Nyheter

Helsetopp i Senterpartiet vil gi abortnemnda nytt namn

NYTT NAMN: Senterpartiet kan avgjera framtida til abortlova. Kjersti Toppe vil ha med partiet på å døypa abortnemnda om til «abortsamråd». Håpet er å styrka oppslutninga rundt dagens abortgrense.

– Folk likar ikkje ordet nemnd. Det er eit gamaldags og autoritært ord som manar fram eit bilde av høge, mørke menn som skal vera moralens beskyttar. Derfor er det klokt å endra namnet. I Danmark blir nemnda heller kalla «abortsamråd». Det tenker eg reflekterer dagens abortlov på ein klar måte.

Det seier Kjersti Toppe, helsepolitisk talsperson i Senterpartiet, til Vårt Land.

I starten av juni held Senterpartiet landsmøte, der det er venta abortdebatt. Eit mindretal i partiet vil skrota abortnemndene fram til veke 18.

Kjersti Toppe tilhøyrer fløya som vil halda på dagens abortlov. Ho håpar eit nytt namn og ei klargjering av nemnda si rolle, kan sikra oppslutning om dagens lov.

– Eg er i kontakt med mange veljarar som seier dei er kritiske til nemndene, men som samstundes vil behalda abortgrensa slik den er.

Ifølgje Toppe kan forslaga koma inn i partiprogrammet som skal vedtakast i juni.

Misnøye med nemndene

Dagens abortlov sikrar kvinna sjølvbestemt abort fram til veke 12. Etter dette er det abortnemnda som avgjer om kvinna kan ta abort. Nemnda skal ta avgjersla i samråd med kvinna.

– Dei siste åra har det kome fram ein del misnøye med nemndene. Nokre kvinner opplever dei som eit system der dei føler seg små, der andre skal bestemma over noko veldig viktig. Andre kvinner fortel at dei synest nemnda har fungert bra, seier Toppe.

I det siste har nemndene blitt sentralisert slik at kvinnene får lang reiseveg. Kanskje kan nemndene heller reisa ut til kvinnene?

—  Kjersti Toppe

Ho trur eit namnebyte vil kunne koma kritikarane litt i møte.

– Namnet abortsamråd gjer det meir tydeleg at det skal skje i samråd, der kvinnas totale situasjon skal vega tungt.

– Er ikkje det litt puslete med eit namnebyte, utan å endra kven som til sist bestemmer om kvinna får ta abort?

– Det stemmer at avgjersla ikkje skal ligga hjå kvinna etter veke 12 med dette forslaget. Men namnet abortsamråd signaliserer at kvinna skal bli lytta til, noko som dagens lov også presiserer. Dette er eit lovområde med to ulike omsyn, både kvinnas rett til sjølvbestemming og fosterets rett til vern. Me må koma fram til noko som balanserer dette.

Opnar for at nemndene skal reisa ut til kvinnene

I tillegg opnar Kjersti Toppe for ein gjennomgang av nemnd-systemet.

– Det kan vera rom for forbetringar. I det siste har nemndene blitt sentralisert slik at kvinnene får lang reiseveg. Kanskje kan nemndene heller reisa ut til kvinnene? Me kan også sjå på praksisen med at kvinnene blir sendt på gangen medan nemnda bestemmer seg. Det tenker eg kan endrast.

Ho seier ein gjennomgang også kan sjå på opplæring og samansetning av dei som sit i nemnda.

I dag er det to legar som sit i nemnda, minst ein av dei må vera legespesialist og arbeida på avdelinga der aborten skal gå føre seg. Ein av nemnd-medlemmene må vera kvinne.

Sp kan spela ei nøkkelrolle

Senterpartiet kan spela ei nøkkelrolle for framtida til dagens abortlov. Under landsmøtevåren har dei fem partia Venstre, Ap, MDG, SV og Raudt programfesta å heilt eller delvis skrota abortnemndene.

Arbeidarpartiet, som Sp ønsker som regjeringspartnar, vil skrota nemndene fram til veke 18.

Kjersti Toppe har spela inn forslaga om namnebyte og ei klargjering av nemndene si rolle til sentralstyret i Senterpartiet.

– Eg håper sjølvsagt at sentralstyret støttar desse forslaga, slik at dette kjem som eit endringsforslag i forslaget til partiprogram som skal opp for landsmøtet.

Eit mindretal i programkomiteen vil utvida grensa for sjølvbestemt abort fram til veke 18. Dei får støtte av nestleiar Anne Beathe Tvinnereim.

– Dei som er veldig for at retten til fri abort skal utvidast, vil nok ikkje synest forslaga eg kjem med, er nok. Men eg trur forslaga vil styrka ei forankring for dagens abortlov, seier Toppe.

Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum har førebels ikkje flagga standpunkt i abortsaka.

Høgre blir provoserte av sjølve omgrepet «abortnemnd»

Også Linda Hofstad Helleland i Høgre luftar same misnøye rundt namnet abortnemnd. Ho leiar arbeidet med nytt partiprogram som skal bli vedteke på landsmøtet til Høgre denne helga.

Partiet går inn for å bevara dagens abortlov, men Helleland seier til NTB at fleire i Høgre blir provoserte av sjølve omgrepet «abortnemnd», og som meiner møtet med legane bør vere meir likeverdig.

– Og det kan det godt vere at Høgres stortingsgruppe kjem til å diskutere i neste fireårsperiode, seier ho til NTB.

---

Abortnemnd

  • Etter veke 12 er det ei abortnemnd som avgjer om kvinna kan ta abort.
  • I dag er det to legar som sit i nemnda. Ein av dei skal vera kvinne. Minst ein av dei må vera legespesialist og arbeida på avdelinga der aborten skal gå føre seg.
  • Nemnda skal ta avgjersla i samråd med kvinna.

---



Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter