Nyheter

– Eg har blitt kalla bakstreversk kvar dag sidan 2014

KONSERVATIV: Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum støttar dagens abortlov, kontantstøtta og lengre foreldrepermisjon til mor.

Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum bryt ut i sin karakteristiske, trillande latter når han minnest fortrulege samtalar med Marit Arnstad. Dette var i 2016, Sp låg rundt 5 prosent på målingane.

På bakrommet lufta Vedum tankane sine til Arnstad, som er parlamentarisk leiar.

– Eg tulla mykje med henne, og likte å seia at «alt under 10 prosent er eit nederlag». Ho fekk heilt panikk og bad meg lukka igjen døra når eg sa sånt.

No treng ikkje Vedum lenger lukka døra når han skal snakka om ambisjonar. Partiet han leiar, har det siste året vore blant dei tre største på målingar. På siste måling for TV2 får Senterpartiet 17,5 prosent.

I helga samlast partiet til landsmøte på Lillehammer. I dette intervjuet lettar Vedum på sløret, der han mellom anna:

  • kallar det «spekulasjonar» at han vil gå frå regjeringsforhandlingar om SV blir invitert inn
  • forsvarar dagens abortlov
  • fortel kvifor han meiner Senterpartiet er meir konservative enn Høgre

---

Landsmøte i Senterpartiet

  • I helga samlast Senterpartiet til landsmøte på Lillehammer.
  • Partiet ligg høgt på målingar, og skal i helga vedta ein resolusjon om regjeringssamarbeid.
  • Abort, ruspolitikk og klima er nokre av tema der det er venta debatt.

---

– Det er me som sit med nøkkelen. Og me ønsker å byta ut Erna Solberg

Det første først. Måndag publiserte Dagbladet ei sak om at Vedum vil forlata regjeringsforhandlingane om SV blir invitert inn.

Avisa skriv at Sp heller vil ha ei mindretalsregjering, enn å sleppa SV til i regjeringskontora. Saka er basert på samtalar med fleire sentrale Senterparti-politikarar og rådgjevarar, men ingen er sitert med namn.

Vårt Land spør Vedum om han vil forlata forhandlingane om SV blir invitert inn.

– Eg har sett den der spekulasjonen som dukka opp. Poenget er at det me vil, er ei Sp- og Ap-basert regjering.

– Går de ut, om SV blir invitert inn?

– Det er ikkje sånn det funkar. Nokon tenker at det er sjølvsagt at Ap alltid skal definera ting. Sånn er det ikkje. Eg ser på Ap som ein likeverdig partnar. Kven som inviterer kven inn på rommet, det blir sånn… spel.

– Er det feil det som kjem fram i saka?

– Det blir laga som ein spekulasjonssak. Eg har ikkje diskutert dette på denne måten i eit einaste rom, seier han og legg til:

– I dei siste tre vala har me opplevd medlemsvekst og vore det partiet som har gått mest fram. Det er me som sit med nøkkelen. Og me ønsker å byta ut Erna Solberg.

I Klassekampen onsdag seier tre Sp-profilar at dei ikkje let døra att for SV. Temaet kan bli heitt debattert i helga, der Sp skal vedta ein resolusjon om regjeringssamarbeid.

Meiner dagens abortlov har stått seg godt i lang tid

Abort-debatt har prega landsmøtevåren, og Sp er ikkje eit unntak. Eit mindretal i Sp foreslår å utvida grensa for sjølvbestemt abort til veke 18. Sentralstyret vil bevara dagens abortlov, noko Vedum støttar.

– Dagens abortlov har stått seg godt i lang tid. Me meiner sjølvbestemt abort til veke 12 er ei god mellomløysing og ønsker ro rundt det spørsmålet.

Om Vedum ønsker ro rundt abortlova, ønsker potensielle regjeringspartnarar endring. Denne våren har Ap og SV programfesta at dei vil fjerna abortnemndene og utvida grensa til høvesvis 18 og 22 veker.

Vedum ønsker seg ein abortdebatt «med innestemme» og at endringar skal ha brei forankring.

– Skal det vera endringar i slike spørsmål, skal det ikkje vera kampvotering med knappast mogleg fleirtal. Endringar eller justeringar bør involvera også partia i opposisjon.

Han står fast på at Sp ikkje vil gå med på ei utviding av abortgrensa, men at dei ikkje stiller noko ultimatum,

– Me er ikkje eit femprosent-parti. Me treng ikkje stilla ultimatum, men me meiner det me meiner.

Støttar forslag om namneendring

Vårt Land har tidlegare omtala Kjersti Toppe sitt forslag om å døypa om abortnemndene til abortsamråd. Hennar tankar blir tekne vidare i sentralstyret sitt endringsforslag til partiprogram. Her legg dei opp til ein gjennomgang av nemndenes arbeidsmåte, rolle og namn.

Trygve Slagsvold Vedum

Vedum meiner dette sikrar stabilitet og breie samlande løysingar i eit vanskeleg etisk spørsmål.

– Målet er å dempa konflikt. Men ikkje å endra at nemnda har siste ord.

– Er Senterpartiet eit verdikonservativt parti?

– Me er konservative på den måten at me meiner monarkiet er ein god ting og tør å seia at kyrkja skal ha ein plass i det offentlege rom. Problemet med omgrepet konservativ, er at det betyr så ulike ting. Høgre kallar jo seg eit konservativt parti, men eg synest dei er ekstremt radikale, seier Vedum.

Han viser til den nye storregionen Viken som eit døme.

– Definisjonen på konservativ politikk er gradvis, kunnskapsbasert politikk. Viken var ikkje gradvis, ikkje kunnskapsbasert, det var berre endring. Det var meir sånn revolusjonær politikk.

Frå «bakstreversk» til «populist»

Også på familiepolitikk krasjar Senterpartiet med mogelege regjeringspartnarar. Vedum forsvarar kontantstøtta og forslag om å endra fordelinga av foreldrepermisjon.

– Det er ikkje alle familiar som passar inn i eit skjema. Derfor må me gje litt fleksibilitet.

Han let seg ikkje avskrekka at kontantstøtta tapar stadig oppslutning blant andre parti.

– Alle sa at kontantstøtta kom til å bli fjerna sist me sat i regjering. Så gjorde me ei endring og målretta den mot dei minste barna.

I helga tek landsmøtet stilling til to forslag som begge vil sikra at mor vil kunne ta lenger foreldrepermisjon. Arbeidarpartiet har kalla dette bakstreversk.

– Dei kan kalla det kva dei vil. Eg har blitt kalla bakstreversk kvar dag sidan 2014 av ein eller annan i norsk politikk, seier Vedum og bryt ut i ein ny latter.

– Det begynte då eg snakka om at eg var mot kommunesamanslåing og politireform. Men på eit tidspunkt merka Høgre og Frp at det var populært, så då begynte dei å kalla meg populist i staden.

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er nyhetsjournalist i Vårt Land. Hun skriver ofte om klima, landbruk, distrikt, abort, politikk, økonomi og ulikhet. I tillegg har hun skrevet flere reportasjer med tidsvitner til Norges nære historie. Hun har over 20 års erfaring som journalist, master i økonomisk historie og har skrevet en bok om barnefattigdom.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Nyheter