Nyheter

Anne Kristin strevde som mor. Slik fekk ho det betre

Då firebarnsmora kjente ho ikkje meistra foreldrerolla, skamma ho seg. Men erfaringa tente ein glødande misjon i ho – at folk må våge å be om støtte.

Bilde 1 av 2

– Eg kan ikkje seie at det ikkje var flaut. For det var litt flaut. Men utan å spørje om hjelp, hadde eg ikkje vore den eg er i dag, seier Anne Kristin Bruns.

Firebarnsmora og KrF-politikaren i Stavanger ser tilbake på «det førre livet» sitt. Stemninga i heimen var stort sett raus og harmonisk. Men på dårlege dagar steig temperaturen. Det kunne bli fresing, smelling og kjefting.

No vil ho smelle høgt om noko anna. Koronakrisa kan forsterke dei dårlege sidene våre. Men ved å våge å innrømme dei, og åpne opp for innspel frå andre, kan me vekse. Både som menneske og familie, meiner Bruns.

Spelinga sto mellom mora og sonen

Ein skulle tru at Anne Kristin Bruns er ei som får til alt. Ho er barnevernspedagog, leiar i KrF i Stavanger, kommunestyrerepresentant og aktiv i IMI-kyrkja.

Men for nokre år sidan blei ho utfordra i rolla som omsorgsfull mor. I ungomsåra sat sonen timevis framfor PC-skjermen i kjellaren.

– Aggresjonen min blei veldig sterk i møte med spelinga hans. Ja, det blei for mykje gaming, men det hjelpte iallfall ikkje at eg stadig blei sintare.

– Det styrka ikkje akkurat sjølvbiletet hans når eg var så negativ til det han likte best.

Då Bruns forsto at dette ikkje handla om sonen, men henne sjølv, kunne ho begynne å reparere. Sjølv om ho skamma seg enormt, var det avgjerande å bli utfordra utanfrå.

– Først då innsåg eg kor stor del av livet hans spelinga var; alt han hadde lært, og kor mange vener han hadde over heile verda. Så kunne eg begynne å nå inn. Denne utfordrande tida har styrka forholdet mellom sonen min og meg.


Anne Kristin Bruns opplevde å bli tatt imot, og utfordra, då ho åpna seg.

Mange vegar å gå, men få tar steget

Dei gode tilboda florerer denne våren. Med mange korona-linjer ein kan ringe, burde terskelen for å lufte utfordringar vere låg.

Men Bruns trur skamma ein kan kjenne ved å ikkje strekke til, hindrar mange i å plukke opp røyret.

– Eg har snakka med fleire hjelpetenester, mellom anna i eigen kyrkjelyd, og mange har liten pågang.

– Det er krevjande tider, så det er ikkje det at folk ikkje strever, seier firebarnsmora.

Ho ber folk innstendig om å lette på trykket, både om lite og stort. Ein kan spreie dårleg stemning utan at ein er klar over det sjølv.

– Å våge å opne opp vitnar om at du er sterk, ikkje svak. Du er heller ein god enn dårleg forelder, for du gjer noko for å få det betre.

Ho trur at det å ikkje fikse foreldrerolla er noko av det såraste ein kan kjenne på. Ein vil så gjerne det beste, men som mor eller far kjenner ein på kjensler sterkare enn nokon gong.

– Kanskje ein òg blir redd for konsekvensane viss ein seier desse tinga høgt. «Kva vil folk tenkje om oss?», liksom.

Skammen har to andlet

Skal ein tru psykolog Kari Halstensen ved Modum Bad, kan skam faktisk vere ein god ting.

– Skamma er ein grensevaktar. Ho hjelper oss å ikkje trø over andres grenser, eller la andre trø over våre.

– Me er fødde til å kjenne skam, og etterkvart koplar me den kjensla til ting i kulturen og i familien som ikkje er akseptert, seier ho.

Men skamma har òg ei mørk side. Ho kan bryte ned sjølvbiletet vårt, og få oss til å kjenne oss vedilause.

– Skamma kan gjere at du dekker til dine eigne feil og manglar. Du byrjar å oppføre deg ut frå slik du trur du bør vere – men då mister du noko av kontakten med deg sjølv.

– Når du blir mindre genuin, skapar det avstand i relasjonane dine til andre, seier Halstensen.


Psykolog Kari Halstensen trur skamma ved å be om hjelp ville vore mindre om visste kor mange som kjenner på det same.

Kræsj mellom ytre og indre krav

I Menneske og maktene (1938) skreiv Olav Duun: «Skamma er vondare enn noko anna vondt». Det kan psykologen stadfeste.

– Den kjensla er så smertefull at du reagerer umiddelbart, seier Halstensen.

Ho meiner det ikkje er feil å stille krav til seg sjølv om å vere ein god forelder. Men viss skamma bryt seg inn i sjølvbiletet, og skapar ei kjensle av å ikkje nå opp, kan det gjere at du ikkje ber om hjelp når du treng det.

– Me trur ofte me er dei einaste i verda som strever for å klare krava livet stiller til oss. Me trur me ville bli møtt med avsky om andre visste korleis det eigentleg står til, seier Halstensen.

Det stemmer ofte ikkje.

Attkjenning kan sette fri

Psykologen skulle ønske ho kunne fange skamkjensla på eit glas.

– Tenk om eg kunne vist det og sagt: «Slik er det å vere menneske». Eg trur mange ville kjent seg igjen. Det trur eg kunne gjort oss alle ganske mykje friare.

Etterkvart som me veks til, dannar me oss eit bilete av korleis ein vaksen mann eller kvinne «skal vere». Det er sett saman av krav utanfrå og observasjonar me gjer sjølv, ifølgje Halstensen.

– Men det kan oppstå eit gap mellom kva du krev av deg sjølv, og kva du opplever at du får til. I den avstanden blir skamkjensla til.


Anne Kristin blei ei betre mor då ho fekk innspel utanfrå.

Kan løne seg å åpne opp – for dei fleste

Anne Kristin Bruns blei tatt imot med varme – og litt motstand – då ho torde å vise det vanskelege.

– Viss ein åpnar seg og spør, stiller jo dei fleste på dagen. Me må berre tørre å be om det, seier firebarnsmora.

Psykolog Halstensen trur at me framstår meir ekte overfor andre viss me tør å sleppe fram meir av det skammelege.

– Samstundes er det ikkje ufarleg å åpne opp. Den som får tilliten vår, kan òg gjere oss sår. Det ligg god sjølvrespekt i å stille krav til dei som får sjå inn i det me ber på, seier ho.

Skam er sjukt normalt

Etter at Anne Kristin Bruns fekk betra livet med små grep, vil ho vise at det er normalt å streve som foreldre.

– Du må ikkje gå til psykolog for å få innspel til korleis å takle deg sjølv og dei rundt deg. Ta ein telefon – til ei teneste, ein du kjenner, eller kyrkja di.

– Det er når du spør «Kan eg få ein prat med deg?» at du kan vekse som menneske, seier Bruns.

Hadde me visst korleis dei fleste andre har det, hadde skamma ved å be om hjelp vore langt mindre, trur psykolog Halstensen.

– Det er alt for mange menneske som strever åleine i det stille, med ting som eigentleg er heilt vanlege, seier ho.

LES MEIR:

«Helene sjekker inn» brukar tillit som metode

Pensjonert heimkunnskapslærar er kokk for rusmisbrukarar

Vil koronaen forandre oss? Olav Egil Aune stiller spørsmålet

---

Koronahjelp

  • Strever du med smått eller stort i denne tida, er det hjelp å få.
  • Mental Helses hjelpetelefon (og foreldresupport): 116 123
  • Kirkens SOS: 22 40 00 40
  • Frelsesarmeens hjelpetelefon: 408 00 580
  • Kors på halsen (Røde Kors, for dei under 18 år): 800 333 21

---

Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter