Nyheter

Ein nesten vanleg laurdag

Eldgamle tradisjonar heng som eit vakkert smykke over den blide og moderne adventistkyrkja Betel. Men mest av alt er kyrkja nesten heilt vanleg.

Bilde 1 av 4

Å gå inn døra i Akersgata 74 er ganske likt som å gå inn i ei anna livleg kyrkje på søndagar. Innover og opp trappa møter eg barn, unge, vaksne og eldre som smiler og skravlar med kvarandre. Det som er annleis, er at mitt besøk i Adventistkirken Betel er på ein laurdag. Adventistane held nemleg gudsteneste nå på dagen best kjent som sabbaten i staden for på søndagar slik det er i dei fleste andre kyrkjelydar.

Sjølv om eg kjem i god tid før gudstenesta startar kvart over elleve, har mange alt vore ein ­times tid i kyrkja. Klokka ti starta nemleg sabbatskulen. I motsetnad til i andre kyrkjer er skulen ikkje berre for dei små, men har bibelundervisning for folk i alle aldrar – og på fire språk! Det er nemleg folk frå mange ulike land i kyrkja i Betel. Det er også store­ nok etiopiske, ghanesiske og spansktalande grupper til at det finst ettermiddagsguds­tenester for desse utanom hovudgudstenesta på norsk. Alt dette, og meir til, er å lesa i brosjyra eg får i handa utanfor kyrkjesalen. Både frå den og nettsida å dømma, er informasjonsflyten sentral her i kyrkja.

VÅLERENGA BAPTISTKIRKE: Eit lite rom med stort mangfald

Dressbukser og sommar-­kjolar

Inne i kyrkjerommet opnar vakre fargar seg. Golvet er grønt, stolane raude og taket kvitt, men med trefarga struktur. Fremst ved altaret er det mørkt trepanel, og ei stor gullfarga ­lysekrone gir varmt lys. Også menneska er ­palettar med finklede i sterke fargar. Eg blir overraska over kor fint folk er kledd, både i nasjonaldrakter frå andre land, dressbukser og flotte sommarkjolar. Dersom eg kjem hit ein annan gong, skal eg nok ta på noko litt finare enn jeans og ei korterma skjorte.

Likevel kjenner eg meg ikkje utilpass. Det tek ikkje lang tid før sidekameraten min seier hallo, og så fort gudstenesta har opna med eit vakkert preludium, ­ønskjer også møteleiar Linn Helene Stølen velkommen. Enn om eg gjekk til adventistkyrkja med tanken om at dette kom til å vera ganske annleis, kjenst både rommet, menneska og gudstenesta ganske lik ut slik ho er i mange lågkyrkjelege forsamlingar.

Det er mykje musikk, i hovudsak eldre lovsong og salmar, og før bibelteksten og preika er det barnevelsigning av det nyaste tilskotet til kyrkja. Då kjem igjen den internasjonale sida av Betel godt fram. Velsigninga vert gjort på engelsk av ein av dei multikulturelt arbeidande pastorane.

GRØNLAND KIRKE: Den mangfaldige katedralen

Ambisjonar

Det er først når hovudpastor David Havstein byrjar på preika si at den meir ualminnelege sida av adventistkyrkja kjem fram. Temaet for preika er ambisjonar, i ­hovudsak ambisjonar for å følga trua på Gud. Med utgangspunkt i fleire bibelvers, blant anna om Jesu’ svar på kven som er størst av dei truande funnen i Luk 9,46-48, kjem pastor Havstein med sine tankar om korleis me kan utfolda ambisjonen vår om å tru.

Han nemner blant anna korleis adventistar plar vaska føtene til kvarandre før nattverdsmål-­tidet som eit teikn på at ein ­tener Gud. Det gjorde nemleg også ­Jesus for sine disiplar. Vidare snakkar pastoren om korleis kristne må verna om sine ikkje-kristne venner, sjølv om me ikkje trur at me vil møta dei i himmelen, fordi det er eit teikn på nestekjærleik.

Eg likar korleis Havstein refererer til mange ulike stader i ­Bibelen for å understøtta poenget sitt. For ein akademikar som meg funkar det til tider bra. Samstundes er det vanskeleg å få med seg heilskapen i preika når det er så mykje att og fram med eksempel og bibelvers, som manglar ein klar samanheng anna enn ordet ambisjonar. Det blir litt for skulert for mange, vil eg tru. Eg skulle også gjerne fått vita meir om kvifor kristne bør ha slike ambisjonar, og kva som gjer det annleis enn å berre følga boda i Bibelen.

STORSALEN: Noko nytt for gammal tru

Tradisjonstru

Etter nokre fleire salmar og velsigninga frå pastoren, er det tid for post-
ludium. Både før og etter gudstenesta spelar pianist og pastorfrue Havstein eit kort stykke på piano. Musikken gir rom for ­refleksjon, og tonane formar ­nåtidas populære lovsongar. Ho fortel ei ved side av meg at det er for å gi folk noko dei kanskje kjenner att. I tillegg til denne og tidlegare velkomstar, blir ein fort fanga opp etter gudstenesta. Me er fleire nye som blir invitert med på kafé for å delta i smågrupper og bli betre kjende med adventistkyrkja.

Betel er generelt ei velkommande kyrkje. Kanskje må ho vera det fordi ho til tider verkar ganske annleis for den søndags-kristne. Adventistane har brutt med andre kyrkjers tradisjonelle feiring av søndagen, dei har i staden møter­ på sabbaten. Dei praktiserar etereglar frå gamletestamentet og vasking av ­føtene under nattverden. Likevel er mykje likt ­andre lågkyrkjelege fellesskap, som musikken, dei vennlege folka og strukturen på gudstenesta. Kyrkja er livleg og byr på nye vennskap, og eg trur mange kan finna sin stad mellom rituala og den elles ganske uformelle kyrkja. Dersom du i tilegg manglar DAB-radio, kan kyrkja skilte med sin eigne radiokanal i Oslo-området som gjer bilturen litt betre.

Med andre ord er Betel eit alternativ for sosiale kristne som kan akseptere adventistanes teologi og praksisar.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter