– Dette er særs alarmerande. Det kan vere snakk om opp mot 220.000 barn i ein sårbar situasjon, starta Ap-leiar Jonas Gahr Støre i Stortingets spørjetime onsdag.
Frå talarstolen på Stortinget løfta han historier frå Røde Kors, som blir overlessa med telefonar frå ungdommar med sjølvmordstankar, og opplever vald og einsemd.
– Når ein stenger ned alle arenaar – skule, fritid, familievernkontor – får me ei gruppe særs utsette barn. Kvar dag tel. Og kvar dag etter nedstengninga har vore sårbare dagar. Var det ein plan? spurde Støre.
Ropstad: – Ga tilbod om skuleplass
Fleire opposisjonspolitikarar frå Frp, SV og Ap stilte statsråden til veggs om ikkje å ha gjort nok for å sikre dei sårbare.
Barne- og familieministeren meiner å stenge ned samfunnet koordinert, var viktig for å sikre at kommunane heldt oppe dei viktigaste tilboda.
– Og me sa veldig tydeleg at dei utsette barna òg må få gå på skulen og i barnehagen, på same måte som dei med foreldre i samfunnskritiske funksjonar, seier Kjell Ingolf Ropstad.
Statsråden deler ikkje Støre sitt syn på at det mangla planar og tiltak overfor kommunane som skulle sikre dei svakaste.
– Me har sendt ut rettleiarar, og oppdatert undervegs. Eg har hatt god kontakt med Bufdir, og bede Fylkesmennene oppdatere om status, forklarer Ropstad.

Haldt rapport hemmeleg – opposisjonen rasar
Kort tid etter massestenginga sette barneministeren ned ei koordineringsgruppe. Her skulle fleire instansar gi eit løpande bilete av korleis dei utsette barna blei ivaretatt i koronatida.
Funna kom på regjeringas bord 20. april, og viste at tilboda til barn og unge var kraftig redusert. Smitteverntiltaka var strengare enn dei hadde trengt, noko som gjekk ut over tenestane til sårbare grupper. Først 29. april nådde opplysningane offentlegheita.
– Dette er særs alvorleg. Me mister verdifull tid kvar einaste dag, seier stortingsrepresentant Silje Heimdal (Frp).
Ho stiller spørsmål ved om ein kunne gitt viktig hjelp tidlegare dersom funna hadde vore offentlege før desse ni dagane.
– Har gått raskt
Barne- og familieministeren synest kritikken av hemmeleghaldet av rapporten er "underleg".
– Dette er heilt normal prosedyre. Det som snarare er unormalt, er kor raskt dette har gått, seier Ropstad.
– Her er det fem direktorat og fire departement å samordne. Me må kunne gå igjennom funna for å sende klare politiske signal for korleis me skal følge dette opp, seier han.
Varslar millionar til dei sårbare
Ifølgje barne- og familieministeren er ei tiltakspakke på 400 millionar kroner rett rundt hjørnet – i revidert nasjonalbudsjett.
– Me har vore veldig uroa for dei utsette ungane heile vegen. Me veit at det er mange som har det vanskeleg frå før, og denne situasjonen forsterkar det, seier Kjell Ingolf Ropstad til NRK.
Han seier krisepakka skal gå til aktivitetar i sommar og på skulen, eit betre helsetilbod til dei unge og ulike tiltak for å forhindre vald og overgrep.
– Det er på høg tid. Det er behov for ekstra midlar i barnehagar, skular, skulehelsetenesta og på fritidsarenaen for å ta vare på barn i vanskelege livssituasjonar, seier Monica Sydgård, som leier Norgesprogrammet i Redd Barna.
– Det er heilt tydeleg at smittevernet et opp viktig kapasitet. Det gjer at andre behov ikkje blir ivaretatt, seier ho.
Redd Barna berømmer dei 400 millionane som ein god start, men er usikre på om det dekker dei økte behova kommunen har no. Både smittevern og ekstra innsats for dei sårbare er naudsynt, meiner dei.
LES MEIR:
- Omstridd bioteknologi-lov: Ropstad ber Frp velte forslaget
- Veslemøy Østrem: – Eg tok feil. Eg romantiserte ei krise
- Anne Kristin strevde som mor. Slik fekk ho det betre
- Barn i krise i kø hos barnevernet
---
Fakta:
---