Nyheter

Religiøse minoritetar ikkje trygge etter IS

Terrorgruppa IS er så godt som nedkjempa i Midtausten, men det betyr ikkje at religiøse minoritetar no kan flytte tilbake og leve i fred.

– Nokon har byrja å vende tilbake, men det er vanskeleg for alt er øydelagt. I Mosul er veldig mykje smadra, så det er vanskeleg å førestille seg korleis ein kan vende tilbake, seier Berit Thorbjørnsrud.

Ho er professor i Midtausten-studier og forskar på kristne i Midtausten. Ho trur ikkje det er så mykje å kome tilbake til, sjølv om IS ikkje lenger er ein trugsel der.

Under overflata

Terrororganisasjonen er ikkje oppløyst, men dei kontrollerer ikkje lenger store byar og store geografiske område, slik dei har gjort i tidlegare år. Difor har aktiviteten til organisasjonen gått over til å vere meir undergrunnsverksemd.

Det betyr at det i fleire område ikkje lenger er kamphandlingar. Men sjølv om det er fråver av væpna kampar, kan det likevel vere lenge til grupper som flykta kan kome tilbake dit dei flykta frå.

I områda kring byen Mosul nord i Irak, har det tradisjonelt budd fleire kristne grupper, og store delar av desse folka har flykta. Men det er ikkje sikkert at kristne kjem tilbake dit med det første, ifølge Berit Thorbjørnsrud.

LES MEIR: Krev ombod for IS-barn

Manglar tillit

Ho meiner den uvissa som rår i området etter at IS ikkje lenger er ein trugsel, gjer det vanskeleg for alle som budde der før borgarkrigen. Militsar og mindre valdelege grupper er framleis aktive i området.

Kristne minoritetsgrupper trur ikkje dei kan kome tilbake til eit fredeleg samfunn.

– Mange har nok mista tilliten til livet i Irak. Den sosiale tilliten til det pluralistiske fellesskapet dei har levd i før er undergrave gjennom herjingane som har vore der, seier Thorbjørnsrud.

– Presset mot kristne har vore aukande ganske lenge, og med dei kaotiske forholda som er der no, vil det ikkje betre seg. Det er vanskeleg for alle etter krigshandlingane, men spesielt for minoritetar, seier professor Kari Vogt.

LES MEIR: Kristne grupper meir forfølgd enn før

Ikkje berre kristne

Vogt seier at kristne er ei utsett gruppe i regionen, men det er også fleire andre religiøse og kulturelle minoritetar som er utsette i Irak.

– Dei mest utsette der no er yezidiane. Men det er òg veldig vanskeleg for kristne grupper som tradisjonelt har vore aksepterte der, seier professoren.

Situasjonen er også vanskeleg for muslimske minoritetar i området.

– Sunnimuslimar i sjiamuslimske område, og omvendt, er veldig utsette. Det har dei vore før også, men det er ikkje noko som tyder på at dei heller kan flytte heim og leve trygt, seier Vogt.

Blir verande

Det er ikkje berre veksten av IS i området som har gjort situasjonen til minoritetane vanskeleg, det er ein lang historie med religiøse konfliktar nord i Irak. Men den kristne befolkninga i Irak har blitt dramatisk redusert dei siste 15 åra.

– Det har vore ei kristen utvandring frå landet sidan USA invaderte i 2003. Då hamna dei kristne gruppene i ein skvis, og over halvparten av den kristne befolkninga har flykta ut av Irak, seier Thorbjørnsrud.

Mange flykta til Syria, men då borgarkrigen braut ut i Syria, måtte desse folkegruppene flykte igjen.

Ho trur at det er lettare å sjå føre seg at dei som har flykta blir verande i landa dei har flykta til, enn at dei reiser tilbake til regionen dei kjem frå.

– Det er sannsynleg at dei som har kome seg ut av desse områda, vil trekke med seg fleire ut. Folk som til dømes har flykta til Canada vil nok heller prøve å få med seg familie på familiegjenforeining framfor å kome tilbake, seier ho.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter