lydar eg høyrde, kom frå jagarfly eller frå ein motorsykkel som starta. Kjem det ei bombe, har du berre tre sekund til å springa unna og få fjeset ned i bakken.

Dei rolegare dagane, eit stykke unna frontlinja, tilbrakte han i ein provisorisk klinikk. Klinikken var i verkelegheita ei bambushytte med solcellepanel på taket som gav straum til dei kirurgiske instrumenta.

Her utførte han enkle operasjonar, hjelpte barn som leid av underernæring og lærte opp lokalbefolkninga i helsearbeid.

Ein visjon med Gud

Når Vårt Land møter Matt Spreadbury i Bergen, startar han intervjuet med ei bøn. Han ber om at artikkelen skal få ut informasjon om krigshandlingane i Myanmar.

Tilfeldigheiter gjorde at 30-åringen enda opp som misjonærkirurg. Han kjem frå ein liten landsby i Sør-England med ein pub og ei kyrkje. Oppveksten var prega av uro i familien.

– Eg ville studera medisin, men følte eg ikkje eg var verdig nok. At eg ikkje ville klara det åleine.

16 år gammal gjekk han til lovsong i ei kyrkje i London. Der opplevde han eit sterkt møte med Gud, og han fekk ein visjon om å tena Gud som lege i utlandet.

Matt Spreadbury. Matthew.

Free Burma Rangers

Sidan har han ikkje kjent seg åleine.

Han tok opp fag, strauk, tok dei på nytt. Til slutt kom han inn på legestudie i Praha, der han fekk mange norske vener. Slik enda han opp som kirurg i Bergen.

Eit bibelvers i bagasjen

Matt Spreadbury har jobba som frivillig både i Myanmar, Rwanda og Sør-Sudan. Eit bibelvers har vore viktig for han når han reiser ut til farlege område: Paulus’ andre brev til Korintarane vers 5,14:

For Kristi kjærleik tvingar oss. Vi veit at éin døydde for alle, difor har dei alle døydd.

– Eg tenker på det med at Kristi kjærleik tvingar oss. Eg tenker: Ok, eg er redd. Men det eg gjer, er for kjærleik. Frykta mi forsvinn når eg forstår at eg får ta del i Guds arbeid.

Ute i jungelen i Myanmar, med hyppige bombeangrep, kjente han også på ein veldig fred.

– Det var ingen macho-stemning, me var alle redde. Når me såg andre var redde, bad me saman. Me bad frykta ut.

Meir tid til pasientar i jungelen enn i Noreg

Møtet med den lokale folkegruppa kalla karen har gjort stort inntrykk.

– Karen-folket kjenner berre krig. Samtidig er dei så milde og tenker alltid på dei rundt seg.

I jungelen møtte han den unge mannen Poh-eh frå karen-folket, som jobba som helsearbeidar for Free Burma Rangers. Poh-eh vart ein ven og inspirator.

– Han brydde seg så mykje om kvar einaste pasient. Han ville berre sitta med dei, bli kjend med dei og familien deira.

Tilbake i Noreg ser Matt Spreadbury kontrastane. På Haukeland har han ikkje tid til å sitta med pasienten i timevis for å snakka om livet.

Matt Spreadbury. Matthew.

Free Burma Rangers

– I jungelen i Myanmar hadde me så mykje meir tid til pasientane. Me mister den delen i Vesten, me behandlar berre den fysiske delen og gløymer den andelege. Men helbreding skjer ikkje berre ved å gje eit par piller.

«Den gylne timen» nærma seg slutten

I det utbomba huset ved frontlinja fekk Matt Spreadbury sjå nestekjærleik i praksis.

Etter å ha gjeve den hardt skadde mannen ein solid dose beroligande medisinar, starta han inngrepet. Det var blod overalt. Det var ingen operasjonsstove, ingen prosedyrar. Berre Matt Spreadbury og kollegaen som sende vidare utstyret frå ryggsekken.

Han fekk fjerna bombefragmentet frå halsen til mannen og stansa blødinga. Men den skadde hadde mista mykje blod. Situasjonen var alvorleg. «Den gylne timen» byrja å nærma seg slutten.

Plutseleg dukka det opp ein pose med blod. Han skjønte ingenting: Kvar kom den ifrå? Det var ikkje tid for spørsmål. Matt Spreadbury fekk sydd saman mannen og send han til næraste sjukehus, nesten 1,5 time unna fronten.

Etterpå såg han ei ung jente ligge heilt utslått på sofaen inne i huset. Ho var ein av dei lokale som jobba frivillig på helsestasjonen. Han forstod.

– Ho hadde gjeve ein heil pose blod på ein halv time. Slik berga ho livet hans.

---

Free Burma Rangers

  • Kristen bistandsgruppe, grunnlagt i 1997 av den amerikanske misjonærsonen og eks-soldaten David Eubank.
  • Gruppa gjev medisinsk hjelp og mat til flyktningar og opprørssoldatar i Myanmar. Gruppa har også utført oppdrag i Syria, Irak og Sudan.
  • Gruppa har dokumentert krigsforbrytingar i Myanmar. Rapportar og bilete frå gruppa er brukt av mellom anna Human Rights Watch, Amnesty, AFP og Reuters.

---


Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Nyheter