Nyheter

Barnevernet er overarbeida, men noko gjer at Jane har stått i jobben i 25 år

Dei har for få tilsette og for mange saker, fortel barnevernsarbeidarar i kartlegging. Likevel står Jane Hesjedal støtt i jobben. Ho ser at liv kan endrast.

Det har vore dagar kor Jane Hesjedal har vore farleg nære å byte ut meklingsmøta og rapportane med ein heilt annan jobb. I løpet av 25 år i barnevernet har ho sett mykje smertefullt.

– Nokre av sakene et deg fullstendig opp. Du blir aldri ferdig.

Ei av sakene barnevernsleiaren blir heimsøkt av, stammar frå 1996. Det var Hesjedals første møte med omsorgsovertaking, og førte til ein dragkamp der ho nærast fekk ein heil kommune imot seg.

– Å fortelje eit barn at det ikkje skal bu med mor si, er knalltøft. Eg kjenner det framleis.

Men Hesjedal opna opp, og tok med heile seg i prosessen. Ho sette seg ned, og forklarte at barnevernet ikkje flytta barnet for å vere stygge. Det var for at barnet skulle få nokon til å legge seg om kvelden, mat på bordet, følge til skulen og få bli med på det same som andre ungar.

– Over 20 år seinare ringte han meg og sa at møtet med barnevernet forandra livet hans, fortel ho som i dag er leiar for barnevernet i kommunane Gulen og Masfjorden i Vestland.

Alarmen ringer – arbeidsforholda er kritiske

Denne gløda for jobben deler Jane Hesjedal med mange tilsette i barnevernet, viser ein rapport frå VID vitenskapelige høgskole. Men på den andre sida slår kartlegginga fast fleire hårreisande arbeidstilhøve som sender pedagog etter pedagog ut av yrket:

 

Rapporten konkluderer: Det er grunn til å uroe seg for situasjonen til dei tilsette, og ein må ta grep. Kulturen må bli betre for å kunne gi forsvarlege tenestar i barnevernet.

Drivkrafta kjem innanfrå

25 år uti karrieren er Jane Hesjedal likevel overtydd om at det er her ho skal vere. Og motivasjonen sit djupt.

Ønsket om å bli barnevernspedagog kom frå ein djupt personleg stad. Ho vaks opp i ei lita bygd – ei slik der nærmast alle jobbar i hjørnesteinsbedrifta. Kulturen der førte med seg mykje alkohol, noko Hesjedal opplevde tett på seg sjølv.

– Eg tenkte: Kvifor er det ingen der ute som ser oss? Alle veit at dette får konsekvensar, men latar som ingenting, seier ho.

Det tok tid for Jane Hesjedal å reparere seg sjølv etter opplevingane i barndommen. Men 29 år gammal var ho klar for å reparere andre, og starta å studere.

– I barnevernet skal me vere kjemparane til ungane. Det kan koste mykje av og til, men det beste for barna er det viktigaste, seier pedagogen om kva som motiverte ho, då som no.

Treng fleire hender for trygge barn

Forbundsleiar Mimmi Kvisvik i Fellesorganisasjonen (FO) er tydeleg på kvar skoen trykker i dag: Mange tilsette har ansvar for så mange barn og familiar at det ikkje er mogleg å gi god nok hjelp til alle.

Fagforeininga for dei barnevernstilsette meiner tid er vesentleg for å hindre den store «turnoveren» i yrket. Ein av tre sluttar etter eitt år, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

– Me vil ha ei bemanningsnorm som seier at ein saksbehandlar ikkje skal ha ansvar for meir enn 15 barn om gongen. Regjeringa må øyremerke midlar til fleire stillingar, krev Kvisvik.

Ville få maktfolk til å vakne

Jane Hesjedal er ein slik barnevernsleiar som plasserer ein bitteliten stol på kontora til politikarane når dei skal dele ut pengar.

– Eg ville få dei til å hugse på dei små; kven dei er og kva som står på spel.

Forutan der barnevernet er statleg, er det kommunane sjølv som løyver pengar til tenestene. Det gir store skilnadar i kva den enkelte kommune treng, og korleis dei organiserer seg eller prioriterer.

Ifølgje SSB spriker løyvingane. Til dømes bruker Modalen kommune i Vestland 513 kroner per innbyggar, medan kostnaden i Hamarøy i Nordland er 10.744 kroner. Landssnittet er på 2.260 kroner per innbyggar.

Talet på stillingar får følger av dette, og Barneombudet er uroa for bemanninga. I eit innspel til Stortingets familie- og kulturkomité skriv dei:

«Barneombudet er bekymret for at barnevernsreformen kan få alvorlige følger for en svært sårbar gruppe barn om det ikke settes av øremerkede midler til nye stillinger».

Hjartet varmt og hovudet kaldt

Det kostar òg av kjensler å jobbe i barnevernet. Men Jane Hesjedal kunne aldri gjort det på nokon annan måte.

– Eg kan grine i lag med ungane – og foreldra. Det er klart eg lar meg røre av dei eg møter, og situasjonane dei er oppi. Viss ikkje gjer eg ikkje ein god jobb.

Ho har 25 års trening i balansekunsten å ikkje la kjenslene ta over.

– Det er så viktig for ungane at me er til stades. Me må tore å tåle det som er ekstra vanskeleg, seier ho.

Å jobbe i barnevernet er komplekst. Dei tilsette skal vere medmenneske, meklarar, lovtolkarar og sekretærar.

– Det er så viktig at me ikkje blir låst fast i mønster, men alltid er kreative nok til å sjå fleire sider av ei sak. Me må ikkje gå glipp av heile biletet – med ungen i sentrum, seier Jane Hesjedal.

Ho synest dei ulike grepa fram mot målet spanande. For eksempel når barnevernet har trygga ein unge til å setje ord på klumpen i magen eller soveskrekken, og i lag får til å snakke med foreldra om det. Då skjer det gjennombrot.

– Det er så spanande. Tenk på kor heldge me er! gløder Hesjedal.

Sår frø, haustar frukter

Ungdommen som ringte Jane Hesjedal og sa barnevernet hadde vore ein livreddar, har sjølv valt ein liknande yrkesveg. Spesielt éin del av telefonsamtalen har brent seg fast:

– «Det er éin ting de aldri må forandre i barnevernet, og det er namnet barnevern. Det er akkurat det det er, og kan ikkje heite noko anna», sa ungdommen, minnes Hesjedal.

Dei gongene ho får hauste av det barnevernet har sådd, gir kraft til å halde fram.

– I 1996 kunne me jo ikkje garantere at det skulle bli så bra. Men no, over 20 år seinare, kan me sjå at dei har fått det godt. Då gjer me noko riktig.

LES MEIR:

Anne Kristin Bruns si bøn til foreldre: – Søk hjelp

Då Trygve Skaug vart kalla ein hyklar, slutta han som lovsongsleiar

«Er det egoistisk av meg å forvente mer av mine foreldre?», svarer Samlivspanelet på

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter