Eit lite rom med stort mangfald

Vålerenga baptistkyrkje treng ikkje velkomstkomité for å skapa ei kyrkje med hjarterom.

###
###

Vålerenga er, iallfall for ­mange Oslo-folk, kjernen av det ­historiske arbeidarklasse-­Oslo. Mellom dei låge trehusa og ­nesten like små ­bygardane finst eit anna historisk sus: av historie som blir skapt nå. Der, i ­Vålerenggata 2, finn du ei ­baptistkyrkje klemt inntil ein ­liten bilverkstad. Og sjølv om kyrkja er lita og bortgjøymd, er himlinga høg og mangfaldet 
stort i denne kyrkjelyden.

Nokre leikande born i søndagsklede utanfor er einaste hint om at det faktisk er guds­teneste denne varme sommardagen. Over den opne døra midt i jungelen av teglstein står det Vålerenga baptistkirke i gullbokstavar, lik så mange kyrkjebygg frikyrkjene har rundt om i landet. Innanfor døra finn eg ein tilfeldig forbifarande som peiker meg riktig veg frå gangen og inn i sjølve kyrkjerommet. I motsetnad til dei fleste andre stader eg har vore, er det ingen kyrkjevert med salmebok eller program for dagen som står i døra. Likevel, så fort eg får satt meg, er det ei som kjem for å helsa på. ­Naboane på benken eg sit på seier òg hei, og forbipasserande smiler og ­nikkar.

Det første som slår meg, er kor lita kyrkja er. Her er det kanskje plass til rundt 80 menneske. Den mørke steinen frå ytter­veggane kler også innsida, og skapar eit litt dust lys som gjer ­rommet endå mindre. Trass i nakne veggar kjenst det intimt, både på grunn av det spesielle lyset og fordi det litle rommet er nesten fullt av folk. Fremst er ei opphøgd scene med trommesett, gitar, piano og eit lite altar. Over altaret heng eit enkelt kors i tre som det einaste vitnet på at dette er Guds hus.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP