Nyheter

Misjon med kafébord

I ei gammal trekyrkje på Bjølsen finst eit nyskapande fellesskap.

Bilde 1 av 2

«Hvem er du, Gud?» står det skrive­ i kritt utanfor Bergensgata 7 på Bjølsen i Oslo. Mellom stor barnefattigdom, unge hus­eigarar, studentar og det klassiske Arbeidar-Oslo er spørsmålet på krittavla evig aktuelt. Misjonskyrkja på Bjølsen ser iallfall med første augekast ut til å skjønne kor ho er. Samstundes står det opne og utfordrande spørsmålet i stor kontrast til kyrkjas ytre. Eg har gått forbi kyrkja her på Sagene mange gonger, og eg har tenkt at det mørke tømmeret og høge veggane utpå kyrkja ville bety eit hardt og lukka samfunn på innsida. Dei fordommane skal eg fort sjå visne under gudstenesta.

Ingen stolar på rekke

På innsida av døra møter eg blide folk som helsar velkommen. Det som kanskje ønskjer endå meir velkommen, er likevel utsjånaden i kyrkjesalen. Fargane er lyse, og på scenen er det juletrelys som glimrar. Her er det ikkje benkar eller stolar på rekke å rad. I staden er det satt opp fleire bord med stolar rundt, som i ein kafé, kor folk har byrja å setja seg for å ta ein drøs. Som i andre kafear må du henta kaffien sjølv, men her er han gratis og lett tilgjengeleg bakerst i salen.

Dette er ei ordentleg lita kyrkje­. Scenen tar opp ein tredjedel av kyrkja, og med kaféoppsettet er det ikkje plass til meir enn kring 40 menneske. Det kjenst intimt og jordnært, samstundes som at det er skummelt å vera så synleg. Spesielt for dei av oss som er van med at kyrkjebesøket er ei personleg, og ikkje så sosial, hending, er dette absolutt annleis. Samstundes er det eit friskt pust som tvinger innettervende nordmenn til å møta folk. Eg syns det er kult, og det passar godt for ei misjonskyrkje å også legga opp til misjon mellom kyrkjegjengarane.

ADVENTISTKYRKJA BETEL: Ein nesten vanleg laurdag

På starten av vaksenlivet

Når gospelkoret Safari startar gudstenesta, er alle bord fulle. Her er flest unge, kvite menneske på starten av vaksenlivet. Frå samtalane over kaféborda høyrer eg at mange er studentar. Nokre få har med seg born, som svinger seg mellom borda til musikken. Som ei typisk kyrkje for dagens unge vaksne, har misjonskyrkja dessutan smågrupper og eigne studentsamlingar kalla Touchpoint – i tillegg til den moderne musikken.

Etter gospel og informasjon, tar pastor Eirik Soldal fatt på dagens­ preike. Spørsmålet frå krittavla er temaet for ei serie med preiker framover. Soldal byrjar med å forklare korleis Gud er både Faren, Sonen og Anden med ei enkel teikning. Så tar han fatt på dagens bibelord, som er henta frå Matteusevangeliets 11,25-27, for å snakka om korleis Gud er vår Far. Men eigentleg er pastoren på veg mot noko større: korleis Bibelen skildrar Gud som både far og son, og korleis dei to rollene heng saman.

Akademisk

Med mengder av bibelvers om Faren og Sonen og barn, konkluderer preika at vår tru på Jesus gjer at Gud vert vår Far. Og i den trua skal me ha barna­ som førebilete, fordi Jesus seier at det er barnesinnet som har den reine og enkle tru som fører oss til Himmelen. Preika er på ein måte vanskeleg å oppsummera, fordi ho inneheld så mykje. Likevel er det lett å forklare kvifor eg blir så gripen av ho. Det er på mange måtar ei enkel preike å forstå fordi språket og poenget er enkelt og nedstrippa. Samstundes er det ei preike som kan fanga den akademiske kristne, fordi mange ulike bibelvers blir satt i kontekst for å forklara det store spørsmålet om kven Gud vår Far er.

Noko anna eg likar godt, er kor inkluderande preika er. ­Pastor Soldal brukar ei stund på å ­snakke om kva bilete me i salen­ kan ha av fedre. Somme har gode ­bilete, og kan nytta dei til å forstå at slik er også Gud – berre endå betre. For dei av oss som har opplevd ein streng far, eller ein far som gjer ondt mot oss, kan me tenka på Gud som den gode faren me har ønskja oss – berre endå betre. Slikt inkluderande språk likar eg, og gjer det lettare å ta med folk med eit anstrengt forhold til trua med i kyrkja. Når preika i tillegg er tilgjengeleg på nett etterpå, slik at eg både kan høyra ho igjen og dela ho med vennar, likar eg kyrkja endå meir.

VÅLERENGA BAPTISTKYRKJE: Eit lite rom med stort mangfald

Misjon

Kjernen av Misjonskirken Bjølsen er enkel, kvardagsleg og sosial. Som ein del av misjonskyrkje-nettverket er det naturleg at dei har eit aktivt forhold til å dela bodskapen om Gud. Det er lett å sjå i skiltinga utanfor og kafeborda inne, i innhaldet i preika og gjennom den moderne musikken. Dersom eg skal putta fingeren på noko eg sakna, må det vera endå meir utvendt misjon. Kyrkja legg opp til å vera inkluderande og meir low key for dei som kjem inn dørene, men eg skulle ønska at misjonsbodskapen hadde kome meir ut til folka på gata utanfor.

Er du relativt ung og ny i Oslo, og på jakt etter ei litt alternativ kyrkje kor det er lett å bli ­inkludert, kan eg varmt anbefala Misjonskirken Bjølsen. Her møter du trivelige menneske i ein uformell atmosfære, og preikene er lette å forstå. Dersom du også er kristenalibiet til vennene­ dine og gjerne skulle hatt ei kyrkje å visa dei, kan du trygt gå i misjonskyrkja på Bjølsen. For sjølv om utsida kan minna om ei mørk og alvorstung kyrkje, er innsida lys og god.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter