Nyheter

Trur foreldre vegrar seg mot å sende barn til skulen

Klasseromma skal stå opne for dei sårbare i koronakrisa. Men fagfolk er uroa for at foreldre lar vere å sende barna på skulen i frykt for stigma.

To grupper har fått skuleplass i koronakrisa så langt. Den eine er barn kor foreldra ­jobbar med noko samfunnskritisk. Den ­andre er dei med «særskilte ­behov», ifølgje Utdannings­direktoratet.

Dette todelte skiljet av elevar kan gjere at nokre foreldre held ungane tilbake, fryktar ulike fagmiljø. Barn som no sit i utrygge heimar, men hadde hatt best av å vere på skulen.

– Her trur eg ein del foreldre­ vil vegre seg. Det er sårbart å innsjå, og seie ifrå om, at ein ikkje strekk til som omsorgsperson, seier Hanne Line Wærness ved VID vitenskapelige høgskole i Sandnes.

Fleire samtalar med lærarar, barnevernspedagogar og forskarar stadfestar uroa for at barn blir haldne heime av foreldre som kvir seg for å be om ­skuleplass.

Kan ha forsterkande effekt

Wærness er både høgskulelektor og vernepleiar, og trur terskelen for å be om hjelp er låg hos foreldre med barn som allereie får spesialopplæring eller har ­andre tiltak.

Derimot er ho uroa for barna som klarer seg til vanleg, når skulen er ein trygg arena. No som den har vore stengd, kan det ha forsterka murrande situasjonar heime.

Familiane er kanskje ikkje i nokon sitt søkelys frå før. Dermed er situasjonen – og barnet – vanskeleg å få auge på.

– Foreldre som har psykiske utfordringar, kanskje i kombinasjon med rus eller arbeidsløyse, har det ekstra utfordrande no.

– Dei kan ha behov for avlastning, men skjønar at det blir eit stigma ved å sende barnet på skulen. Med det erkjenner dei at dei ikkje meistrar situasjonen, seier Wærness.

Må leite med lys og lykter

– Det er heller ikkje sikkert ein klarer å sjå at situasjonen heime er problematisk, og sjølv be om hjelp, seier Elin Saga Kjørholt hjå Barne-­ombudet.

Seniorrådgivaren viser fram forsking etter vår førre nasjonale krise, terroråtaket mot Utøya. I etterkant viste det seg at hjelpetenestene måtte oppsøke familiar direkte. Dei måtte aktivt ta kontakt – fleire gonger.

No ber Barneombudet alle ­tenestane om å samarbeide for å gi dei «usynlege» skuleplassane­ dei treng. Skular, barnehagar, sosiallærarar, barnevern og helsepersonellet til barn og vaksne må ha augene opne.

– Me må senke terskelen og fjerne stigmaet enkelte kan oppleve fordi dei har bruk for avlastning. Denne tida utfordrer oss alle, seier Kjørholt.

Firar på krava

Til vanleg skal paragraf 9A i lova sikre eit trygt skulemiljø. I denne kaotiske skulekvardag, er lova sett ut av spel.

27. april blir skuledørene slått opp for 1. til 4. klasse. Men eldre elevar, som framleis må vere heime, kan forbli usynlege.

– Me må ta nabokjerringa tilbake. Ikkje den moralistiske, men ho omsorgsfulle, seier vernepleiar Hanne Line Wærness ved VID vitenskapelige høgskole i Sandnes.

Med det meiner ho at me må opne auga og tørre å spørje. Slik kan ein avdekke behov for hjelp eller skuleplass.

– Å uroe seg for eit barn er ikkje det same som å angi foreldra. Det er betre med ti for mange bekymringar enn ei for lite, seier ho.

Kan blomstre i krisa

Men ei lågare evne til omsorg gjer ikkje mødrer og fedrar til monster. Fagkjeldene Vårt Land snakkar med passar på å understreke det.

– Eg deler uroa, men me må vere forsiktige med å framstille grupper av foreldre som ueigna til å ta vare på barna sine, seier Bjarte Gangeskar.

Han er barnevernleiar i Stad kommune, og erkjenner at korona-klemma kan svekkje kapasiteten for omsorg. Likevel vil ­Gangeskar nyansere krisestemninga.

– Eg oppfattar at skulane og barnehagane tar dette på alvor. I min kommune, iallfall, har me veldig godt samarbeid.

– Og kan det hende at ­nokre elevar no slepper vanskelege skuledagar, kor dei strever ­eller blir mobba? spør Gangeskar ­retorisk.

– Eg vil ikkje bagatellisere, men få fram nokre nyansar. Kriser treng ikkje berre vere negative.

LES MEIR:

Har Danmark opna skulane for tidleg?

Bøn til statsministeren: Snakk til barna som har det vanskeleg

Ser misbruk av smittesporings-appen

---

Fakta:

  • Alle skular skal ha eit tilbod til utsette barn og unge i koronakrisa.
  • Også barn av foreldre i samfunnskritiske funksjonar får skuleplass.
  • 27. april opnar skule og SFO for 1.-4. klasse.
  • 20. april opna barnehagane.

---

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Mer fra: Nyheter