Nyheter

To grupper gjer særleg bruk av kontantstøtte: Innvandrarkvinner og «bibelbelte»-kvinner

STATLEG STØTTE: To grupper omfamnar kontantstøtta: Innvandrarkvinner og kvinner frå «bibelbeltet», Vest-Agder og Rogaland. Snart er KrF og Sp åleine om å forsvare tilbodet.

Med KrF i regjering i 1997 blei partiets gamle draum røyndom: Foreldre skulle få pengar frå staten for å vere heime med barn – og ikkje gjere bruk av barnehage.

Tilbodet blei rulla ut i 1998 – og toppåret kom i 1999. Då fekk vel 86.200 barn kontantstøtte. Sidan har talet på mottakarar gått nedover. Ordninga er stramma inn, år for år, av Stortinget. Færre barn har rett på kontantstøtte. Ved årsskiftet fekk nesten 11.000 statleg støtte.

I dag får barn mellom eitt og to år inntil 7.500 skattefrie kroner i månaden om dei ikkje er i barnehagen.

Nav-analyse

NAV har sett nærare på kva grupper som oftast tek ut maks kontantstøtta. I rapporten Hvem mottar kontantstøtte og hvordan bruker de den? melder trygdeetaten at det er hovudsakleg mødrer som tek ut kontantstøtte, og dei har to kjenneteikn:

  • Dei har låg eller ingen inntekt.
  • Dei har to eller fleire barn frå før.

Når det kjem til geografisk bakgrunn, viser Nav-undersøkinga at kontantstøtta er mest etterspurt blant mødrer som har:

  • Bakgrunn frå ikkje-vestlege land.
  • Eller bur i Agder eller Rogaland.

«Vi finner særlig at de som ikke var sysselsatt før fødsel (mottok engangsstønad) hadde mye høyere bruk av kontantstøtte enn de som var sysselsatt (mottok foreldrepenger)», skriv tre analytikarar i Nav i rapporten som kom i 2019.

Dei opplyser vidare at «det er for eksempel 19 pro­sent­po­eng fle­re som tar ut maks kon­tant­støt­te i Vest-Agder sammenlignet med Nordland».

På spørsmål frå Vårt Land opplyser Nav at bruken ikkje har endra seg sidan rapporten blei lagt fram.

Kontantstøttas sterke plass i særleg gamle Vest-Agder fylke og i Rogaland forklarar Nav med at det er «kulturforskjeller i holdninger til det å være hjemme og gi omsorg til eget barn».

---

Kontantstøtte

  • Innført under Bondevik I, rulla ut i 1998, endra mange gonger.
  • I dag får barn mellom eitt og to år inntil 7.500 skattefrie kroner i månaden om dei ikkje er i barnehagen.
  • Går mot fleirtal på Stortinget for å gjere kontantstøtta om til ventestøtte; støtte foreldre får for å vente på barnehageplass.

---

Kontantstøtte smittar

Ein studie utført ved universitetet OsloMet og Uppsala universitet underbyggjer Nav-analysen:

95 prosent av kontantstøttemottakarane er kvinner – og dei norske kvinnene kjem hovudsakleg frå distrikta og innvandrarkvinnene frå urbane strok.

– Fellestrekka til desse kvinnene er fleire. Dei har lite eller inga utdanning og dei har lite røynsle frå arbeidslivet, forklarar Lena Magnussen Turner, professor ved OsloMet, til Vårt Land.

Dei har lite eller inga utdanning og dei har lite røynsle frå arbeidslivet.

—  Dei har lite eller inga utdanning og dei har lite røynsle frå arbeidslivet

Ho fortel at for dei to hovudgruppene av kvinner utgjer kontantstøtta ei monaleg månadsløn.

Studien avdekkjer eit funn til: Viljen til å takke ja til kontantstøtte smittar.

Når ein familie i nabolaget vel statleg støtte, følgjer nabofamiliar etter. Dette gjeld både blant innvandrarkvinner og distriktskvinner i Sørvest-Norge.

Vedtok ventestøtte

På Stortinget veks motstanden mot ordninga. På landsmøtet i april vedtok Arbeidarpartiet at det vil «fjerne kontantstøtten og erstatte den med en ventestøtte for de som ikke har fått barnehageplass».

Ap peikar på ei gruppe når det skal forklare motstanden mot ordninga: ho held «særlig mødre med innvandrerbakgrunn utenfor arbeidslivet».

Senterpartiet, som ønskjer å styre Norge saman med Ap etter valet, står på staden, kvil: «Småbarnsforeldre bør ha valgfrihet til å bestemme om de ønsker å være hjemme med sine små barn. Senterpartiet vil videreføre den målrettede kontantstøtteordningen for barn mellom ett og to år», seier programkomiteen i forslaget til nytt partiprogram.

Dei to andre partia på venstresida, SV og Raudt, vil som Ap gjere kontantstøtta om til ventestøtte.

Sterk motstand

Regjeringspartiet Venstre vedtok også å avskaffe ordninga på landsmøtet i april, og forklarar det med to argument: Barnehagedekninga er no så god at støtta ikkje trengst – og det gode barnehagetilbodet gjer sitt til at begge foreldre kan arbeide.

I statsminister Erna Solbergs parti er motstandarane på offensiven. Fleirtalet i Høgres programkomité vil «fjerne kontantstøtten» og «innføre en ventestøtte til foreldre som venter på å få barnehageplass».

Mindretalet, som mellom anna tel statsrådane Henrik Asheim og Linda Hofstad Helleland samt stortingspresident Tone Wilhelmsen Trøen, vil verne kontantstøtta.

Landsmøtet no i mai avgjer stridssaka.

Frps nestleder Sylvi Listhaug i Stortinget tirsdag. Foto: Gorm Kallestad / NTB

I Framstegspartiet vil fleirtalet i programkomiteen knyte støtta til arbeid. Komiteleiar og påtroppande partileiar Sylvi Listhaug har sagt til NRK at «det er en utfordring for integreringen at du har muligheten til å få kontantstøtte».

Komitéfleirtalet foreslår difor at berre dei som har arbeidd nok til å få foreldrepengar, skal ha rett til kontantstøtte. Konkret krev dei at ein «har stått i arbeid og hatt arbeidsinntekt siste 12 måneder før barnets fødsel».

Mindretalet i programkomiteen vil avslutte kontantstøtteordninga.

Reformert ordning

På KrFs landsmøte blei kontantstøtta reformert. Vestland KrF klarte å overkjøre partileiinga og fekk fleirtal for det partiet no kallar «ein moderne vri på kontantstøtta». Foreldre skal kunne «jobbe 80 prosent med lønnskompensasjon fram til barnet er to år». Det betyr sekstimarsdag, men full løn. For med KrFs plan skal staten ta rekninga for dei 20 prosentane ein forelder er heime med barnet.

Utfallet av stortingsvalet i september kan bli at kontantstøtta blir avslutta. Men det betyr ikkje at dei kvinnene som i dag får kontantstøtte då vil velje å gå ut i arbeidslivet – og gjere bruk av barnehage, seier professor Lena Magnussen Turner ved OsloMet.

– For mange av dei manglar både utdanning og arbeidsrøynsle.

Nav-analysen viser at kvinner som var i arbeid før fødsel, i stor grad berre brukar kontantstøtta som ventestøtte; altså ein kort periode fram til barnet får plass i barnehage.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter